Etter 22. juli såg vi ei stund at dei mest krigerske og hatske innvandrarmotstandarane og muslimhatarane dempa seg noko, men no er dei allereie på full fart tilbake, og dei står sterkt i fleire etablerte norske parti, blant anna Fremskrittspartiet og Kristent Samlingsparti. Innlegget i FD 10.05.2012 viser at denne farlige ideologien no også har slått inn i Kystpartiet. Eg viser til "Vår nasjon, kristendommen og islam", av Tommy Andersen, for styret Kystpartiet Hammerfest.
Bakgrunnen for at den nye antiislamske kampanja kjem no, er at regjeringa har fremma eit høgst forsiktig forslag til moderering av den norske statskyrkjeordninga. Grunnlova seier no i § 2: "Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse. Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.»
Dette er foreslått endra til:
"Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettighederne."
Anten vi likar det eller ikkje, skal altså den kristne arven framleis vere grunnlaget for den norske staten. Islam er ikkje nemnd i grunnlovsforslaget. Likevel er det sett igang ei stor løgnkampanje for å framstille det som regjeringa vil "sidestille islam med kristendommen". Om ein søker på denne formuleringa på internett, finn ein uttalelsar som:
– "Godt hjulpet av forræderne er muslimene i ferd å kolonisere Europa til sitt Eurabia, der innfødte europeere tvinges til underkastelse og sågar trues med utryddelse, der våre ressurser utpines og våre kvinner voldtas." Det er som henta ut av terroristen sitt Manifest.
Kystpartiet sin representant går ikke fullt så langt, men bidrar godt til hylekoret med utsegner som: "... har denne nasjonen basert seg på den kristne tro, med kristne grunnverdier. Demokrati, tanken, talens og pennens frihet. Dette vil nå våre styrende myndigheter nå kneble." Heile denne kampanja er basert på ei løgnaktig framstilling både av grunnlovsforslaget, av islam og muslimar, men også av kristendommen. Stikk i strid med det 8. bodet om ikkje å lyge.
Faktum er at liksom det finst kristne forkjemparar for demokrati og ytringsfridom, finst det også muslimske, ateistiske og buddhistiske forkjemparar for dei samme prinsippa. Liksom ein kan finne eksempel på muslimske mordarar, diktatorar og valdtektsmenn, finn ein det same med kristent flagg. Og verda har sett minst like mange fascistiske diktatur med kristent som med muslimsk merke.
Kystpartiet blandar her motstanden sin mot muslimar og innvandrarar saman med motstand mot EU, EØS og Schengen. Slik støttar dei EU-tilhengarane si framstilling av EU-motstandarar som framandfiendtlige. Heldigvis er dei fleste EU-motstandarane i Noreg tvert om tilhengar av eit samfunn der folk av forskjellige religionar, kulturar og etniske grupper lever i fred med kvarandre. Dei som deler dette synet bør altså halde seg langt unna Kystpartiet, dersom partiet ikkje tar eit kraftig oppgjør med dei haldningane som kom fram i dette innlegget.
Svein Lund