Baksideartikkel i Klassekampen 25. mai 2001

Dette er andre artikkel i ein serie på to. Gå til første del.

Det KAN bli verre enn NSB!

På kaia i Nynäshamn står vi to reisande på veg frå Polen til Finnmark. Ventetida for Schengensjekking har gjort at toget til Stockholm har gått frå oss. Men Schengen er nok ikkje einaste hindringa for å reise i "det grenselause Europa". For i tråd med EU-politikken har Sverige privatisert jernbanen. Ei rekke selskap har overtatt forskjellige jernbanestrekningar og overmåla SJ sitt gamle materiell.

Klok av skade og med bitre røynsler frå fulle tog og manglande service i Sverige, ville vi tinge billettar til påsketoget i god tid. Polske reisebyrå solgte ikkje svenske togbillettar. Men no i tida er alt så lett, no gjør ein alt på internett. På www.sj.se kan ein skrive kor ein vil reise frå og til og så kjem det opp avgangstider og prisar og alt. I prinsippet. Men Nynäshamn - Kiruna ga ingen reaksjon. Så fann eg eit telefonnummer til SJ. Vel er det dyrt å ringe Polen - Sverige, men her var det ikkje billigare råd å finne.

- Nei, SJ kjører ikkje til Kiruna lenger. Det gjør Tågkompaniet. Dei har nummer:.... . Det dei glømte å seie var at dette nummeret ikkje var mogleg å ringe frå utlandet. Men kanskje Tågkompaniet og var på internett. Etter lengre søking og World Wide Waiting kunne eg lese at joda, dei hadde tog frå Stockholm til Kiruna. Så eg maila og bestilte og fikk til svar at ettersom det no var under 21 dagar igjen, kunne vi ikkje få billettane tilsendt til utlandet. Så eg måtte ringe Stockholm og bestille der.

Ny telefon. Frå Nynäshamn kunne vi ikkje få billettar, for Nynäshamn - Stockholm kjørte framleis SJ. Men vi kunne bestille Stockholm-Kiruna. Men billettane måtte vi hente i Stockholm minst 1 ½ time før avgang. Da blei bestillingar som ikkje var henta stroke automatisk. Og det gikk på data, så det kunne dei ikkje gjøre noko med, förståss.

Tidsplanen sa at om alt var i rute kunne det gå. Da hadde vi altså ikkje rekna med Schengen. Så da vi kom til Stockholm var det bare vel ein time igjen. Men kor skulle vi kjøpe billettar? Der var visst billettluka. Trekke kølapp og 5 minutt, 10 minutt, endelig.

- Nei, til Kiruna, det kunne vi ikkje kjøpe der, dei hadde bare SJ-billettar. Vi måtte på Tågkompaniet på andre sida av trafikkhallen.

Tida nærma seg faretrugande togavgang. Endelig finn vi Tågkompaniet. Men ein gong skal ein ha flaks og, for denne dagen virka ikkje automatikken, så bestillinga vår var ikkje stroke likevel. Og like etter sat vi og rista oss nordover i ei av dei utrangerte vognene som Sveriges Järnvägar hadde klart å kvitte seg med i privatiseringa.

Etter eit par veker i nord er tida inne for å tenke på rutetider og billettar sørover. Denne gongen skal ferda gå til Oslo. Før i tida var det ei enkel sak. Ein bestilte billett hos SJ i Kiruna, satte seg på toget der, skifta i Hallsberg og dagen etter var ein i Oslo. Alt med SJ på ein billett. Men det var før det og ikkje no.

Telefon til Tågkompaniet.

- Nei, ettersom det er mindre enn 21 dagar, kan dei ikkje sende billetten til utlandet. Så når du ikkje har adresse i Sverige...

- Om vi ikkje kan få billetten ut i Kiruna?

- Nei, for stasjonen i Kiruna blir dreve av eit reisebyrå og dei vil bare levere ut billettar som er bestilt gjennom dei. Men du kan ringe reisebyrået, och trevlig resa.

På reisebyrået får vi faktisk kjøpt billett Kiruna - Oslo. Eller rettare billettar. Først er det Kiruna-Boden, så Boden-Hallsberg, begge Tågkompaniet. Så Hallsberg - Karlstad med SJ, deretter Karlstad - Charlottenberg med Värmlandstrafiken. Der skiftar vi til norsk buss som kjører til Kongsvinger og ny buss til Oslo.

Sveriges Järnvägar var aldri berømt verken for kvalitet eller service. Kem som hadde trudd det kunne bli så ille at ein skulle lengte tilbake til "gode gamle" SJ? I Noreg blir NSB dreve slik at ingen skal sakne dei når Noreg snart følger Sverige og EU-direktiva og privatiserer jernbanen. Trudde du at det ikkje kan bli verre enn NSB? Ta ein togtur tvers gjennom Sverige. Men start billettbestillinga nokre månadar i forvegen. Trevlig resa!

Svein Lund

_______________________________________
Til startsida

sveilund@online.no