Reportasje i Klassekampen, 03.04.1986

Nye vegar i innvandrar-info

SVEIN LUND, KIRKENES (Klassekampen) I Finnmark og Nord-Troms er det 2-3000 finske arbeidarar. Dei fleste jobbar i fiskeindustrien, og dei aller fleste er kvinner. Dei har blitt lokka til Norge p.g.a. stor arbeisløyse i heimlandet, og fordi lønna var høgare her. Så lenge det var arbeid, vel å merke. For ofte har det vore permittering som har møtt dei, så snart sesongen var over eller fisket slo feil. Mange har forstått lite eller ingenting av språket dei fikk ordre på, og når ein trong hjelp var det ikkje bare å gjøre seg forstått overfor dei tillitsvalde heller. Finske arbeidarar har ofte blitt grovt utnytta fordi dei ikkje har fått vite om rettane sine.

For å rette litt på dette er det nå laga 4 videokassettar med informasjon til finske arbeidarar i Nord-Norge. Initiativet kjem frå fylkesmannen i Finnmark, og det er Nordisk Video i Kirkenes som har stått for produksjonen.

Finske arbeidarar står i grunnen i ei særstilling i Norge, seier Anne Mette Bjørgan i Nordisk Video. Dei er ikkje ramma av innvandringsstoppen, og kan fortsatt komme hit og ta seg arbeid om dei finn. Men samtidig har del helt andre språkproblem enn arbeidarar frå andre nordiske land. I den informasjonen som ellers er gitt til innvandrarar kjem det ikkje fram kva for eigne reglar som gjeld for innvandrarar frå nordiske land. Det er ein av dei tinga vi har forsøkt å rette på.

Programma har finsk tale, med norsk teksting, og elt teksthefte på finsk følger med. Her får ein greie på alt frå permitteringsreglane for fiskeindustrien til kor ein får lånt finske bøker og kva for rettar ungane har til å finskopplæring i barnehage og skole.

— Men dei finske arbeidarane er spreidd utover i svært mange bedrifter og kommunar. Når de fram til alle?, spør vi Anne Mette Bjørgan.
— Vi har sendt tilbod til alle finskforeningane til bedrifter og fagforeningar. Frå finskforeningane og frå arbeidskontora i Finland er det stor Interesse. Frå bedrifter og fagforeningar har vi hittil fått liten respons.


Meir om Nordisk Video
Til startsida

sveilund@online.no