Artikkel i Klassekampen, 31.01.1990

Aust-Europatoget er på vei

— Det aust-europeiske toget er no på veg. Vi må gå på, ellers kan det gå frå oss. Slik kommenterer nestleiaren i Folkefronten i Latvia stoda i Aust-Europa no.

Av SVEIN LUND, RIGA

Latvias Tautus Fronte står det på skiltet på eit lite, gamalt hus i gamlebyen i Riga. Over skiltet heng det gamle mørkeraude og kvite latviske flagget. I den bratte trappeoppgangen står tre ungdommar og lurar på ka no denne utlendingen vil. Om det var mogleg å få eit intervju med nokon frå Folkefronten.

— Vent eit augeblikk, svarar ein ung gutt, ein av dei mange frivillige aktivistane som held kontoret til Folkefronten igang. To minutt etter er han tilbake.

— You will meet our deputy leader in ten minutes. Her får du avisa vår, Atmol da, i engelsk utgåve, her får du ein plakat. Dette huset fikk vi i fjor av ordføraren i Riga. Det er ikkje så mye for leiinga for ein organisasjon med over 200000 medlemmar.

Har du sett parti-kontoret? Kontoret til Latvias Kommunistiske Parti er eit av dei aller største husa i Riga. Både i form og storleik minner det mest om EF-hovudkvarteret i Brussel. Hadde vi fått ein av dei tre fløyane kunne vi godt delt det med alle andre folkelige organisasjonane.

Samme krav

— Vi har akkurat same ønsket om sjølvstende som Litauen, seier nestleiar Sandra Kalniete. Men det er ein ting som gjør det atskillig vanskeligare for oss. Mens litauarane er eit fleirtal på 80 prosent av folket i Litauen, er latviarane redusert til eit mindretal på omlag 40 prosent i vårt eige land.

Vi har mange forskjellige nasjonalitetar, men den største gruppa er russarar som har kome hit etter 1940. I kommunistpartiet er det russarane som dominerer, bare 1/3 av partimedlemmane er latviarar. Derfor er partiet her meir Moskva-tru enn partia i Estland og særlig Litauen. 11959'blei alle progressive kommunistar kasta ut av partiet, og fram til 1988 var det svært konservativt. No er partiet splitta. Ein del stør kampen for sjølvstyre.

— Det er ein ting eg gjerne vil ha sagt til folk i Vesten: Folk i USA og Europa har nokre illusjonar om Gorbatsjov som den gode tsaren, at han er den einaste som kan realisere perestrojka. Det er sant at perestrojkaen byrja frå regjeringa, men no er den i hendene på folket. Og kravet vårt er ikkje liberalisering, men heile demokratiet. Perestrojkaen er på veg ut av hendene på Gorbatsjov og ingen kan lenger stoppe denne prosessen. Men vestlige politikarar og presse ser bare topplanet, dei glømmer folket i Sovjet.

— Vi stoler ikkje på toppolitikarane. Derfor er vi redd kva som verkelig gikk føre seg på Malta mellom Gorbatsjov og Bush. Kan dei ha inngått ein slags hemmelig avtale bak ryggen på oss slik som Molotov-Ribbentrop-pakten av 1939? At Sovjet lar landa i Aust-Europa utvikle seg fritt, mens USA godtar at Sovjet skal ha kontrollen over dei baltiske statane?

— Vi gir uansett ikkje opp kampen for full lausriving av Latvia. Eg vil ikkje spå kor lang tid det vil ta, men meir enn fem år blir det ikkje, avsluttar Sandra Kalniete.

Ingen realitet

— Det økonomiske sjølstendet som dei baltiske statane skal ha frå 1.1.90 er ei rein erklæring og ingen realitet. Det seier leiaren for «utanriksdepartementet» til Folkefronten, Janis Jurkans.

— 85 prosent av all industri i Latvia er såkalla «allunion enterprises», det vil seie at del er styrt frå Moskva. Det er i dag ikkje mogleg å skille ut latvisk økonomi frå heile Sovjetunionens økonomi. Derfor er det svært vanskelig for oss å drive sjølvstendig utanrikshandel, sjølv om vi får papir på at vi har lov til det.

På det politiske planet har det derimot gått bedre for Latvia å få direkte kontakt med utlandet.

— Folkefronten er i ferd med opprette eit godt kontaktnett i utlandet. Mest kontakt har vi hatt med Sverige og Vest-Tyskland, men vi har hatt kontakt så fjernt som med statsministeren i Australia. No vil vi legge større vekt på kontakt med dei nye regima i Aust-Europa. Etter parlamentsvalet i vår er det planlagt direkte kontakt mellom regjeringa i Latvia og regjeringa i Polen.


Til startsida

sveilund@online.no