Debattinnlegg sendt Klassekampen 03.06.2009. Ikkje tatt inn i avisa pga plassmangel og fordi eg hadde sendt innlegg om andre saker omtrent samtidig.

Dei mest forbløffande feilinformasjonar

«Kunnskapsmotoren Wolfram Alpha er en mulig datarevolusjon» skriv Bjørn Vassnes i vitskapsspalta si 20.05. og skryt uhemma av denne kunnskapsmotoren, der «du kan få de mest forbløffende svar, servert på rekordtid».

Dette virka så imponerande at eg måtte teste det ut. Sjølv om kunnskapsmotoren bare forstår engelsk, bør han kunne gi pålitelige opplysningar om Noreg, eller altså «Norway». Men at Oslo hadde over 811000 innbyggarar var nytt for meg. Likeså at landets tredje største by er Stavanger- Sandnes og at Fredrikstad-Sarpsborg var å rekne som ein by. Minoritetsspråka i landet blir oppgitt å vere «North Saami, Romani Tavringer, Finnish Kven, Norwegian Sign Language, Romani Vlax, Lule Sami, South Saami». (Nyare innvandrarspråk finst altså ikkje.) Her er tal for totalt antall som snakkar språket og for «native speakers», nokre av desse kan umogleg stemme, på det verste er tala 10-100 gongar for store. Ein liten sjekk viser at hovudkjelden må vere www.ethnologue.com. Der førekjem desse tala, men ofte i heilt andre samanhengar.

Og her er vi ved kjerna i ein slik kunnskapsmotor: Han hentar opp opplysningar automatisk, tar kanskje det talet som står nærast til stikkordet, men utan at nokon kontrollerer om dette er rett. Og sjølv fakta blir feil om dei blir tatt ut av samanhengen. Sjølv om kjeldene skulle vere korrekte (noko dei slett ikkje alltid er, særlig når ein bare brukar engelskspråklige kjelder til informasjon om alle land i verda), så kan resultatet av den mekaniske måten å sette saman opplysningar på bli heilt feil.

Mye anna kunne vore nemnt, som at språk blir oppgitt med feil alfabet, med talord henta frå eit heilt anna språk osv. osv. For dei som vil bruke Wolfram Alpha til å studere historie kan eg nemne kva eg fikk opp på «Russian revolution»: «Date: 1917. People involved: Tsar Nicholas II» Det er alt. Om ikkje direkte feil, så ikkje særlig informativt.

For ikkje å bruke for mye plass vil eg bare oppmode lesarane til sjølve å sjekke med utvalde fylke og kommunar i Noreg. (Adressa er www.wolframalpha.com.) Kanskje resultata blir like fantasifulle som dei eg fann.

Eg skal ikkje nekte for at Wolfram Alpha kan bli eit viktig bidrag til utviklinga av kunnskapsteknologien. Men slik han står fram i dag, vil eg vone at verken Klassekampen sin redaksjon eller norske skoleelevar vil ta denne i bruk når dei leitar etter faktakunnskap om saker dei skal skrive om. Da er både tradisjonelle leksikon og Wikipedia langt meir pålitelige, sjølv om det der og trengst ei kritisk lesing og dobbeltsjekking.

I staden for å servere nesegrus beundring for denne teknologien, syns eg Klassekampen sin vitskapsskribent burde gi oss eit kurs i kjeldekritikk og forsøke å forklare korleis dei mest forbløffande feilinformasjonar kan oppstå ved mekanisk samankopling av lausrivne fakta.

Svein Lund
sveilund@online.no


Til hovudsida.