Debattinnlegg i Klassekampen, 19.04.1988

Kina og vi

I Klassekampen 8.april spør Mari Skåre ka AKP meiner om utviklinga i Kina og krev at partiet skal ta klar stilling.

Eg kan ikkje svare for partiet, og er heller ingen Kina-ekspert, bare eit menig partimedlem som på eiga hand reiste rundt i Kina sju veker i fjor høst.

Etter det vedgår eg ope: Eg er ikkje istand til å ta standpunkt til utviklinga av Kina etter eit enkelt skjema : For/mot kulturrevolusjonen, for/mot Deng, osv. Mange har spurt kvifor eg ikkje har skreve i avisa frå Kina. Eg svarar da med Mao: «Du må undersøke. Du må undersøke. Du må ikkje snakke tull». Det har vore nok av forståsegpåarar som etter eit kort besøk kunne heve Folkets Kina til skyene eller dømme den kinesiske sosialismen nord og ned. Eit skrekkeksempel på det var den serien som gikk i Klassekampen i fjor høst.

Før kunne vi stemme i med: «Østen er rød. Sola står opp...». Etter Kinaturen kjenner eg meg meir igjen i Jørn Hoel sin tekst: «Det stiger sol et sted i øst, men i natt har ingen gitt deg svar».

Kina er verdas største land. Og verdas største eksperiment. I ei verd som er på veg til helvete enten på 1.klasse eller på siste klasse, er Kina i dag det viktigaste forsøket på å finne ein anna veg. Mens nord/ sørkløfta blir vidare og vidare, prøvar Kina å heve heile folket ut av fattigdommen. For Kina er fattig. Kina er skittent og uhygienisk, samanlikna med Norge. Kina er ikkje noko demokrati, og har aldri vore det. Mao forsøkte å heve levestandarden for folket. Men han fikk det ikkje til. Kinesiske bønder og arbeidarar fikk det mye bedre gjennom revolusjonen. Men seinare kunne ikkje maoismen tilby anna enn meir rettferdig fordeling av fattigdommen. Det syntes ikkje det kinesiske folket var godt nok.

- Det er mye galt nå, men det var verre under kulturrevolusjonen. Dette var eit typisk eksempel på svar vi fikk når vi spurte vanlige kinesarar om utviklinga. Det byggas idag bolighus i Kina i ein målestokk folk i dei fleste land knapt kan drømme om. Alt tyder på at fleirtalet får høgare levestandard. Men samtidig er det eit mindretal som får det alt for fort bedre, og det ser ut som eit mindretal fell utafor og får det dårligare. Avstanden mellom tiggaren på gata og partipampen som kjører forbi i svart limousin er ingen reklame for den kinesiske sosialismen.

Kina er ikkje svaret på drømmane til vestlige drømmarar. Men Kina har kanskje noko av svaret for den 3.verda. Og det er det viktigaste verda treng idag. Og før vi dømmer det kinesiske eksperimentet nord og ned, bør vi kunne vise til noko bedre alternativ.

Å komme til Kina som vestlig maoist er ikkje lett. Ikkje bare fordi maoismen langt på veg er borte der. Men fordi ein blir tvinga til å sjå at han ikkje kunne svare på dei mest brennande problema for det kinesiske folket i 70- og 80-åra. Fordi ein blir tvinga til å sjå at kulturrevolusjonen betydde overgrep mot nasjonale minoritetar og var ei stor einsrettingskampanje.

Når eg etter å ha sett dette fortsatt kan stå som medlem av AKP, er det nettopp fordi partiet ikkje er så forbanna skråsikkert som nokre vil presse oss til å vere. Verda er ikkje enkel, og kvifor skal vi da late som? SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no