Debattinnlegg sendt Klassekampen 07.03.2011.

Kvakksalveri eller kunnskap?

Klassekampen 02.03.2011 har gitt høgrepolitikaren Erik Lundesgaard to heile sider til å avvise "alternativ medisin". I denne sekken puttar han alt frå Märtha Louises engleskole til akupunktur, kiropraktikk, urtemedisin, massasje, homøopati, sjølv om noko av det meir må reknast til "alternativ psykologi" eller "alternativ religion" enn "alternativ medisin", mens andre av metodane han avviser er anerkjente delar av skolemedisinen i mange land. Han stemplar alt det "alternative" som uten effekt og går mot all informasjon og forsking på andre behandlingsformer enn skolemedisin i svært snever forstand.

Over heile verda og til alle tider har folk lært seg metodar for å behandle sjukdommar og lidingar. Det kunne vere medisin og kosttilskot frå planter eller dyr, det kunne vere direkte inngrep i menneskekroppen som årelating, operasjonar og amputasjonar. Nokre folk spesialiserte seg på dette, og overførte kunnskapen frå generasjon til generasjon. Den dag i dag står slike for ein stor del av den medisinske behandlinga i verda.

I nokre land har medisinsk vitskap bygd på og tatt opp i seg tradisjonelle behandlingsmetodar. I Kina er akupunktur og moxabrenning fullt aksepterte og integrerte delar av offisiell medisin, og urtemedisin har vore ein viktig del i utdanninga for legar og farmasøytar i Polen. Vi siterer her frå ei bok redigert at to medisinske professorar og utgitt av eit offisielt medisinsk forlag i Polen:
"Blant nesten 20000 plantearter som er kjent som legande i forskjellige land i verda, er bare ein mindre del nøyaktig undersøkt og dei kjemiske og farmakologiske eigenskapane kjende. Til no er det omlag 2000 planteartar som er innført i offisielle medisinlister. Av dette kan ein slutte at den enorme rikdomen i naturen enno skjuler mange løyndomar, og effekten av oppdaginga av dei vil bringe nye naturlige legemiddel."[1] Men slik forsking ønsker ikkje Lundesgaard. Slik er han enno meir innsnevra enn legemiddelindustrien, som ranar til seg patentar på urgamal folkelig kunnskap.

I Noreg har legane i stor grad motarbeida andre former for medisinsk behandling. Tidligare hadde dei gjennom kvakksalverlova eit juridisk vern for dette monopolet, men det har no byrja å slå sprekkar. Da er det at Lundesgaard forsøker å stable monopolet på beina igjen.

Lundesgaard skriv: "Det alternative er et tegn i tiden. I Storbritannia har eksempelvis prinsesse Martha Louises slektning prins Charles gjort seg til talsmann for blant annet akupunktur og urtemedisin." No er vi vanligvis ikkje forsvararar av kongehus, men her synest faktisk prinsen å ha eit godt poeng. Ei kjerne i Lundesgaards politikk finn ein i denne setninga:
"Det alternative bør møtes sunn skepsis, fordi mye av det alternative bryter med grunnverdiene i det vestlige samfunnet, nemlig fornuft- og vitenskapstroen". Det finst altså to system for helsearbeid: Det vitskapsbaserte og det alternative, og det finst eitt vestlig samfunn, som er basert på ei tru på fornuft og vitskap, da tydeligvis i motsetning til det ikkje-vestlige, som ikkje er basert på fornuft og vitskap.

Denne tankegangen er ikkje bare eurosentrisk, han avviser også store delar av medisinske tradisjonen og kunnskapen innafor Europa. Det er ein farlig tankegang, fordi han avviser den kunnskapen som ikkje passar inn i ein snever "vestlig" modell, der helsearbeid er monopol for legestanden og legemiddelindustrien.

Basia Głowacka og Svein Lund


[1] Jadwiga Nartowska: Fitoterapia - początki i przysłość. I: Rola Immunomodulatorów Pochodzenia Naturalnego w Zapobieganiu i Leczeniu Chorób. Medyk. Warszawa 2003 (Vår omsetjing frå polsk)


Til hovudsida.