Artikkel i Klassekampen 11.08.1990

AVGJØRANDE KONFERANSE FOR URFOLK

Mens representantar for urfolk frå heile verda samla seg til møte i Tromsø, blei den kanadiske hæren satt inn mot Mohawk-indianarar som kjempar for å hindre at ein enno større del av landet deira skal bli tatt frå dei. Det er noko så vesentlig som bygging av ein golfbane(!) som har fått kanadas regjering til no å sette inn hæren og omringe reservata Kahnesatake og Kahnewake utafor Montreal. Slik demonstrerte Kanadas regjering kor lite urbefolkningane sine rettar enno er respektert i verda i dag. Slik demonstrerte dei og kor naudsynt det er for urbefolkningane å stå saman og kjempe før dei har mista sine aller siste område.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Den 6. verdskonferansen som starta på torsdag kan bli avgjørande for framtida for Verdsrådet for urbefolkningar (WCIP). Vil ein klare å samle seg om ei ny leiing som kan samle urbefolkningane, eller går det mot enno større kløyving? Verdsrådet har lenge vore hemma av indre strid, og nokre grupper har allereie trukke seg ut. Indianarane i USA er ikkje representert i Tromsø, og inuitane satsar no heller på sin eigen organisasjon. Det er stor misnøye med den noverande leiaren, Donald Rojas frå Costa Rica. Frå samisk hald er det klart at dei vil ha ny leiing, og dei er og villig å stille leiarkandidat "om det trengs". Også frå det nydanna regionen for Karibia blei det sagt at "som i naturen må gamle blad vike plassen for nye".

Men leiinga ser ikkje ut å ha tatt kritikken særlig til seg, og i rapporten frå arbeidet i dei tre åra som har gått sidan siste konferanse i Peru, heiter det ubeskjedent: "I WCIP har vi overoppfyllt måla våre". Når vi spør Donald Rojas ka som er dei viktigaste politiske motsetningane er det heller ikkje noko klårt svar å få.

Sovjet med

Men på eit område er organisasjonen i vekst. For første gong er nokre av urbefolkningane i Sovjet representert, her er samar, hanti, . -For få år sidan torde vi ikkje ein gong tenke på å kunne delta i noko slikt, sa Jevdokija Gajer, som høyrer til -folket og sit i det Øverste Sovjet. Det er no igang eit eige utval under det Øverste Sovjet som skal utarbeide forslag til ein eigen lov om rettane til dei 26 små nasjonane i nord. Leiaren for dette utvalet, hantien Jeremij Aipin er ein av tre observatørar frå det Øverste Sovjet som følger WCIP-konferansen. Hanti/mansi-republikken ligg eit stykke sør for Novaja Zemlja, og dei er svært bekymra for følgande om der blir satt igang atomprøvesprengingar igjen. Urbefolkningane i Sovjet er enno ikkje tatt opp som medlemmar i WCIP, men representantane deira meinte det ikkje var noko i veien for at dei kan bli det.

Bare to samekommunar?

På vegne av den norske regjeringa ønska Johan J.Jakobsen velkommen og opna konferansen. Sjeldan har ein regjeringsrepresentant sagt fleire store ord om urbefolkningane sin kultur og rettar, og for representantane frå indianarane i land som Guatemala og Brasil må det ha virka som dei no var kome til paradis. Jakobsen slo bl.a. fast at Norge har spela ei aktiv rolle i å utarbeide ILO-konvensjon nr. 169 om urbefolkningar og stammefolk i uavhengige land, og at Norge som første land ratifiserte denne 20. juni i år. Likevel kom ministeren til å avsløre ein viktig strategi i norsk samepolitikk da han sa at "i to kommunar i indre Finnmark utgjør samane eit fleirtal av befolkninga, slik at dei gjør dette til eit samisk kjerneområde". Her følgde han opp ein tradisjon frå norske styresmakter med å usynliggjøre dei samane som på grunn av fornorskingspolitikken ikkje lenger har samisk som dagligspråk. For tar ein med dei, vil ein nok finne langt meir enn to kommunar i Norge med samisk fleirtal.

Kulturmøte

Ved sida av omlag 80 delegatar frå 29 land er hundrevis av inviterte gjester, omservatørar, kunstnarar og pressefolk frå heile verda denne veka samla i Tromsø. Ved sida av hovudforhandlingane går det parallelle arbeidsgrupper som diskuterer helsepolitikk, miljøvern, fredsarbeid og kvinnespørsmål. Det kunstneriske programmet spenner frå premiere på Beaivvas-teateret sitt stykke om solsonen sit frieri i jettane sitt land til songarar frå New Zealand og Grønland. Her er kunstutstillingar og nye samiske bøker blir presentert. Også på det kunstneriske området er det ein stor inspirasjon for urbefolkningar å møte kvarandre sin kultur i både tradisjonell og moderne form.

_______________________________________

Dette er ein av fem artiklar frå Verdskonferansen for urfolk i Tromsø i august 1990.
Dei andre finn du i lag med fleire artiklar om urfolksspørsmål her: Urfolk

Til startsida

sveilund@online.no