Tsjekkoslovakia 1968 – Ukraina 2022

Nokre politiske og personlige parallellar

21. august 1968 gikk sovjetiske tropper inn i Tsjekkoslovakia, med støtte av Sovjets allierte i Ungarn, Bulgaria og Polen. Invasjonen førte til skarp fordømming over heile verda. Den førte til kløyving i den internasjonale kommunistiske rørsla, der mange parti, med og utan regjeringsmakt, tok avstand, blant dei NKP i Noreg. I Europa var det bare ei lita kjerne av trofaste Moskva-tilhengarar som stilte seg på Sovjetunionen si side. I andre verdsdelar derimot, var det mange land som ikkje utan vidare ville slutte seg til fordømminga, trulig mest av omsyn til eigne interesser av eit godt forhold til Sovjet.

I Norge var det altså knapt nokon som stødde invasjonen, men motstandarane trakk likevel svært forskjellige konklusjonar. På høgresida nytta dei høvet til å bruke dette til eit åtak på kommunistar og sosialistar generelt, og konkluderte at no måtte vi støtte NATO for å forsvare det frie vesten. På venstresida såg ein dette som kampen for sosialisme med fridom og ein meinte USA ikkje var eit hår betre, men i minst like stor grad som Sovjet slo ned på land som ikkje ville danse etter deira pipe. USA hadde da to år tidligare invadert Den dominikanske republikk og sett inn sitt eige styre, og var djupt involvert i krig i Vietnam. Dette førte til at protestane mot invasjonen ikkje blei samla.

Under invasjonen i Tsjekkoslovakia var eg 16 år gamal. Eg hadde nettopp for første gong blitt med i ein politisk organisasjon, Solidaritetskomiteen for Vietnam. Eg hadde kontakt med folk i lokallaget av Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som da enno var ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti, men eg syntest så langt det var nok å vere aktiv i Solkom.

Få dagar etter invasjonen i Tsjekkoslovakia meldte eg meg inn i SUF. Sjølv om eg også støtta organisasjonen sin politikk for nærare saker, var det verdspolitikken som gjorde utslaget. SUF sto for "kamp mot begge supermaktene" og for den fattige verda mot den rike, og det var avgjørande for meg. Det skulle bli starten på eit medlemskap, som med ungdomsorganisasjonen sin overgang til det som blei eit nytt parti, skulle vare samanhengande til 1999. Av forskjellige årsakar, som eg her ikkje skal bruke plass på, blei eg så ståande utafor alt av partipolitiske organisasjonar i 23 år, mens eg engasjerte meg i saker frå gruver til vindkraft, frå skolepolitikk til samerett. Ein ting hadde eg likevel heile tida klart: Det grunnleggande synet om å støtte den fattige verda mot den rike og gå mot all imperialisme, anten han kom frå aust eller vest. Eg leste og grubla på dei mest grunnleggande spørsmåla i verda, men sakna eit forum å diskutere det i.

24. februar 2022 gikk Russland inn i Ukraina. Som 54 år tidligare kunne "dei nye tsarane i Kreml" ikkje sjå rolig på at eit naboland gikk ein annan veg, men måtte slå det ned med våpenmakt. Denne gongen var invasjonen langt meir blodig enn i 1968 og invasjonsstyrken blei møtt med sterkare motstand.

Som dengong var protesten unison. I alle fall i Europa, og i mesteparten av verda. Bare 5 land røysta mot ei fordømming i FN, men ei rekke land, derav verdas to mest folkerike, avheldt seg. Som i 1968 var det to linjer blant dei som fordømte invasjonen. Den dominerande linja, no i enno større grad enn da, ville straks nytte denne situasjonen til å styrke den vestlige alliansen mot Moskva. Det var ikkje gått mange dagane før ropet på opprusting overdøyva alle ønske om fred. No måtte vi stå saman i NATO, innringinga av Russland måtte fortsette med å få med Sverige og Finland, Georgia og gjerne fleire. No måtte vi ikkje seie eit ord om at USA og NATO i seinare år har stått bak ei rekke minst like blodige invasjonar og bombingar. Om ein nemnde Libya, Syria, Irak, Serbia, Afghanistan eller nokre av dei nesten hundre andre krigane USA har stått for etter andre verdskrigen, var det no eit nytt ord for dette, det var "whataboutism" som bare var for å avleie frå det saka gjaldt. Ein var da å rekne som "Putin-apologet". Vi måtte fluksens sende våpen til Ukraina, og ikkje seie eit ord om desse hamna i nazigruppene sine hender. Vi måtte boikotte og sanksjonere alt russisk frå olje til langrennsløparar og Dostojevskij. Og framfor alt: Vi måtte ikkje seie eit ord om det langvarige arbeidet som USA gjennom CIA, National Endowment for Democracy og ei rekke andre organ har ført sidan 1991 med å sikre sin eigen innverknad i Ukraina, om korleis Ukraina skulle bli det nye bruhovudet i offensiven for å knekke Russland ein gong for alle.

Dette er trulig den mest vellukka politiske kampanjen den amerikanske våpenindustrien og deira handlangarar nokon gong har ført. På få dagar smelta mesteparten av NATO-motstanden i Noreg bort som dogg for sola. 95 % slutta opp om NATO, eit tal ein aldri har sett noko i nærleiken av før.

Regjeringa skulle sende våpen til Ukraina, og slik sikre at Noreg blei dratt inn i krigen. Var det ingen som hadde hovudet klart og heldt igjen? Jo, der kom det. Partiet Raudt protesterte mot å sende våpen, og gjorde det klart at partiet fortsatt var mot NATO. I første omgang ei einslig raud stjerne på ein elles svart nattehimmel.

No hadde dette partiet dei siste åra vakse over evne både i stemmetal og medlemstal, og fått tilslutning frå masse folk som meldte seg inn fordi dei var mot Forskjells-Noreg eller mot vindkraft, men som ikkje hadde sett så nøye på partiet sin utanriks- og forsvarspolitikk. Da partiet så ikkje ville støtte Ukraina med våpen, reagerte mange av dei med å skulle melde seg ut. Kor mange som gjorde alvor av det, veit eg ikkje. Men for meg blei det dette som gjorde utslaget: Nokon måtte seie frå med å gå andre vegen – inn i dette modige partiet. Eg hadde ikkje eingong sagt det, før det var gjort. Eit par dagar etter vedtok eit knapt fleirtal i SV også å gå mot våpenleveransar, men sidan ein no ikkje godt kan melde seg inn i meir enn eitt parti, ikkje ein gong som ein demonstrasjon, så var no det toget gått og eg fikk bare ønske SV velkommen etter.

Før eg visste ordet av det, sat eg på Rødt Finnmark sitt digitale fylkesårsmøte og forsvarte mitt eige forslag til uttale om Ukraina-krigen. Slik fikk eg sjå at heller ikkje her var ein immune mot den altoverstrøymande NATO-propagandaen, men heldigvis blei det fleirtal for eit rimelig bra vedtak.

Så sit eg her da, som plutselig medlem i eit parti eg framleis ikkje veit om eg kjenner meg riktig heime i. På eine sida har eg trivst best som partipolitisk uavhengig, som kunne seie kva eg meinte utan å skule til partitaktiske omsyn. På andre sida har eg sakna eit forum for politisk debatt om dei store linjene, om perspektiv og prinsipp som går ut over rammene for dei organisasjonane eg har vore med i. Inntil vidare vil eg derfor prøve ut den nye situasjonen, om her er plass for meg og meiningane mine, eller om rammene blir for tronge. Så langt har eg fått med meg at Raudt anno 2022 er noko heilt anna enn RV og AKP anno 1999. Mange endringar er sjølvsagt til det betre, men om alle er det, det er eg ikkje heilt sikker på.

I dag har eg samla det eg har funne igjen av innlegg eg har skrive om Raudt og partiet sine forgjengarar, og det kan lesast her. Ikkje alt ville eg ha sagt slik i dag, men eg har lyst å trekke fram ein artikkel frå halvtanna år tilbake, der eg spør om Raudt er i ferd med å bli det nye sosialdemokratiet. Den åtvaringa står eg fortsatt på. Fortsatt gremmest eg når eg opnar Raudt si nettside og blir møtt med den utrulig kortsynte parola: "For Rødt er kampen mot Forskjells-Norge den aller viktigste."

På det første og hittil einaste partimøtet eg har deltatt i etter tusenårsskiftet nådde eg så vidt å lansere det som er min visjon for kva Raudt burde ha som slagord: Raudt – Partiet for rettferd, miljø og fred. Der blei ikkje tid for debatt om dette. Men kanskje nokon no vil følgje opp tanken.


Til hovudsida.

sveilund@online.no