Debattinnlegg i Klassekampen 16.06.2008
Vesten, urfolk og fakta
"Vesten må ta selvkritikk!" heter det i eit harmdirrande innlegg av Henning Hagerup og Elin Brodin i Klassekampen 15.05. Elles er Klassekampen sine lesarar flinke til å reagere på alle feil som kjem på prent i avisa, så når dette har stått uimotsagt i fire veker, må eg spørre om dei virkelig går god for denne skildringa?
Det er ikkje vanskelig å slutte seg til forfattarane når det gjeld hovudinnhaldet i innlegget; at vestlige land sin kolonialisme og imperialisme har ført til ufattelige lidingar rundt om i verda, og at dei gamle kolonimaktene har like mye grunn til å ta sjølvkritikk og oppgjør som Tyskland etter nazitida. Men trass dette positive innhaldet i innlegget, bekreftar forfattarane ufrivillig nettopp det "trangsynte og navlebeskuende" bildet dei gir av oss i Vesten.
Bare elende?
Verda utafor Europa blir framstilt som eit einaste trøsteslaus elende. Det er som om resten av verda ligg og dør i rennesteinen, utan unnatak. Her er ikkje plass for at denne delen av verda har ein stadig veksande del av verdas industri, for at mange av landa utafor Europa har eit kulturliv som minst kan måle seg med mange europeiske land og ikkje minst at dei sjølve fører ein aktiv kamp for å endre dei urettferdige fordelinga i verda og den europeisk/nordamerikanske dominansen.
Eitt folkeslag i Australia?
Ein stor del av innlegget er via urfolk i Australia og Amerika. Det som står her er prega av ei utrulig forenkling. Britane blir sagt å ha utsletta tasmanarane til siste biologiske rest. Det er sant at det i dag ikkje er nokre "fullblods" tasmanarar igjen, men nokre overlevde massakrane og fikk barn med kvite og deira etterkommarar har no organisert seg og hevdar sin rett som tasmanarar.
"Det andre opprinnelige folkeslaget i Australia, aboriginerne..." skriv forfattarane. Dei opprinnelige folka i Australia besto av fleire hundre folkeslag med kvart sitt språk, forskjellige kulturar, religionar osv. Å slå dei saman til eitt folkeslag blir nesten som å snakke om det afrikanske eller europeiske folkeslaget.
Ingen indiansk kulturpersonlighet?
"Noe lignende gjelder som kjent Amerika. De få overlevende indianerne bor i såkalte reservater og har absolutt ingenting de skulle ha sagt" Det er så ein må klype seg i armen. I Amerika bur det ganske mange millionar opprinnelige amerikanarar, også kalt indianarar, eit lite mindretal av dei bur i reservat. Vidare: " - hvem har vel hørt om en indiansk minister, forretningsmann eller kulturpersonlighet?" Kva med presidenten i Bolivia? Om ikkje forfattarane har hørt om ein indiansk kulturpersonligheit, fortel det mest om deira mangel på kunnskap. Her finst hundrevis om ikkje tusenvis å ta av, sjølv anglofiserte nordmenn bør vel ha hørt om Buffy Sainte-Marie og Jimi Hendrix, for bare å ta to eksempel.
Paradisiske vilkår?
"Materielt sett lever vi under paradisiske vilkår" skriv Hagerup og Brodin. Ein får lyst til å sitere eit mye brukt uttrykk frå ei fast spalte i Klassekampen: "Snakk for dykk sjølve". Det skulle ikkje vere naudsynt å bruke spalteplass på å tilbakevise at alle i Vesten eller i Noreg lever under paradisiske vilkår, aller minst i ei avis med namn Klassekampen. Men eg syns det er skremmande at slikt kan bli servert i nettopp denne avisa utan å bli motsagt. Men kanskje dette kan bidra til auka forståing for at avisa treng å prioritere å gi saklig informasjon om urfolk både ute i verda og i Norden.
Svein Lund
Guovdageaidnu
Til hovudsida.