Debattinnlegg sendt fleire aviser, 29.07.2011, prenta i Finnmark Dagblad 02.08.2011.
Etter mi meining er det farlig å isolere dette til psykiatrisk spørsmål, slik bl.a. forsvarsadvokaten har gjort. Det er å bagatellisere og bortforklare at det dreier seg om ei bevisst ideologisk handling. Mordaren er ikkje eit isolert tilfelle, men del av eit politiske miljø som framleis eksisterer. Spesielt med denne saka er at ho er usedvanlig klart politisk motivert. Motivet er ønsket om eit reint, kvitt Noreg, der alle har den samme kulturen, det samme språket, den samme religionen. Fienden blir dermed alle som har ein avvikande kultur, eller som støttar andre sin rett til å ha det. Han omtaler dei som "kulturmarxister", som han definerer som "individer som støtter multikulturalisme: sosialister, kollektivister, «politiske korrekte» typer, feminister, og aktivister for homofile, utviklingshemmede og dyrerettigheter etc." Vi er altså svært mange som hører til fienden. Ut frå påstanden om at muslimar er i ferd med å overta Europa, er resten av tankegangen skremmande logisk, dette må stoppast og hensikten helliger midlet.
Desse ideane er utvikla i eit politisk miljø, der reindyrking av det eine rette og fordømming av alle andre er det ideologiske grunnlaget. Det er lett å sjå at dette er nært beslekta med nazismen i både tysk og norsk utgåve. Men retninga som mordaren bekjenner seg til har i motsetning til nazismen ikkje jødane, men muslimane som fiende. Sionismen og Israel blir derimot sett på som ein alliert, ikkje bare fordi dei er mot muslimar og arabarar, men fordi sionismen bygger på den samme ideologien om etnisk reinsking. Den gamle nazismen og erklærte nynazistiske parti er i dag stort sett utgått på dato. Det kan ha gjort både politikarar, forskarar og overvakingspoliti blinde for den fascismen som no har utvikla seg med muslimane som den erklærte hovudfienden, men som vil ramme alle som hører til eller kjempar for grupper med låg status i samfunnet.
Desse tankane er reindyrka av grupper som enno er forholdsvis små. Men tankane blir i meir utvatna form spreidde av langt meir "stovereine" organisasjonar, parti og miljø. Det er ikkje tilfeldig kva for parti mordaren har vore medlem av, sjølv om partileiaren sjølvsagt blir hysterisk når nokon påpeikar samanhengen med at partiet over lengre tid har forsøkt å gjøre innvandrarar, muslimar, finnmarkingar, trygda, samar osv. til syndebukkar for alle samfunnsproblem. Men også innafor andre parti og miljø kan vi finne desse tankane i forskjellige former.
I media har det vore hevda at slike tankar står svakt i Nord-Noreg. Da har ein sett seg blind på den varianten av fascismen som mordaren står for, og ikkje sett at her også er sterke straumar av einsretting og intoleranse. Nord-Noreg har ein lang tradisjon av kulturell einsretting gjennom fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. I mellomkrigstida var det "den finske fare" som skulle truge den norske kulturen, i dag er det samane og sameaktivistane som utgjør trusselbildet. For korsfararane for det reine norske spelar samane i nord mye av samme rolla som muslimane i sør. I avisspalter og på nettdebattar har det blitt "stovereint" å hetse samane, å hevde at dei vil overta makta i Nord-Noreg, opprette eigen stat osv. Nokre debattantar har brukt hundrevis av innlegg på å framstille alt samisk som negativt, utan nokon gong å finne eit positivt ord å seie. Nokon går så langt som å skrive «Brenn ned det forbanna sametinget...» (Finnmark Dagblad 23.09.09).
Før eksplosjonen i Oslo var det få som trudde noko slikt kunne skje. Er det så utenkelig at det kan smelle i Karasjok neste gong?
Nokon av dei som har vore med å spreie hatets evangelium mot muslimar og innvandrarar har allereie byrja å gå i seg sjølv og innsjå konsekvensane av orda sine. Det er enno mange som treng å gjøre det.
Massemordaren og dei politiske meiningsfellene hans har gjort det multikulturelle til skyteskive. La oss i lag snu det og gjøre Noreg til eit land som har likeverdig plass til alle kulturar.
Svein Lund