Reportasje i Klassekampen, 03.04.1986

Video med meining

Nordisk Video i Kirkenes er ein av dei få bedriftane som går godt og veks i Sør-Varanger. Å komme frå Sydvaranger og inn i lokala til Nordisk Video er å komme frå industrisamfunnet og inn i det framtidige informasjonssamfunnet, eller 3. bølge-samfunnet som nokon kallar det.

Tekst og foto: SVEIN LUND, KIRKENES (Klassekampen)

Nordisk Video har «bedriftskultur», seier dei. Vi kan ikkje anna enn tenke på ein sang i Hålogaland Teaters stykke «Vår rett vi tar», der Sydvarangerdirektør Wiull seier: «Du trenger ikke dusje når du ikke har kultur». Men Nordisk Video har altså kultur. Bedriftskultur. Derimot har dei atskillig mindre behov for å dusje etter arbeidsdagen enn Sydvarangerarbeidarane. Lyst og trivelig er det i arbeidslokala i Wiullsgate, gata er forøvrig oppkalla etter samme Sydvarangerdirektør som meinte at arbeidarane ikkje trengte dusj.

Dei hadde aksjer i bedriften alle som jobba der. Det var eit ledd i bedriftskulturen. Samtidig var dei organisert, nokre i Filmforbundet, andre i Journalistlaget, begge utafor LO, og bedriften sto ikkje i NAF, og ikkje ville dei dit heller.

Nei til monopol

Kåre Tannvik viser oss rundt i studio, redigeringsrom og kontor. Han er produksjonsleiar, og er ein av dei som starta Nordisk Video i 1982.
— Da vi starta var det ut ifrå at vi var forbanna på monopolet i produksjonen og distribusjon av levande bilete. Nokre av oss hadde laga film ei tid, men vi nådde ikkje ut over filmklubbar og «menigheta». Og filmproduksjonen var nesten til å svelte ihjel av. Med video går det atskillig bedre både å nå ut til folk og få ei lønn til å leve av. Vi tener ikkje så veldig grovt på dette, i lønn har vi omtrent som produksjonsarbeidarar på Sydvaranger. Men det viktigaste er at vi har det artig på jobb, og at vi ser ei meining med det vi gjør. >h3>Nordnorsk sjølvbilete Vi ønsker å bruke video i det nordnorske samfunnet sin tjeneste. Her er ein stor mangel på dokumentasjon av dagliglivet. Vi ønsker å gi folk her trua på det vi har av evner og naturgitte forutsetningar. Idag er Nord-Norge storeksportør av ekspertar sørover. Vi har ikkje tru på å løyse problema med virkemiddel for søringar. Det nordnorske mennesket har aldri hatt noko sjølvbilete. Her trur vi det betyr mye for folk å sjå seg sjølv og bygda på TV eller video.

— Har dei ikkje eit sjølvbilete, har heller ingen andre noko godt bilete av dei. Dette gjeld både for arbeidarar og for leiarar av småbedrifter. Her trur vi at vi kan bidra litt med slikt som ein serie program for opplæring i fiskeindustrien og med «Ledelse i fokus», som er berekna i første rekke på leiarar av mindre bedrifter. Vi vil ikkje skjære alle kapitalistar over ein kam. Det blir alt for lett satt likheitsteikn mellom Blystad-brørne og Røtvolds sveiseverkstad i Kirkenes.

Store ambisjonar

— Nordisk Video — namnet tyder på store ambisjonar?
— Ja vi vil ikkje snevre oss inn. Vi ser på heile Nordkalotten som ein marknad. Vi har samarbeida med svensk TV, og vi har laga program på norsk, finsk og samisk, det siste i samarbeid med Davvi Media i Karasjok. I løpet av året vil vi vere oppe i 20—25 tilsette, og ha fast avdelingskontor i Tromsø.

— Og de satsar ikkje bare på video?
— Nei, nå bygger vi ut med forlag og reklamebyrå og førebur oss på konferanse-TV og andre media som kjem i framtida.


Meir om Nordisk Video
Til startsida

sveilund@online.no