SOVJETS SØPPELDYNGE

- Industrien i Baltikum er ikkje vår. Størstedelen har russarane plassert her. Den bygger ikkje på lokale ressursar, nyttar ikkje lokal arbeidskraft, og produkta blir eksportert. Vi ser ingen ting til overskotet. Det einaste som blir igjen hos oss er forureininga. Dette seier Mara Silina i den latviske miljørørsla VAK.

Av SVEIN LUND, LATVIA / ESTLAND

* Store delar av kysten av Litauen, Latvia og Estland er stengt for bading på grunn av forureininga. I elva Lielupe er talet på bakterier 200-500 gonger den grensa sovjetiske styresmakter har satt for at det skal vere forsvarlig å bade der. Den viktigaste forureiningskjelda, Sloka papirfabrikk har fleire gonger vore utsett for aksjonar frå miljørørsla som vil ha fabrikken stoppa. Styresmaktene har lova å stenge fabrikken, men det blir stadig utsatt.

* I Olaine-området i Latvia når luftforureininga opp i 2-12 gonger det tillatte for heile åtte forskjellige kjemikalier. Dette området har samtidig svært stor forureining av elvene og grunnvatnet.

* Det fins praktisk talt ikkje reinsing av avløp verken til luft eller vatn. For eksempel går 97 prosent av avløpsvatnet i Riga-området ut i elva Daugava og i Austersjøen utan noko form for reinsing. Dei baltiske statane har ein svært stor del av skulda for at Austersjøen er i ferd med å døy.

* Den viktigaste innanlandske energikjelda i Estland er olje­skifer. Denne forureinar først ved utvinninga, i neste omgang når denne blir brukt som energikjelde ved to store kraftstasjonar. - Og når vi så har fått øydelagt både vatn og luft av olje­skiferen, så blir over halvparten av straumen solgt til Russland og Latvia for ein pris mindre enn utgiftene til produksjonen. Det er vel situasjonen for estisk industri i eit nøtteskal, seier Vello Pohla frå den Grønne Rørsla i Estland.

Fosfatgruver

> - Den grønne rørsla hos oss oppsto gjennom kampen mot den andre av dei største forureiningskjeldene våre, fosfatgruvene. 30 km frå Tallinn er det eit gruveområde med dagbrot. Der er eit reint månelandskap. I Kohlajarvi erklærte kommunestyret for 1 1/2 år sidan området rundt gruvene for katastrofeområde. No er det funne fosfat i fleire område. Det estiske parlamentet har vedtatt å utsette oppstarting her, men Moskva pressar heile tida på for å komme igang. Vi syns at når halvparten av grunnvatnet i Estland er øydelagt, så er det nok. Vi veit at i alle fall med den teknologien som fins tilgjengelig, så vil dagbrot seie å øyde­legge naturen, mens underjordsdrift vil seie å øydelegge grunn­vatnet.

- Det tredje store miljøproblemet vi har er jordbruket. Det blir dreve på kollektivbruk og Statsbruk etter planar frå Moskva. Der stiller dei krav til produksjonen i tonn, korleis det går med jorda og naturen er ikkje deira bord. I 50 år har vi nå dreve med metodar som øydelegg grunnlaget for framtida. Vi har pøsa på med kunstgjødsel og kjemiske plantevernmiddel, det meste renn ut i Austersjøen. På dei store bruka har dei gigantiske traktorar og jordbruksmaskinar. Dei pressar flatt det tynne humuslaget, og mellom 50 og 70 prosent av humusen i Estland har gått tapt.

Det nyttar

Den ferske miljørørsla i Baltikum kan alt vise til fleire viktige sigrar i kampen mot forureininga:

- I Mardu nær Tallinn var det ein kjemisk fabrikk som slapp ut svært giftig raud røyk, fortel Vello Pohla. I ti år hadde kommune­styret i Tallinn protestert, men utan at det hjalp. Sist sommar aksjonerte vi og no er denne produksjonen stansa. Det er ein virkelig stor siger, sidan det var ein all-union-fabrikk. (styrt frå Moskva)

-Vi har og aksjonert mot militære flyplassar og forureininga deira, bl.a. da dei slapp ut så mye olje at elva Parnu sto i brann. I Tallinn aksjonerte dei grønne mot bygging av ein Formel-1-bane, og denne bygginga blei stoppa.

Asbest og freon

- Sovjet ligg langt i bakleksa når det gjeld å avskaffe farlige stoff, seier Mara Silina. Sjølv om ho er utdanna kjemikar og leiar økologiavdelinga i miljørørsla VAK, syns ho at ho veit alt for lite om økologiske virkningar av kjemikalier. - Vi har ingen virkelige økologar her i landet. Det er eit resultat av den tankegangen som har prega produksjonen i Sovjet. Eg skulle gjerne studert eit par år ein stad der ein tar dette alvorlig.

- Eit grotesk eksempel er at asbest fortsatt er i vanlig bruk som bygningsmateriale, utan tryggingstiltak. Frå VAK hadde vi ein aksjon overfor ein fabrikk som brukte mye asbest. Vi snakka med arbeidarane der. Mange av dei hadde sjukdommar som sikkert skreiv seg frå asbesten, men dei visste ikkje noko om samanhangen. Eit anna eksempel er at ein her framleis brukar freon i alle spray­boksar.

I Baltikum er det bare eit kjernekraftverk. Det ligg i Ignalina i Litauen og har to reaktorar. Då styresmaktene ville bygge ein tredje reaktor, førte det til så store protestar at denne bygginga ikkje er gjennomført. Ein av årsakane til dei store protestane var at den planlagte reaktoren og er av Tsjernobyl-type. I Pavilosta i Latvia er det planlagt eit kjernekraftverk. Protestar og aksjonar har stoppa bygginga så langt, men plan­komiteen i Moskva pressar på for å få bygd kraftverket, som vil ha militære føremål.


Til startsida

sveilund@online.no