Debattinnlegg i Klassekampen 22.01.2007

Klassekampen - arrogant som UDI!

Som faste lesarar av denne avisa kanskje har lagt merke til, har det fleire gongar dei siste åra sluppe inn kritiske merknadar frå lesarar om avisa si dekking av dei såkalla utkantstrøka i Noreg (les: meir enn 10 mil frå Oslo). For eit par år sidan var det dessutan ein aksjon blant aksjonærar i avisa der ein del av dei samla seg til eit distriktsaksjelag, som stilte krav om betre distriktsdekking. Den siste tida har det kome fram ein liknande kritikk av Klassekampen si dekking av samiske spørsmål.

Om du som lesar no lurar på kva reaksjonen har vore frå redaksjonen og avisa sitt styre på dette, må eg seie at eg, som ein av dei aktive kritikarane, også lurar på det. For i avisa sine spalter er det stille som i grava frå redaksjonen og styret si side. For min del har eg heller ikkje mottatt noko direkte svar frå nokon i redaksjonen. Kva dei tenker kan vi bare gjette oss til. Vi er etter kvart ganske mange som har vore faste lesarar av Klassekampen, som reknar oss til venstresida, og som er mildt sagt skuffa både over dekkinga av det som skjer i samiske område og distrikts-Noreg generelt. Ein god del av oss har tidligare vore aktive bidragsytarar til avisa på forskjellige vis, eller kunne ha vore det om vi hadde hatt ei kjensle av at avisa tok oss på alvor.

Frå nokre av desse har eg den siste tida fått kommentarar, som eg her tillet meg å gjengi litt av:

- "Om KK, venstresida og samesaker: Den avisa er nå blitt en ny og moderne type lokalavis, og i dette tilfelle for den lille og snevre delen av befolkninga som lever sitt liv oppe i lufta over en begrensa del av Oslo, omtrent i nivå med en eller anna etasje i nærheten av et institutt på Blindern."

- "Klassekampen er no ganske samefientlig" (Mi oversetting frå samisk. SL)

- "Det er nok en arrogant og samefientlig avis. La oss boikotte den!"

Forfattaren av den siste kommentaren, som i likheit med meg har hatt bitre røynsler både med Klassekampen og UDI (Utlendingedirektoratet), samanlikna desse to institusjonane og sa at dei er like arrogante. Eg har ingen problem med å slutte meg til det. Begge avviser søkarar / bidragsytarar / kritikarar på formelt grunnlag, utan å gå inn i ein diskusjon om realitetane i sakene. Klassekampen synast å vere like allergisk mot kritikarar som UDI er mot utlendingar.

Da det for ein del år sidan blei oppretta eit uavhengig "Klassekampen-forum" på internett, bl.a. for å diskutere avisa, var redaksjonen sitt svar boikott. Da lesarar foreslo at avisa sjølv oppretta eit diskusjonsforum, var svaret i prinsippet ja, i praksis nei.

Klassekampen er den einaste dagsavisa på venstresida og har i mange år vore det viktigaste opposisjonsorganet i Noreg. På sitt beste har avisa vore eit organ for demokrati og ytringsfridom, ein stad der undertrykte, diskriminerte og oversette grupper i samfunnet kunne komme fram, ei avis som brydde seg når andre media ikkje gjorde det. Det er derfor med stor sorg at eg og mange med meg ser på avisa si degenerering til eit arrogant regjeringsorgan som ser på kritiske lesarar som plagsomme skadedyr, og som spesielt når det gjeld avvising av samiske spørsmål overgår både den førre og den noverande regjeringa.

Dersom også dette innlegget blir møtt med den same øredøvande tausheita, ser er inga anna råd enn å slutte meg til dei som har oppfordra til boikott av Klassekampen.

Svein Lund
bidragsytar i Klassekampen 1975-2006
sveilund@online.no
http://sveinlund.info


Til hovudsida.