Baksideartikkel i Klassekampen, 23.05.2001

Svein Lund:

Med to slags pass til Festung Europa

I mars gikk Noreg inn i Schengen, inn i den store passfridomen som var over før han starta. Vi som har det raude passet frå det rike og velfødde Noreg er vant med fyke ut og inn av dei fleste land i Europa utan å bli hefta meir enn nokre sekund. Men no kan ein få oppleve noko anna, særlig om ein som eg reiser i lag med ei med utaforpass.

Vi skulle frå Polen gjennom Sverige til Noreg, og trudde at Schengen for oss starta på hamna i Nynäshamn. Men nei, han starta på hamna i Gdansk. Foran meg i passkontrollen står ei dame med ei brunfarge i huda som nok heller skuldast genar enn høgfjellssol og ferie på Kanariøyane. Ein kvar vil kunne mistenke at ho i alle fall har noko av opphavet sitt eit godt stykke lenger sør. Men dama har polsk pass, og sidan eg står så nær kan eg sjå at både førenamnet og etternamnet er typisk polsk. Og språket er polsk utan framand aksent. Men når ho kjem fram til luka blir det full stopp i køen. Det sjekkast både her og der, det ringast og konfererast om det er tilrådelig å la ho slippe ombord i svenskebåten. Dama blir synlig utolmodig og fortel høgt at ho har reist om så kor mange gongar før til Sverige og aldri hatt problem. I mellomtida går køen i andre luka unna i eit heilt anna tempo. Bleikhuda polakkar, svenskar og nordmenn fyk gjennom. Mens vi på hi sida ventar. Langt om lenge får dama passet sitt tilbake og kan passere. Ka var det som skjedde? Ikkje kan eg bevise noko, men eg finn bare ei logisk forklaring: Reiarlaga som har rutebåtane inn til Schengen-landa er livredde for å frakte passasjerar som kanskje ikkje får gå i land i Festung Europa. I Polen veit grensevaktene at dei nordiske landa og Schengen forvrig har ei ekstra sterk kontroll av alle som ser "framandkulturelle" ut. Derfor veit dei og at denne dama sto i stor fare for å bli sjekka ekstra godt i Nynäshamn. Derfor er det best å sjekke godt med det samme.

Båten var langt i frå full, og ut frå tidligare røynsle rekna vi med at det skulle gå raskt å komme gjennom toll og passkontroll. Men det var før Schengen. No var hamneområdet under ombygging og vi måtte gjennom ein lang, trang provisorisk korridor, der passkontrollen var i motsatt ende. Da dei første kom fram til passkontrollen var det full stopp. Ka var det som skjedde? Tida gikk og ingen kom forbi. Etter kvart gikk ryktet bakover i køen: Dei har brot på datasambandet til Schengen. Ein halvtimes tid gikk og folk byrja å bli utolmodige. Framme i enden kunne vi sjå skilta som skilte mellom "EU og nordiske borgarar" på eine sida og alle andre på andre sida. Men fremste del av korridoren var fullpakka av polakkar og anna utaforfolk. Lengre bak var det derimot ei rekke utolmodige svenskar, som ville fram til luka for dei priviligerte. Sjølv sto eg midt i vegen og var ein av dei som kom til å sperre for dei utolmodige. - Av vegen, vi skal fram! Ikkje tale om om eg rikka meg. Det var ille nok at utaforfolket blei behandla slik om ikkje innaforfolket skulle få bryte dei andre til sides og presse seg fram med sine lass av plastnett med spritkvotar og koffertar med smuglarvarer. Tilsist måtte vi gi tapt for presset, men dei fikk med seg nokre skjellsord der dei pressa seg fram kjøkkenvegen inn i Festung Europa.
Langt om lenge kom det til litt framdrift også i køen for oss som sto igjen. Kvar og ein med utaforpass måtte vente til Schengenregisteret var kontakta. Så var det spørsmål om dette og hint og ka i all verda dei skulle i Sverige å gjøre. Sjølv sto eg bak og venta da reisekameraten min kom fram til luka med sitt polske pass. Dei var i full gang med å forhøre ho om ho no verkelig hadde nok pengar med til at ho kunne få slippe inn. Da seier ho: - Eg reiser i lag med mannen min. Og eg løfta opp det raude norske passet for å vise kem eg var.
Ja, vel, da så. - Välkommen til Sverige och trevlig resa.
Eg skal seie vi kjente oss velkomne! Og toget til Stockholm var gått.

_______________________________________________

Dette er første artikkel i ein serie på to. Gå til andre del.

Tidligare artiklar om grenser i Europa:
Det nye jernteppet
Det nye jernteppet - del 2

Til startsida

sveilund@online.no