Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 2-1976
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.
Denne artikkelen pá samisk/Dát artihkkal sámegillii

Svein Lund:

Sameungdommen vil ha arbeid i heimbygda

seier Mathis P. Sara

Kautokeino er ein av dei få kommunane i Finnmark der folketalet går opp. Men talet på arbeidsplassar går ned. Kautokeino har yrkesskole med 6 linjer, men nesten ingen arbeidsplassar for dei som går ut der.

I Norge er det mange arbeidslause for tida, fordi det er krise. Men i dei samiske områda er arbeidsløysa større enn dei fleste andre stader, og ho er konstant høg. Dette er eit av resultata av den norske imperialismen si utplyndring av Sameland. Den norske staten og kapitalen er interessert i å utnytte naturrikdommane i Sameland, men ikkje i å skaffe arbeidsplassar for folket der.

- Det er brukbart arbeid, seier Mathis. - og bra betalt - så lenge det varar. Men nå har eg jobba med bygningsarbeid i 6 sommarar og enda har eg ikkje fått arbeid over vinteren nokon gong. Helst ville eg hatt noko mekanikararbeid. Eg har gått maskin- og mek. på yrkesskolen her i Kautokeino og 1/2 års sveisekurs på vaksenopplæringa i Hammerfest, men eg har ikkje greid å få noko sånt arbeid. Det finst ikkje her. Det syns eg er for gale. Ein går jo skolar for å få sånt arbeid som ein utdannar seg til.

1/3 AV UNGDOMMEN ARBEIDSLAUS?

- Har du peiling på kor mange arbeidslause det er i Kautokeino?
- Det er ikkje få. Særlig blant ungdommen. Eg kan tenke meg at om lag 1/3 av ungdommen her går arbeidsledig. Mange har arbeid bare om sommaren.
- Har du vore på arbeidskontoret her og spurt etter jobb?
- Ja, mange gongar, og kvar gong seier dei det same: «Nei, her er ingen ting i Indre Finnmark». Det tilbodet vi får er fiskeindustrien på kysten.
- Men kvifor reiser de ikkje dit da ?
- Jo, noen gjer jo det, når dei ikkje har noko val. Men du veit, sameungdommen vil vere i heimbygda. Vi har det liksom i blodet at vi vil drive med det foreldra har drivi med. I alle fall vil vi vere i samisk miljø. Dei som reiser bort herifrå prøvar å komme tilbake om del kan. Det er slett ikkje sant at dei flyttar frivillig.

FORNORSKA

- Kor drar ungdommen når dei flyttar vekk?
- Mange herifrå har vore i Kirkenes og jobba på Sydvaranger. Mange har reist sørover. Ja, du finn dei over heile landet. Ein ser jo det at når folk reiser ut blir dei veldig fornorska. Sjøl om dei kjem tilbake etter ei lid så har dei mista mye av tradisjonen og kulturen.

FÆRRE ARBEIDSPLASSAR

- Korleis er det, har det blitt lettare eller verre å få seg arbeid i Kautokeino dei siste åra?
- Det har nok absolutt blitt verre. Omlag 100 mann blei jo sparka da Biddjovagge blei lagt ned. Det einaste som har kome igjen er eit par nye forretningar og eit bygningsfirma.

MYE KUNNE VORE GJORT

- Ka meiner du kunne gjøras for å få fleire arbeidsplassar her i Kautokeino? - Mange fleire kunne levd av jordbruk og reindrift. Det er staten sin politikk som gjør det vanskelig å utvide jordbruket. Her er nokså mange garder som er lagt ned dei siste åra. Reindrifta kunne og ha vore utvida ein del. Det byrjar å bli dårllg med sommarbeite, men myndighetene har og vore vrange. Dei vil ikkje gi løyve til nye beiteområde, sjølv om samane som søker veit at det er plass.
Og så syns eg at alt for lite av produkta frå reindrift og jordbruk blir vidareforedla her. Nå skal det jo bli nytt slakteri i Kautokeino, men det kunne vore gjort mye meir. Kvifor skal det lagas reinpølse i Harstad og joikakaker i Trondheim? Jo, her er mye som kunne vore gjort. For eksempel å starte verkstader og småindustri av forskjellig slag. Også gruvedrift, men det må ikkje gå ut over reindrifta, sånn som det har gjort i Biddjovagge. Staten og kommunen kunne gjort mye om dei ville. Eg syns myndighetene må vise meir ansvar og respekt for ungdommen. Samar må absolutt ha fortrinnsrett til arbeid i samiske område. Det burde vere sjølvsagt.

SAMISKE ARBEIDARAR FORSØMT

- Eg syns at samiske organisasjonar og aviser har gjort lite for å ta opp problema til samiske arbeidarar og arbeidslause. Dei tenker omtrent bare på reindrift og skolespørsmål, dei glømmer ungdommen som er ferdig med skolen. Samiske arbeidarar er spesielt hardt ramma av fornorskinga. Vi må ofte ta arbeid på arbeidsplassar der samane er i mindretall og alt på arbeidsplassen går på norsk. Delte gjør at det innafor industri og bygning omtrent ikkje fins faguttrykk på samisk, i motsetning til reindrifta der samisk har eit mye meir utvikla språk enn norsken. Vi må få meir samisk inn i på arbeidsplassane.
- Korleis er det med fagorganisering her?
- Her i bygda er det dårlig. Eg har ikkje organisert meg sjølv, fordi eg ikkje har fast arbeid. Og sånn er det med mange.
- Til slutt, Mathis, kva har du tenkt å gjøre til vinteren når det er slutt på muringa?
- Eg vil jo vere her om det går, men det ser jo svart ut. Kanskje eg drar til Vestlandet. Har høyrt at det skal vere arbeid å få i industrien der. Så får en bare håpe på at det blir arbeid heile vintaren, så ein ikkje treng å gå arbeidslaus. Det blir alt for kjedelig.


Til startsida

sveilund@online.no