EESTI - LATVIJA - LIETUVA

I løpet av få år kan dette vere namna på tre nye sjølvstendige statar på Europa-kartet. For dei tre små landa vil ikkje lenger godta statusen som Sovjetrepublikkar dei blei påtvungne i 1940. I løpet av to år er det i både Estland, Latvia og Litauen vekse fram ei sjølvstenderørsle som Sovjet ikkje kan stoppe utan å bruke våpenmakt.

Av SVEIN LUND, Litauen / Latvia / Estland

"Velkommen vår venn, president i vår nabostat." Slik sto det på ein av plakatane som møtte Gorbatsjov da han 11.januar kom til Vilnius, hovudstaden i Sovjet-republikken Litauen. Særlig blid skal han ikkje ha blitt over denne mottakinga. Men det er ikkje lenger politisk klima for å sende plakatbærarane til Sibir.

Jo, da. Klassekampen var der. Midt blant 3-400000 litauarar som ønska Gorbatsjov velkommen med eit utvetydig krav om fullt sjølvstyre. Men med ein smule kjennskap til post- og tele-sambandet frå Sovjet til utlandet ga vi fort opp å kunne lage aktuell reportasje i konkurranse med NTB og NRK.

Med visum som fortel at vi snarast skal innfinne oss i Tallinn, Estland, kjem vi til Vilnius og har åtte timar til nattoget går til Riga. Med nyinnkjøpt bykart gir vi oss i veg nedover i byen med tanke på å forsøke å finne ut kor folkefronten Sajudis held til. For riktig å syne kven som har styringa, fins bykartet bare på russisk, Vi stavar oss fram til gatenamna, men får dei ofte ikkje til å stemme. Men det må da vere denne gata? Er det gamalt kart? Nei, det er trykt i 1989. Jo, det er virkelig så. Prospekt Lenina heiter ikkje lenger Prospekt Lenina, men noko som betyr Fridomsgata. Og så alle disse kyrkjene. Kvifor finn vi dei ikkje på kartet? Jo, dei har bare kartteikn for museum, og det russiske ordet for kyrkje er aldri nemnt. Derimot finn vi "Museum for ateisme".

Noko Sajudis-kontor finn vi aldri, men noko langt bedre. Snart legg vi merke til at noko er på gang. Ein gjeng kjem ut i gata med to flagg, begge med tre vassrette striper: det eine gult,grønt og raudt, det andre mørkeraudt og kvitt. Like etter ser vi at folket i gata har ein sterk tendens til å gå i ei retning. Følger vi straumen høyrer vi snart ei høgtalarrøyst, og så plutselig er det heilt tett av folk. Eit kjempemessig torg er overfyllt av folk med plakatar og flagg. Dei fleste flagga er i gult, grønt og raudt, det gamle litauiske flagget som blei forbode då Sovjet rykka inn i 1940. Men her er og mange latviske og ein del estiske flagg. Dei fleste plakatane er på litauisk, men med tanke på verdspressa finn vi og tekstar på russisk, engelsk og tysk. Det går borti to timar med talar og sang og talar og ringing med kyrkjeklokker får den tette menneskemengda løyser seg såpass opp at vi kan komme oss inn og forsøke å oppnå kontakt med berarane av paroler på språk vi forstår meir av enn litauisk. Bak "Freedom for Lithuania" finn vi ein ung gut med ytterst avgrensa engelsk ordforråd. Men så finn vi teksten "SSSR - respect Lenin's obligations", og bæraren presenterer seg raskt som Vytautas Makaraitis, arkitekt frå Kaunas. Han fortel at det er Sajudis som står bak demonstrasjonen, og at dei viktigaste leiarane der har holdt tale. Det er klart vi støttar kommunistpartiet om dei arbeider for sjølvstende, seier han, men han vil understreke at det er Sajudis og ikkje partiet som er leiande i frigjøringsprosessen. Markeringa kan ikkje ha vore utan verknad på Gorbatsjov. Etter å ha holdt timevis med tale for å forsøke å snakke litauarane tilbake i folden, endte han med denne kommentaren da han dro:- Det er visst ingen ting å gjøre med. De gjør no som de vil.

Neste morgon er vi i Riga, hovudstaden i Latvia, og den største byen i Baltikum med nesten ein million innbyggarar. Som i Vilnius står Lenin i bronse sentralt plassert i bybildet, her heiter han Lenins, mens han i Vilnius heiter Leninas. Men "Prospekt Lenina" har her og skifta namn til Fridomsgata, "Brivibai iela". Mens det offisielle flagget til Sovjetrepublikken Latvia vaiar over dei offentlige bygningane, får det gamle latviske flagget vaie i fred over det gamle tårnet ved elva Daugava.

Over sentrum av Tallinn, hovudstaden i Estland, vaiar det tre flagg. Eit av kvart slag. Nede med hamna står eit slags tårn like utafor ein militærleir, Her vaiar det raude sovjetiske unionsflagget med hammar og sigd. Oppe på Toompea-borgen, i øvrebyen der etter tur danske, svenske og tyske herskarar har holdt til, ligg bygningen til det øverste Sovjet og regjeringa til Sovjetrepublikken Estland. Her ser vi flagget til Estiske SSR, det sovjetiske med ein kvit og blå bord nederst. Men heilt inntil regjeringspalasset, faktisk murt saman med det, reiser det over 500 år gamle tårnet Pikk Hermann 50 meter over øvrebyen. Og der vaiar det nasjonale estiske flagget i blått, svart og kvitt, sjølv om turistbrosjyrene trykt så seint som 1988 syner Pikk Hermann med eit heilt anna flagg.

For her har alt skjedd så utrulig fort. Det var først i 1988 at Glasnost og Perestroika kom til dei baltiske statane. Og i løpet av kort til blomstra det opp ei rørsle av alt som i nesten 50 år var holdt nede med hard hand. I løpet av to veker hausten 1988 var folkefrontar oppretta i alle dei tre republikkane, vi fikk miljøvernrørsler, foreningar for nasjonal kultur og historie og seinare politiske parti.

I Estland var det pr. 13.januar 19 parti, no kan det vere enno fleire. Siste meiningsmålinga her syner at det statsberande kommunistpartiet har ei tilslutning i folket på 2 prosent. Kommunistane har erklært at dei vil ha fleirpartisysten, men forsøket likevel å legge hindringar i vegen for dei andre partia. Dei vil at vala skal vere personval, ikkje etter partilister, og dei har framleis kontroll over mesteparten av media. Og enno hører KGB-hovudkvartera til dei største murkollossane i dei baltiske hovudstadene, enno har dei mange tusen på lønningslista, sjølv om ingen for tida blir sendt til Sibir for "anti-sovjetisk verksemd". Framleis er reglane slik at vertane våre i Tallinn må levere til KGB-kontoret eit program for underteikna sine gjøremål i dei fire dagane vi har i byen.

Men samanlikna med resten av Sovjetunionen er Estland, Latvia og Litauen eit pustehol der det går an som ikkje går an andre stader. Folkefronten i Kviterussland må til Latvia for å få trykt avisa si, andre opposisjonsgrupper frå forskjellige kantar av Sovjet gjør det samme. Her er ganske lett å få utreiseløyve, og båten frå Tallinn til Helsinki er full av vanlige folk med sovjetisk pass. Mens for ein som bur på Kola må ein fortsatt komme seg inn i ein svært offisiell delegasjon om ein skal ha håp om å få krysse grensa.

Folket i dei baltiske statane har erobra retten til å seie frå at dei er undertrykte. Men ikkje til å styre seg sjølv. Og vi traff ingen som kunne tenke seg å stanse der.


Til startsida

sveilund@online.no