Sámegillii

Minneord sendt Klassekampen 06.04.2009. Avisa har nekta å ta inn det nest siste avsnittet om kritikken hans av Klassekampen.

Ole-Gunnar Leirvaag til minne

Søndag gikk eg og tenkte på at eg skulle ta ein telefon til Ole-Gunnar, for å diskutere kva vi burde gjøre med ei sak vi begge var opptatt av. Men før eg kom så langt, lyste sjokket mot meg frå dataskjermen: «Ole-Gunnar Leirvaag har gått bort». Det er ikkje til å forstå, men når ein ser kor mange som allereie har lagt ut sine minneord på nettet, må ein dessverre tru det. Da ser ein og kor utrulig mange vi er som saknar han og kor mye han betydde for mange.

Ole-Gunnar gjorde ein stor innsats både som lærar og som politiske aktivist gjennom mange år. Han engasjerte seg i ei rekke organisasjonar og saker, og eg har ikkje oversikt over alle, så dette blir bare eit glimt ut frå dei sakene eg har kunna følge med på.

Eg blei kjent med Ole-Gunnar på 1980-talet, da han arbeida ved Samisk videregående skole i Karasjok. Til Karasjok kom han som norsklærar, han lærte seg snart samisk og skreiv ei lærebok i norsk ut frå samisk. Han hadde sjølv samisk bakgrunn frå Steigen i Nordland, og da Sametinget blei oppretta ville han melde seg inn i samemanntalet. Men i første omgang fikk han avslag, da han ikkje kunne levere bevis for at hans avdøde bestefar hadde samisk som morsmål! Først etter at han flytta til Rana, blei han godkjent i samemanntalet, og der blei han og leiar for den lokale sameforeninga.

Så lenge eg har kjent Ole-Gunnar var han aktiv i politisk arbeid på venstresida, i RV og AKP, seinare Raudt. Her hadde han ei rekke verv, blant anna var han ei tid leiar for Finnmark RV. I Rana var han i fleire periodar medlem av kommunestyret, og blei kjent som den einaste som sto imot da Rana kommune rota bort pengane sine i det som seinare blei kjent som Terra-skandalen.

Blant alle saker Ole-Gunnar engasjerte seg i var RV/Raudt og samepolitikken blant dei fremste. Ikkje minst arbeida han utrøttelig for at RV skulle ta samepolitikken på alvor og at heile partiet skulle engasjere seg for samiske rettar. Så tidlig som i 1988 uttalte han til Klassekampen: «I RV og AKP er det lite forståing for samiske spørsmål. ... RV har ofte vore med på å usynliggjøre det samiske. Det må vi nå få ein slutt på. Bl.a. må vi få fram at fiskeripolitikk og ressursvern ikkje bare er ei «norsk» sak, men og eit samisk spørsmål, eit vere eller ikkje vere for den samiske busettinga i kyst- og fjordstrøka.» Dette engasjementet førte til at han 20 år seinare blei vald inn i landsstyret i Raudt med ansvar for samepolitiske saker. Her hadde han ein stor del av æra for at samepolitikk igjen har blitt eit viktig tema for Raudt.

Når eg skriv dette minneordet i Klassekampen, kan eg heller ikkje unngå å nemne at han engasjerte seg sterkt for at Klassekampen skulle skrive om samepolitiske spørsmål.

Vi er mange som saknar Ole-Gunnar. Det beste minnesmerket vi kan gi han er å føre vidare det arbeidet han satte igang.


Til hovudsida.