Artikkel i Klassekampen, 12.02.1990

Svein Lund:

Estisk statsborgar

- Sjå her, vi er estiske statsborgarar, seier vertane våre i Tallinn stolt og syner oss korta der det står at dei er estiske borgarar.

Av SVEIN LUND, TALLINN, ESTLAND

Det gir dei rett til å røyste ved vaiet til den Estiske Kongressen 24-februar. Men korleis kan ein operere med eit estisk statsborgarskap i eit land som enno er ein del av Sovjetunionen? Vardo Romessen frå hovudstyret i den Estiske Borgarkomiteen forklarer det slik:
- På grunn av gigantisk russisk innvandring er idag dei etniske estarane reduserte til knapt halve befolkninga i Estland. Problemet blir så: Kven har rett til å avgjøre framtida for den estiske staten? Er det alle som bur her idag eller er det bare estarar? Vi har funne ut at einaste måten å gjenreise den estiske staten er først å gjenreise det estiske statsborgarskapet. Vardo Romessen er medlem av Estlands Nasjonale Uavhengighetsparti. Han er pianist og spela på Festspela i Harstad i sommar. I Sverige har han spela inn plate med musikk av den klassiske estiske komponisten Edvard Tubin, med pianosonater bygd på samiske folkemelodiar.

Dette bildet er tatt i januar 1990, og det var bare mogleg å ta ei kort tid. På det estiske parlamentet i forgrunnen vaiar det offisielle sovjetestiske flagget. På det gamle tårnet Pikk Hermann i bakgrunnen vaiar samtidig det reine estiske flagget. I januar 1990 var det framleis fullt av sovjetiske soldatar i Estland. Dei var det forbode å ta bilete av, men eg klarte å knipse desse frå gamlebyen.

Kven?

- Men korleis avgjøre kven som har estisk statsborgarskap?
- Etter vår oppfatning blei den estiske republikken okkupert av Sovjet i 1940. Den har aldri opphørt å eksistere de jure, det er spørsmålet om å gjenreise den de facto. Dei som hadde estisk statsborgarskap i tida 1918-1940 har derfor fortsatt dette, likeså eterkommarane deira.
I følge estisk lov av 1938 mistar dei ikkje estisk statsborgarskap om dei tar eller blir påtvunge eit anna statsborgarskap. Det vi gjør no er ganske enkelt å registrere disse og gi dei eit papir på det. Dette gir så eit manntall som dannar grunnlag for valet til Kongressen.
Det er altså ikkje snakk om registrering på eit etnisk grunnlag, men på grunnlag av røter i landet. I tida for den Estiske Republikken var her omlag 100000 ikkje-estarar, mange av dei russarar. Dei har borgarskap på linje med etniske estarar, seier Romessen.

Innvandrarar

- Men kva med alle dei som har innvandra etter 1940?
- Dei vil kunne søke om estisk statsborgarskap. Dei som har søkt vil ved vala kunne røyste på særskilde representantar som har rådgivande røyst på kongressen. Der vil og møte representantar for estarane som bur i utlandet. Men på kongressen vil makta ligge hos representantane for dei estiske borgarane, slår Romessen fast.
- Kva slags funksjon vil kongressen ha?
- Den skal ikkje vere noko parlament. Det er eit konstituerande, representativt organ som vil hevde vårt lovlige krav om gjenreising av den estiske staten, krav om fjerning av sovjetiske militære tropper osv.
- Er dette noko heilt spesielt for Estland, eller foregår liknande ting i andre Sovjetrepublikkar?
- Dette er bare aktuelt for dei baltiske statane, fordi vi var sjølvstendige statar som blei okkupert. Vi var internasjonalt anerkjente og medlemmar av Folkeforbundet. Mange vestlige land har aldri anerkjent okkupasjonen. I Latvia har dei starta ei liknandre registrering som her.
Litauen har det same folkerettslige grunnlag, men der er det ikkje naudsynt fordi dei ikkje har vore utsett for same organiserte innvand ringa. Omlag 80 prosent av innbyggarane er litauarar, og det er derfor ikkje noko problem for dei å gi alle røysterett og alle som vil det litauisk statsborgarskap, seier Romessen.

Tallinn har ein av dei best bevarte bymurane i Europa og ei av dei høgaste kyrkjene, St. Olavskyrkja I eit vindu fann vi denne biletutstillinga frå estisk miljørørsle.

Prosess

- Folkefronten seier frigjøringa vil vere ein prosess over ei viss tid. Er de samde i det?
- Vi meiner vi er i ferd med å skaffe oss det vi treng for å gjenopprette den estiske republikken de facto. Det som trengs for ein stat er tre ting: Territorium, eit folk med statsborgarskap og ei regjering. Vi manglar no bare det siste.
Det er ikkje slik at vi ønsker å forlate Sovjetunionen. Vi har nemlig aldri slutta oss til den, men blitt okkupert. Gorbatsjov sa i Litauen at det vil komme ein ny lov som set reglar for korleis ein sovjetrepublikk skal kunne forlate Sovjetunionen. Det er sjølvsagt nytt og positivt.
Men vi i dei baltiske statane treng ikkje ein slik lov. Eit okkupert land har aldri brukt å spørre okkupantmakta om lov å frigjøre seg.
- Men med dette kjem dokker vel på kollisjonskurs med det etablerte maktapparatet i Estlands SSR?
- Det øverste Sovjet i Estland erklærte nylig støtte til oss, det var nytt og det styrkar oss veldig at vi kan samarbeide med dei. Dette blir ein spennande vinter i Estland. I februar/mars før vi på rekke og rad Sovjetkongress, den Estiske Kongressen og landsmøte i Estlands Kommunistparti. Omveltningane si tid i Aust-Europa er ikkje over, seier Romessen.


Til startsida

sveilund@online.no