Artikkel i Klassekampen

ALLE URFOLK SIN PRIS

Fredsprisen til Rigoberta Menchu Tum er ein pris til alle urfolk, sa sametingspresident Ole Henrik Magga da han laurdag ønska prisvinnaren velkommen til Guovdageaidnu og Sápmi. Laurdag drog Rigoberta i lag med to av medarbeidarane sine til Finnmark som gjester hos Sametinget.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Besøket blei ein kraftig demonstrasjon av einskapen mellom urbefolkningar over heile verda. Ein fullsett sal i kulturhuset i Guovdageaidnu hylla fredsprisvinnaren. I salen kunne ein sjå dei fleste variantar av samekofter som finst. Her var samar frå heile Sameland, frå sørsamar til langt aust på Kolahalvøya.

I talen sin sa Ole Henrik Magga: - På kort tid har du greid å vekke verdas oppmerksomheit om situasjonen til folket ditt og den indianske befolkninga i Latin -Amerika... Med den prisen som er tildelt deg har ei heil verd blitt merksam på kolonistane sine grusomme brotsverk og liingane til det indianske folket. Du er eit symbol på at mennesket sine inste verdiar ikkje lar seg knuse av undertrykking, fysisk vald og fordriving. Derfor er det ei ære for oss i dag å vere i lag med deg.

Magga trakk parallellar til samane sin situasjon: - Vi er eit fredens folk, men vi har og gjennom historia fått erfare kordan det er når andre vil avgjøre ka vi får lov å vere. Vi er og blitt kolonisert utafrå. Folket vårt er blitt delt mellom 4 statar utan at nokon har spurt oss. Vi har vore nøydd å tole at livsverdiane, språket vårt og landet vårt har blitt tatt frå oss. I eit hundreår frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet førte staten Norge ein intens kamp for å utrydde kulturen og språket vårt. Bortsett frå direkte vald blei alle middel brukt i denne kampen. Og sjølv om fornorskingspolitikken no er forlatt, slo Magga fast at dei grunnleggande rettighetane ikkje er løyst, men "stadig under utreiing", eit klart peik til Samerettsutvalet, som ikkje har klart å utreie noko om rettsspørsmål i løpet av 12 år.

SØSTRE OG BRØR.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle komme hit som er så uendelig langt frå Guatemala, sa Rigoberta Menchu da ho helsa forsamlinga. - Og så ser eg at her møter eg mine eigne søstre og brør.

Rolig og utan manuskript heldt ho ein sterk tale frå hjertet: - Mayafolket sin draum er at daggryet snart må komme, og regnet falle og fukte det frøet som ligg i jorda. Frøet er hjertet vårt, eit felles hjerte. Det er ikkje bare ein draum, det er noko reelt, noko som finst. For folket vårt har gjort motstand. Vi er eit levvande vitnesbyrd om ein kultur som skal leve i tusen år til.

Rigoberta sin tale var ein appell om at alle undertrykte må stå saman. Ikkje bare indianarar og urbefolkningar, men kvinner og alle fattige. Kampanjen 500 års motstand bør fortsette, og utvidas med andre undertrykte grupper, som svarte amerikanarar. - Eg ser klart at samane og vi har ein felles kamp. Vi ser at samane på mange vis har kome lenger enn oss, og kampen deira kan stå som eit eksempel for oss.

Det samiske teateret Beaivvás overgikk seg sjølv med ei fantastisk førestilling med joik og eldre og moderne samiske songer, akkompagnert av lysbilete frå naturen og livet i Sá ápmi. Ingor Ánte Áilu Gaup hadde og laga ein eigen joik, "Til Rigoberta frå Áilu", der han innimellom spela fløyte i indiansk stil.

Ved sida av samisk, norsk, finsk og svensk presse hadde to journalistar frå Guatemala tatt vegen til Guovdageaidnu. På pressekonferansen spurte dei om ho meinte det kunne vere aktuelt med eit indiansk folkevald organ i Guatemala, etter mønster av Sametinget. Rigoberta svarte at dette ikkje høver i Guatemala. Målet til indianarane der er å få eit blanda parlament der alle folkegrupper er representert. Men ho meinte likevel at Sametinget kunne vere ein inspirasjon for andre urbefolkningar. Dei har vist at det går an å få eit visst sjølvstyre og oppnå anerkjenning av folkelig identitet og språk innafor ein nasjonalstat.

Det var eit omfattande program Sametinget hadde lagt opp, fredsprisvinnaren fikk møte med representantar for Nordisk Sameråd, den samiske kvinneorganisasjonen Sáráhkká og Norske kveners forbund. Det siste var sikkert noko forvirrande, ettersom sametingspresidenten presenterte dei som ein innvandrarorganisasjon, mens kvenane sjølve understreka at dei ikkje var innvandrarar, men derimot ei av urbefolkningane på Nordkalotten.<EP>

REINRAID TIL KYRKJA

Det var tydelig at Rigoberta kjende seg langt meir heime blant samane i Guovdageaidnu enn blant kongelige og politikarar i Oslo. Fleire gonger understreka både prisvinnaren sjølv og samiske representantar at indianarar og samar er søstre og brør. Det var derfor heilt naturlig at indianarane kom til kyrkja på søndag med reinraid, kledde i samiske klede; kvit staspesk og kvinnelua frå Guovdageaidnu. (I sterk kontrast til reaksjonane når ein norsk politiker kjem til Guovdageaidnu og set på seg kofta.)

I kyrkja var det gudsteneste med både soknepresten og prosten. Soknepresten las dagens tekst om døyparen Johannes som var ein føregangsmann for Jesus og som blei satt i fengsel fordi han våga å kritisere kong Herodes. I dag har vi og slike føregangsmenn og -kvinner, sa han, noko vi ser klart i samband med fredspristildelinga til Rigoberta Menchu Tum.

Gudstjenesten var for dei aller fleste for dei fleste einaste sjanse til å få eit glimt av nobelprisvinnaren og til å høyre ho. Slik fikk ho ein sjanse til å snakke direkte til vanlige kvinner (og nokre få menn) som ellers aldri kjem i direkte kontakt med det internasjonale samarbeidet som dei samiske organisasjonane tar del i.

FORSVINNINGANE - EIN STATSPOLITIKK

Mens prosten ba om Guds velsigning for indianarane og urbefolkningsåret, bar Rigoberta Menchu sin tale i kyrkja ein heilt jordná‘ár appell om samarbeid i kampen mot fattigdom og ufridom. Ho fortalte frå eit Guatemala som knapt har hatt anna enn krig i hennar levetid, og punkterte forsøka frå regjeringa på å fri seg frå ansvaret. - Tusenvis har forsvunne, for forsvinningane er ein statspolitikk i Guatemala. Ho understreka det ansvaret heile menneskeslekta har. Når ein snakkar om menneskerettar blir det ofte bare sett på individuelle rettar. Men like viktig er dei kollektive rettane og verdiane.

Det kollektive synte ho og ved at ho trakk medarbeidarane sine frå Guatemala fram på kyrkjegolvet liksom dagen før på scenen. Slik ønska ho å vise at det ikkje bare var hennar pris, men ein pris ho deler med alle som kjempar i lag med ho.

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om urfolk, eller om  samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no