Debattinnlegg sendt Klassekampen 13.06.2016.

Farvel til Raudt

I desse dagar røystar Arbeiderpartet for å overlate det norske finanstilsynet til EU. Helst hadde partiet overført all makt dit. Partiet har stått bak norsk innsats for USA sitt verdsherredøme i Agfghanistan, Libya og Syria. Ap vil halde fram å sabotere arbeidet mot klimaendringar med å brenne opp all olje som kan finnast i norske farvatn. Partiet står for at Noreg skal tømme mineralressursane snarast råd og tømme 98% i norske fjordar, for å tekkast spekulasjonskapitalen i inn- og utland og for at dei siste intakte naturområda i landet skal bli bygd ut til vind- og vasskraft. Det er partiet som svikta kystsamane med å avvise deira rett til fiske. Det er partiet som står bak Statoil, Telenor og Oljefondet som reidskap for norsk imperialisme over heile verda og finansiering av dei verste miljøøydeleggingar. Trass i namnet er det eit parti som står på borgarskapet si side mot arbeidarklassen.

I 2005 skjedde det noko tragisk for venstreopposisjonen i Noreg. SV gikk inn i regjering og ei kritisk røyst forstumma både i og utafor Stortinget. I 8 år var partiet medansvarlig for ein borgarlig og miljøfiendtlig politikk, stikk i strid med eige program. I ettertida har partiet store problem med å gjenvinne truverdet som sosialistisk opposisjon, vi hugsar framleis kva dei var med på i regjering.

I 2016 har også den gjenverande venstreopposisjonen begått politisk sjølmord, annonsert i Klassekampen 13.06.2016. Raudt vil no gjenta SV si katastrofe og hjelpe Jonas Gahr Støre og Ap til makta. Ser dei noko som heldt som tyder på at Ap har snudd i forhold til tidligare politikk? Har Ap lova noko som helst endringar om dei får støtte frå Raudt? Nei, ingenting! Ein legg seg bare flat om tilbyr seg å vere garantist for eit parti som står på feil side i alle dei viktigaste spørsmåla i verda i dag.

Eg har røysta på RV/Raudt i dei aller fleste val sidan 1973. Med Raudt si støtte til Ap-regjering har eg gjort det for siste gong.

Svein Lund


Til hovudsida.