Debattinnlegg sendt fleire norske aviser 17.05.2004

Svein Lund:

Bondevik med dobbeltmoral - sørgar over irakisk quisling

17. mai 2004 blei leiar for det USA-innsette styringsrådet i Irak drept i eit attentat. Over heile verda blir dette rådet omtalt som "quislingar", eit ord som landet vårt har den tvilsame æra å vere opphav til.

Nettopp denne dagen feira heile Noreg fridomen vår og i tallause talar har ein snakka om 2. verdskrigen og heidra minnet til dei som kjempa mot den tyske okkupasjonen.

Heimefronten og dei andre som kjempa for Noregs fridom blei av tyske og norske nazistar omtalt og behandla omtrent på same vis som USA i dag omtalar dei som kjempar for eit fritt Irak. Vi har den siste tida sett at USA sin tortur mot politiske fangar ikkje står særlig tilbake for den nazistane brukte under krigen.

Under krigen blei leiande nazistar likvidert av den norske motstandsrørsla. Sjølve symbolet på forræderiet, Vidkun Quisling, blei som kjent dømt og henretta av norske styresmakter etter krigen. Krigen mot Irak blei møtt av ein massiv motstand verda over. I dag er det enno klarare enn da krigen starta at han blei sett igang på grunnlag av ei løgnkampanje og at ingen av argumenta for krigen held vatn. Da krigen starta slo statsminister Bondevik sjølv fast at krigen var i strid med folkeretten og at Noreg ikkje kunne støtte han. Den naturlige konsekvensen av dette ville ha vore å seie at når det irakiske folket er utsett for folkerettsstridig krig og okkupasjon har dei rett til å gjøre motstand, også militært, slik norske heimestyrker gjorde under krigen.

Men kva gjør så statsministeren vår når den irakiske motstandsrørsla tar livet av ein av dei fremste quislingane i landet? Jo, han sørgar over tapet og hørest ut som eit ekko av okkupasjonsmaktene USA og Storbrittania. Og dette er statsministeren som fikk igang verdikommisjonen! Har den mannen i det heile noko som helst prinsipp igjen? Det virkar som den einaste moralen i den norske regjeringa er dobbeltmoralen.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no