Sámegillii

Dobbeltkronikk i Min Áigi, januar 1999

Skrive og omsett frå samisk av Svein Lund

Interreg Sápmi - EU si gåve til samane?

Om du besøker Samerådet i Ohcejohka (Utsjoki) eller Samisk Institutt i Guovdageaidnu (Kautokeino) ser du plakatar på dørene som har EU-flagg og svensk tekst: «Här pågår ett EU-projekt.» Slik viser dei at dei har fått pengar frå EU-programmet Interreg Sápmi. Viser ikkje det at EU er bra for samene?

Første del av kronikk

Lesarar av samiske aviser og sameradioen sine lyttarar har kanskje lest og hørt at det og det prosjektet har fått støtte gjennom Interreg Sápmi, men det har vore svært liten informasjon om kva no dette Interreg er. Det er ikkje noko som folk her i Sápmi har funne på. I heile EU og mellom EU og nabolanda er det slike Interreg-område og dette er igjen ein del av EU sin regionpolitikk.

Interreg Sápmi

Interreg Sápmi er eit delprogram under Interreg Nordkalotten, der Noreg, Sverige og Finland sine nordligaste fylke og len deltar. I tillegg er også Vesterbotten len med i programmet Interreg Sápmi. EU finansierer deler av utgiftene til Sverige og Finland, mens Noreg betaler alt sjølv.

Interreg Sápmi har eige sekretariat, som er ved det svenske sametinget i Kiruna, og ei eiga vedtaksgruppe som dei tre sametinga har oppnemd. Vedtaksgruppa avgjør kva ein skal bruke EU-pengane og dei norske statlige Interreg-pengane til. Programmet har i perioden 1996-99 omlag 30 mill. SEK til samisk næringsutvikling og 10 mill SEK til kulturutvikling. Blant dei som får slik støtte, kan ein nemne:

Næringsprosjekt:
• Nettverk for mediafirma
• Sáráhkka-Sápmi mot år 2000
• Næringsutvikling i Tanadalen
• Teori og metodikk i duodji
• Møteplass for samiske bedrifter
• Grenselaus samisk turisme

Kulturprosjekt:
• Samisk filmutdanning
• Les samiske bøker (Samerådet)
• Tverrfaglig teatersymposium
• Seminar om samisk kultur (Samerådet)
• Samiske rettar (Uppsala universitet)
• Lulesamisk bibliotek

Det er ein ganske kronglate veg for å få støtte. Før ein kan søke om EU-pengar, må ein først få pengar frå staten, fylke eller andre kjelder. Kvar sakt treng minst 4 søknadar og 5 vedtak. Resultatet av dette byråkratiet er at når 2/3 av tidsperioden er gått, er det ikkje brukt meir enn 1/5 av næringsmidlene.

Interreg Åarjel Samien

Også sørsamiske område har eit Interreg-program, som kallast for Interreg Åarjel Samien. Dette er igjen ein del av programmet «Interreg Nordens gröna belte», som gjeld Trøndelag og Jämtland. Programmet har til saman omlag 20 mill. kr i perioden 1996-99.
Blant prosjekta deira er: Gaaltije - Sørsamisk kultursenter og Hotel Nastie.

Del av eit stort system

Interreg er regionar som EU har laga for å opprette samarbeid både internt i EU og over dei ytre grensene. Slik er både Noreg og Russland med i nokre regionar. I Norden er det tilsaman omlag eit tital Interregområde, i tillegg til dei områda som har særskilte samiske program, er det enno to område som gjeld samiske område: Interreg Barents (Nordkalotten, Murmansk og Arkangelsk-området) og Interreg Kvarken & Midtskandia (Helgeland og Vesterbotten). Kvarken / Midt-Skandia-programmet legg vekt på turisme og kultuvra, og kven turismen er for forstår vi når vi les at «Kulturprojekten skal helst ha en turistisk anknytning». Alle grenseområde i heile EU er med i eit eller anna Interregområde, og tilsaman blei det i perioden 1994-99 gitt omlag 30 miliardar kr til Interreg-program.

Fellesskapsinitiativ

Men Interreg er igjen bare eitt av EU sine 13 felles program, dei såkalla «Community initiatives» eller på norsk fellesskapsinitiativ. Blant dei er bl.a. fiskeriprogra, støtte til franske, spanske og portugisiske koloniar og støtte til område som har stor arbeidsløyse på grunn av industrinedleggingar.

EU avgjør

Men fellesskapsinitiativa er igjen bare ein del av EU sin region- og strukturpolitikk. EU gir ganske mye pengar rett til EU sine regionar, men samtidig nektar dei medlemsstatane å gi næringsstøtte, da dette kan påverke konkurransen. Etter EØS-avtalen gjeld desse reglane også for Noreg, derfor fikk ikkje den norske staten støtte Rena kartong som nylig gikk konkurs. EU ønsker å styre frå Brussel kva slags støtte som skal bli gitt og Eu si makt til å bestemme er større enn EU si pengestøtte. Nordbotten og Vesterbotten len har eige kontor i Brussel. Kontorsjefen, Peter Jörgensen, har uttalt om EU-prosjekta: «EU:s del i många av de här projekten är marginell, men är det så att du inte har fått godkännande av dem här nere så blir de inte genomförda ändå.» (Norrbottens-Kuriren 12/5 1998).

Tvang til å reklamere

Eg fortalte i starten at store plakatar kunngjør at eit prosjekt er eit «EU-prosjekt». Men om vi undersøker saka nærare, så finn vi at EU ikkje har finansiert meir enn ein firedel av desse prosjekta. Kvifor finst det ikkje noko plakat som fortel at «Her er eit prosjekt som Nordisk råd har finansiert » eller «Til dette arbeidet har Sametinget gitt pengar» ? Er det slik at dei som arbeider der er så store EU-tilhengarar at dei ønsker å vise det til alle? Slett ikkje, årsaka er at om ein skal få aldri så lite pengar frå EU, så krev dei også slik reklame. «Jämtland Länsstyrelse har gitt ut eit informasjonsblad, , EU-Forum, der dei fortel om EU-fond.

"Nu har det kommit raka besked om hur projekt som får stöd av EU ska skyltas. Den som ansvarar för projektet ska se till at allmennheten får veta att EU delfinansierar det.
....
* Texten "Europeiska Unionen" ska alltid finnas i anslutning till flaggan. Dessuton ska det anges vilken fond projektet fått stöd ur. Bara om flera fonder bidragit till samma projekt får det generella ordet "strukturfonder" användas.
* På titelsidan i broschyrer och foldrar ska det tydligt anges att EU bidragit.
* Om en nationell eller regional logotyp används ska också EU-logotypen finnas med.
* När trycksaken innehåller förord bör det signeras av den ansvarige personen i landet och av en ledamot i kommissionen, så at EUs deltagande framgår tydligt.
* Använd dekaler och klistermärken för att uppmärksamma allmänheten på att en produktion får stöd från EU.
* Använd affischer för att visa att en utbildning eller sysselsättningsåtgärd får stöd från EU.
* Investeringar i infrastruktur ska förses med stora skyltar under byggtiden. Den del av skylten som reserveras för EU ska uppta minst 25 prosent av skyltens yta, bära EU-logotypen och texten: Detta projekt delfinansieras av Europeiska Unionen, . Bokstäverna ska vara minst lika stora som de bokstäver som anger nationellt deltagande. Sex månader efter byggslut ska skyltar tas bort och ersättas med en permanent sponsorplakett."

Andre del av kronikk

Er EU bra for samane, fordi det er dårlig for nordmennene? Kan samane bruke EU mot nasjonalstatane? Eller er det slik at EU har byrja å styre det samiske samarbeidet?

EU har fire strukturfond (Regionfond, Sosialfond, Landbruksfond og Fiskerifond) og til saman tar dei ein tredel av EU budsjettet. Fonda brukast etter 6 mål. Eit av dei er kalla mål 6, dette kom til da Sverige og Finland gikk inn i EU. Mål 6 gjeld område der det bur lite folk og alle samiske område i Sverige og Finland er med i dette områdets.

Det 6. målområdet har igjen eit eige samisk program. I Sverige er 2/3 av pengane reservert reindrift, og elles er målet å støtte samiskspråklig IT-bruk, informasjon om samisk kultur, utnytting av tradisjonell samisk kunnskap og motivere samisk ungdom til å ta høgare utdanning. For perioden 1995-97 ga EU 9 mil. kr. i Sverige til desse formåla.

Kven betaler?

Det er mye snakk om EU-pengar, men kor kjem dei frå? Vi har vist at til norsk side kjem det ikkje eit øre frå EU, da det er den norske staten som betaler sin del av samarbeidet. På finsk og svensk side betaler EU vanligvis 1/3 eller halvparten av utgiftene som går til såkalla EU-prosjekt. Men Finland og Sverige må først betale til EU, før dei får noko tilbake. I Sverige har medlem av EU-parlamentet Sören Wibe rekna ut at Sverige i tida 1995-97 har betalt 27 500 000 000 kroner meir enn landet har fått. Dette gjeld ikkje bare statskassa, men også kommuneøkonomoen. Wibe fann ut at bare 38 kommunar har fått meir enn dei har betalt. I samiske område synest Arjeplog å vere einaste kommune i nokonlunde balanse, alle andre kommunar har betalt meir enn dei har fått. Kiruna kommunen har tapt om lag 100 millionar. I Finland er det ikkje like ille, men Finland betaler også meir enn dei får. Om Noreg hadde vore medlem er det klart at landet måtte betalt myr meir enn det hadde fått tilbake.

Nord - Sverige i EU

I Norrbotten auka folketalet i perioden 1990-94 áigodagas, men frå Sverige blei EU-medlem i 1995, har folketalet gått ned med 6700. I år 1997 var det 22 700 arbeidsplassar mindre enn i 1990. No er det nesten igjen jordbruk igjen i mål 6 - orådet, og bøndene som sluttar skuldar på EU-reglane, for EU har reglar som er så venskelig at det er nesten umogleg å følge dei. Frå 1.1.99 forsvinn, etter krav frå EU, den reduserte arbeidsgivaravgifta som dei "tradisjonelle næringane" har hatt. Det synast ikkje å vere mye hjelp i at ein kan gi særlig støtte til avsidesliggande staer, når det einaste som veks der er turistbedrifter, skianlegg og golfbanar. I samband med EU-medlemskapen er også konsesjonslovane liberaliseret slik at utanlandske mineralselskap har fått «mute» store område i svensk Sápmi.

Politiske verknadar av regionpolitikken

Både opprettinga av regionråd og økonomiske støtteprogram har hatt som formål å svekke nasjonalstatane slik at det sentrale EU-apparatet blir styrka, og på den måten gjøre EU til verdas sterkaste stat. Regionane som trur at dei får sjølvstyre er på den måten med å styrke oppbygginga av ei økonomisk og politisk supermakt.

«EU ønsker helst, at folk skal ha direkte kontakt med Bryssel, og gå utanom eige regjering og riksdag. EU styrker regionane sitt strev for sjølvstende etter den gamle kjente måten med å kløyve og herske. Alt dreier seg om det at nasjonane skal knekkast og EU bli eigen stat, som blir styrt frå Brussel og Frankfurt.» (Birgitta Hambräus, riksdagsrepr, Cp, Sverige).

Og denne taktikken ser ut å lukkast:

I Wales -

I Wales er det ei nasjonal rørsle som ønsker å styrke walisisk språk og krev indre sjølvstyre. Men det er få som ønsker å avvikle EU-meldemskapen, for dei kan bruke EU mot den engelske regjeringa. EU sin regionalpolitikk har gjort det mogleg å starte språkutviklingstiltak som London-regjeringa ikkje ville ha støtta. Liknande historier kan ein høre rundt om i Europa.

I tillegg til økonomisk støtte frå EU er det to viktige institusjonar i den samanheng: Regionrådet (Rådgivande organ som har representantar for dei forskjellige regionane) ja Kontoret for mindre brukte språk (European Bureau of Lesser Used Languages).

- og på Nordkalotten

No har EU sin regiontaktikk nådd Nordkalotten - og synast å lukkast godt. Interreg bind offentlige institusjonar og private bedrifter til EU-systemet. Når media fortel om Interregprosjeakt, så oppfattar folk det slik at EU støttar utkantstrøka. Dei er ikkje like ivrige til å sette EU-merkelappen på det når ein bedrift må legge ned på grunn av EU sitt regelverk.

Blant nordnorske fylkespolitikarar har Interreg fungert som hjelpemiddel til å snu EU-motstanden. Nordisk samarbeid har blitt ein funksjon under EU. Det ser vi av korleis Nordkalottkomiteene sjølv skreiv på Nordkalottkonferansen sist haust:

«Nordkalottkomiteen er eit politiske samarbeidsorgan mellom dei 5 nordligaste fylka og Norrbotten og Lappi len. NKK fikk av EU-landa Sverige og Finland ansvar for å lage programmet Interreg Nordkalotten. Arbeidet med Interreg Nordkalotten blir NKK sitt største arbeid fram mot år 2000.»

I folkerøystingane synast det å ha vore stort fleirtall mot EU blant samane i alle tre landa. Men no knyttar EU sine samiske program sametinga, dei samiske organisasjonane, politikarane, kulturarbeidarane og byråkratane til EU-systemet. Det synest allereie å vere ein snunad i haldning til EU i nokre samiske miljø. Dei som har arbeida i samiske organisasjonar har ofte fått arbeid med Interregprosjekt.

I Sverige har det vore svært lite samarbeid mellom samiske og svenske organisasjonar og lite solidaritet mellom dei. Derfor kan vi der finne slike skremmande synspunkt som dette på det svenske Sametinget sine internett-sider, som det som Nils Gustav Labba har skrive i stykket «Tankar om samisk framtid i EU»:

«Det som er bra for Sverige er dårlig for samane. Kanskje dette og gjeld den andre vegen. Nemlig at det som er dårlig for Sverige er bra for samane. Vi lir ikkje med EU-motstandarane, men kjenner argumenta:
- Det svenske språket er truga
- næringane blir utarma
- kunnskap og dugleik forsvinn frå området
- det svenske parlamentet sin innverknad blir redusert
- avstanden til makta blir større
Argumenta er kjente, fordi det er dei same trugsmålsbileta som vi har. Ikkje i forhold til Brussel, men heller i forhold til den svenske nasjonalstaten. Trugsmål som alltid har vore over oss, og minna oss om kva minoritetsstode vi er i. No lir svenskane på same viset. Det er ikkje lett å synest synd på dei.»


Til startsida

sveilund@online.no