Debattinnlegg sendt Klassekampen 30.01.2007

Ei anna avis er mogleg!

I sitt svar av 23.01. på min kritikk av Klassekampen bekreftar igjen redaktør Braanen at han, som eg skreiv, "ser på kritiske lesarar som plagsomme skadedyr".

Her som eg bur er det ikkje rekna for god tone å seie direkte at folk lyg. Eg skal derfor nøye meg med å seie at Braanen må ha ganske dårlig hukommelse og vere heller treg i oppfatninga.

Først hukommelsen:

Han viser til diskusjonen om distriktsdekkinga for nokre år sidan og påstår at eg har fått dei svara eg krevde. I eit innlegg 15.10.2002 skreiv eg:
"Den dagen eg skriv dette overtar Bjørgulv Braanen som ansvarlig redaktør i Klassekampen. Da han blei tilsett for nokre månadar sidan, kom han med ei programerklæring. Da uttalte han at det var ein del spørsmål Klassekampen enno ikkje dekka godt nok, blant dei distrikta. Han sa ingen ting om kva han hadde tenkt å gjøre for å betre distriktsdekkinga. I dei siste månadane har Braanen hatt godt høve til å vise i kva retning han ønsker å utvikle avisa. Til no har det ikkje vore noko teikn å sjå til planen for styrking av distriktsprofilen. ....
Eg vil stille eit par spørsmål til redaktør Braanen, og eg vonar han vil svare på det her i avisa. Hovudspørsmålet er ganske enkelt: Du ønsker ei betre distriktsdekking. Kva for konkrete tiltak vil du gjøre for å oppnå dette? Deretter: Kva er di meining om desse punkta frå forslaget mitt til program for distriktsaksjelaget: ...."
(Heile innlegget: http://sveilund.info/media/utfordring.htm, andre innlegg under http://sveinlund.info/media.htm.)

Braanen svarte (negativt) på programforslaget, men trass i fleire purringar har han til dags dato har han ikkje svart på hovudspørsmålet. Etter snart 5 år ventar vi framleis ventar på svaret.

Så til oppfattingsevnen:

Redaktøren meiner eg vil omdanne Klassekampen til "en avis som i første rekke prioriterer distrikts- og lokalstoff, med spesiell vekt på Finnmark og samiske spørsmål". Dersom dette hadde vore tilfelle, ville eg aldri ha fått slik positiv respons frå lesarar over heile landet, som i motsetning til redaktøren har forstått kritikken, og kjenner seg igjen i denne. Eg har faktisk ikkje vore borti nokon andre enn Braanen som ikkje har forstått kva eg meiner. I staden konstruerer han seg eit høvelig fiendebilete, for så å polemisere mot dette.

Klassekampen har støtta Attac sitt motto "Ei anna verd er mogleg". Redaktøren har personlig støtta utflytting av statlige arbeidsplassar. Når det gjeld avisa sjølv, derimot synast ingen andre prioriteringar enn dagens å vere mogleg. I staden for å seie ærlig at ein ikkje ønsker å bry seg om verken samar eller distrikta, ikkje ønsker kritikk og ikkje ønsker bidragsytarar i distrikta, dekker ein seg bak små ressursar. Til samanlikning har fleire aviser med langt større økonomiske ressursar omtrent den same snevre innretninga, mens andre som ikkje har stort meir å rutte med enn Klassekampen, klarer ei langt betre dekking. Klassekampen har også sjølv i tidligare tider klart dette langt betre, økonomien var ikkje betre da.

Braanen kallar krava mine til avisa for min "ideale fordring", eit uttrykk som sidan Henrik Ibsen har blitt brukt om ideelle, men heilt urealistiske krav. Samme Ibsen har sagt noko som høver svært godt på denne saka: "Det er viljen, som det gjelder! Viljen frigjør eller feller."

Svein Lund


Til hovudsida.