Medlem av Folkekongressen: SOVJET ER EIT IMPERIALISTISK LAND!

-Sovjetunionen er ein imperialistisk stat. I 70 år er vi blitt fortalt: Ein stat, eit språk. Det er umogleg som ein del av Sovjetunionen å berge landet vårt, nasjonen vår. Vi må bli uavhengig.
For få år sidan var det knapt nokon som torde seie slikt høgt i Estland. No kjem denne uttalelsen frå eit medlem av den sovjet­iske folkekongressen!

Av SVEIN LUND, TALLINN

Vello Pohla er ein av 2250 representantar i den sovjetiske Folkekongressen. Der er han og medlem av komiteen for glasnost og komiteen for etterforsking av korrupsjon. Han deltar og i møtene til komiteen for økologi, som observatør for dei grøne rørslene i dei baltiske landa. Heime i Estland sit han i leiinga både i den Estiske Grøne Rørsla (Eesti Roheline Liikumine) og i Folkefronten (Rahvarinne).

På spørsmålet om kva han eigentlig er av yrke, får vi ei lang regle frå lærar i jus og filosofi til journalist og diverse kulturarbeid. I dag er han tilsett i "Eesti Telefilm", men som folkevald er han no politikar på heiltid. I 30 år har han dreve politikk, både innafor og utafor det offisielle sovjetiske systemet. I 70-åra var han fire år i Sverige som kulturrepresentant ved den Sovjetiske ambassaden, og han startar møtet vårt med å spørre om eg føretrekk å prate på engelsk eller svensk. Alt i 1971 forsøkte han å starte ei grøn rørsle, men det var ikkje mogleg den gangen. I 1980 blei han sparka som redaktør av ei kulturavis, og fikk ikkje lenger trykt noko av det han skreiv. I eit par år livnærte han seg som bonde.

- Men da den nasjonale revolusjonen og oppvåkninga starta, da starta eg igjen, og.

Miljøvern og sjølvstende

- I Estland er det ein nær samanhang mellom grøn politikk eller miljøvern og kampen for nasjonal sjølvråderett. Alle dei største forureiningskjeldene er såkalla "all-union"-fabrikkar eller militære installasjonar. Det har vore ein spesiell politikk særlig for Estland og Latvia å bygge all-union-fabrikkar her med for det meste importert russisk arbeidskraft. Vi får ikkje kontroll med denne forureininga før vi har styring med industrien. Landet vårt er oversvømt av militære. Det er virkelig okkupert. I Estland er det ein militær på ti sivile, det er ti gonger så mye som gjennomsnittet for heile Sovjetunionen. Denne okkupasjonsstyrken er eit stort trugsmål mot miljøet. I Parnu-elva har dei fleire gonger sluppe ut så mye olje at elva har stått i brann! Brønnar har og blitt forureina av militære. I Latvia har dei liknande problem. Der vedtok det Øverste Sovjet nylig at militære må betale for forureiningsskadene.

Grøn filosofi

Den Grøne Rørsla i Estland blei starta i mai 1988 som den første nasjonale grøne rørsla i Sovjet. Ho var og den første til å bli medlem av "Friends of the Earth International" frå september 1989. Rørsla er bygd opp frå botn og er ein NGO (Ikkje-regjerings-organisasjon), men dei er registrert som ein lovlig organisasjon.

- Vi arbeider på tre nivå: miljøvern, alternative livsmåtar, produksjon og tankegang, og politisk aktivitet. Det er fire hovudspørsmål vi arbeider med:

1. Økonomi
No tar vi frå naturen og framtida, vi lever på forskot. Vi vil ha ein økonomi der alle kostnadar ved å reinse og restaurere naturen må reknas inn i prisen på varene. I forhold til miljøet fungerer verken det vestlige eller austlige økonomiske systemet.

2. Makt og regjering.
Regjeringa må ha eit mandat frå naturen og livet. Det første kriteriet må heile tida vere å berge det levande.

3. Samfunnet.
Vi vil ha eit prinsipielt nytt samfunn, eit ikkje-valdssamfunn. Samfunnet vårt i dag er eit valdssamfunn fordi det er bygd på ubalanse mellom naturen og mennesket.

4. Alternative livsmåtar.
Dette er og eit andeleg spørlsmål. Vi trur på kontakt med eit kosmisk medvet.

- Er dette noko av det som i Vesten blir kalla for "New Age"?

- Akkurat. Vi er og opptatt av filosofien til den fjerde verda, med folket sine røtter i jorda si, i landet sitt.

- Har dokker stor støtte i folket?

- I Tallinn er 11 prosent av representantane i bystyret grøne etter valet i haust, i Tartu over 20 prosent. Ein gallup synte nylig at 10 prosent av folket ville røyste på i val. Og at heile 64 prosent var positive til ideane våre.

- Men Den Grøne Rørsla er ikkje eit parti?

- Nei, vi er opne for folk som og er medlemmar av forskjellige parti. Men vi reknar med at det vil komme eit grønt parti snart.

- Kva slags forhold er det mellom Den Grøne Rørsla og Folke­fronten?

- Vi samarbeider, men Den Grøne Rørsla er ikkje medlem av Folke­fronten, slik som i Litauen.

- Du seier de var dei første, men seinare har det kome grøne rørsler mange stader i Sovjet...

- Ja, og disse har betydd mye for å starte den virkelige pere­stroikaen. Det er slike rørsler både i mange av dei nasjonale sovjetrepublikkane, og i Moskva og andre storbyar. Det er no oppretta ein grøn fraksjon i Folkekongressen, vi er førebels 150 av 2250.

Vegen til fridom

- Folkefronten sitt mål er eit uavhengig Estland. Når kan vi vente uavhengigheitserklæringa?

- Det er ikkje så enkelt. I prinsippet erklærte Estlands Øverste Sovjet alt i november 1988 at Estland har rett til sjølvstyre. Og visse grupper meiner det er bare å erklære oss sjølvstendige så fort som råd. I leiinga i Folkefronten ser vi frigjøringa meir som ein lengre prosess.


Til startsida

sveilund@online.no