Innlegg i Finnmark Dagblad 19.10.02. Også sendt andre aviser

Oppfordring til svindel!

Ope brev til:
- skatteetaten
- økokrim
- riksadvokaten
Skattelistene for 2001 viser at Kjell Inge Røkke har over 3 milliardar i formue, nesten ein tusenlapp for kvar nordmann. Trass i dette opererer han med 0 i inntekt. I år etter år tjener han ingen verdas ting, men har eit større luksusforbruk enn trulig nokon nordmann før han gjennom alle tider. Dette er sjølvsagt svindel i mangemillionars klassen og alle veit det. Likevel reagerer ikkje skatteetaten. Likevel blir denne storsvindlaren hylla som ein helt av dei fleste politikarar frå FRP til DNA, inkludert regjeringa med statsministeren i spissen, samt mesteparten av media. Dette skjer samtidig som regjeringa med overlegg tar strupetak på kommunane for å tvinge dei til å privatisere det som er igjen av offentlige tenester. Dei som får li er blant anna gamle, sjuke og skolane.
Korleis skal foreldre og lærarar i denne situasjonen kunne lære den oppveksande slekta at samfunnet skal styrast etter moralske og etiske prinsipp, at dei skal vere ærlige og betale sin skjerv til fellesskapet?
Den største samfunnsnedbrytande krafta i dagens Noreg er verken terroristar, anarkistar, kommunistar eller nynazistar (utan samanlikning for øvrig). Det er dei rikaste, som, med eller utan støtte i lova, karrar til seg ufattelige rikdommar med ei grådigheit som ingen ende vil ta, som ikkje har høgare mål enn å kunne forbruke mest mogleg sjølv og velte seg i luksus.

Kva kan vi vanlige folk gjøre mot Røkke & Co? I alle fall må vi reagere. Eg vil med dette gjøre mitt bidrag med å anmelde til politiet og riksadvokaten følgande personar:
1. Kjell Inge Røkke for skattesvindel
2. Skatteetaten ved skattedirektøren for tjenesteforsømmelse
3. Regjeringa ved Kjell Magne Bondevik for oppfordring til skattesvindel gjennom å tillate og velsigne skattesnyteriet til Røkke m.fl.
Eg krev at desse blir stilt for retten og straffa: Dersom dei ansvarlige ikkje har tenkt å gjøre noko for å få dei straffa, må dei offentlig grunngi kvifor dei ikkje vil eller kan gjøre det.
Når eg reagerer så kraftig er det både ut frå ei allmenn rettferdskjensle og ut frå at den omtala svindlaren no har blitt eineeigar av arbeidsplassen der eg har brukt 10 år av det yrkesaktive livet mitt.

Med helsing Svein Lund

______________________________________________________________

Til slutt fikk eg faktisk svar på brevet, om det kan du lese vidare her.

Til startsida

sveilund@online.no