Debattinnlegg sendt Klassekampen 16.07.2009, refusert 22.07.2009, grunngitt bare med standard grunngiving: "Klassekampen får svært mange innlegg i løpet av en dag og må derfor prioritere hardt mellom disse. På bakgrunn av dette må jeg dessverre takke nei til innlegget ditt, men send gjerne flere bidrag ved en senere anledning."

Det store SViket - og det lille

Overskrifta er ikkje ein feil som retteprogrammet skulle ha retta opp. Det er ei konstantering av situasjonen etter nesten 4 år med "raudgrøn" regjering.

05.03.2005 skreiv eg eit innlegg i Klassekampen under tittelen "Nei til ny regjering". . Der skreiv eg: "Opposisjonen på venstresida i norsk politikk er no i ferd med å begå kollektivt sjølvmord, gjennom å gjøre det til det viktigaste politiske spørsmål i Noreg i 2005 kem som skal sitte på taburettane i regjeringsbygget og regjere på storkapitalens og EU sin nåde." (http://sveinlund.info/diverse/regjering.htm)

Vi kan no dessverre konstantere at det var nettopp det som skjedde. Politikken har verken blitt raud eller grøn. Framleis er norsk politikk krig i Afghanistan, støtte til dei rike mot dei fattige landa i IMF, WTO, svelging av alle EU-direktiv. Oljefondet støttar framleis dei verste multinasjonale bandittselskapa. Miljøpolitikken ser vi som fakkelskandalen på Melkøya, seismikkskyting i Lofoten, oljeutvinning frå Goliat. Skolepolitikken er å gjennomføre NHO sitt "Kunnskapsløft(e)". Arbeidsfolk skal få dårligare pensjon. Eksempla kunne fylle ei heil avis.

Det aller meste av denne folkefientlige politikken har fått SV sine røyster i regjering og storting. I nokre få tilfelle har dei med Stoltenberg sitt velvillige løyve reservert seg, når dei først hadde sikra seg at dette ikkje ville få nokon konsekvensar, verken for gjennomføringa av saka eller sine eigne taburettar.

Klassekampen har vore flink til å trekke fram eksempel på SV sitt svik i konkrete saker. Likevel synest avisa å tvihalde på at "raudgrønt" trass alt er bedre enn det blåbrune alternativet og at Stoltenberg på mirakuløst vis blei venstreside frå den dag han fann det taktisk lurt å eliminere SV ved å ta partiet inn i regjeringa. Avisa har blitt ein meister i å servere klare fakta - utan å ta konsekvensen av dei.

Røynslene frå SV og SP sitt knefall i regjeringa er at posisjonar endrar politikarane meir enn politikken. I tillegg virkar posisjonar for venstrepartia til å passivisere den utanomparlamentariske opposisjonen, fordi deltakinga i regjering og parlamentariske organ blir hovudsaka.

Eg skreiv vidare i 2005: "Stortingsvalet 2005 kan bli svært avgjørande for den politiske situasjonen i Noreg. Ikkje fordi vi får ein ny politikk, men fordi dagens venstreopposisjon innafor dei framtidige regjeringspartia bind seg opp til å støtte ein politikk som bare er minimalt betre enn den som blir ført i dag. ... Den nye DNA+ -regjeringa vil derfor vere eit historisk nederlag for venstreopposisjonen i Noreg. og bane veg for FrP-regjering frå 2009. Når no også RV har slutta seg til dei som ønsker ei slik regjering er det ikkje mindre enn tragisk." Det siste bygde eg på landsmøtevedtaket til RV i 2005: "RV slåss for en ny politisk kurs, og vil bidra til at regjeringa Bondevik kastes, og dermed erstattes av ei regjering av Ap, Sv og Sp."

Dette viser at RV/Raudt heller ikkje har vore noko konsekvent alternativ, men at partiet har stått på at regjeringa er "litt vår", som ein leiande representant for partiet uttrykte det.

Konklusjonen min frå 2005 er like aktuell i dag: "Kva er så alternativet? Først og fremst utanomparlamentarisk kamp for å påverke dei beslutningane som regjering og storting tar."

Dengang blei det ingen debatt etter innlegget mitt. Vonar det går bedre denne gongen.

Svein Lund


Til hovudsida.