Artikkel i Klassekampen 16.08.1990

Krev Novaja Zemlja tilbake

Av Svein Lund

Nasjonalitetsproblema i Sovjetunionen har for omverda mest dreid seg om dei større nasjonane med eigne sovjetrepublikkar. Men i nordområda frå grensa mot Norge til Beringstredet i aust er det heile 26 forskjellige nasjonalitetar. Når representantar for fire av dei no for første gong sjølv kunne delta i det internasjonale urfolksamarbeidet og fortelle om forholda dei lever under, kom det fram at dei små nasjonane i det nordlige Sovjet lir under akkurat det samme problema som andre urbefolkningar: Områda deira blir øydelagt av kraftutbygging, gruvedrift, oljeleiting og opprustning. Mange er i ferd med å miste sitt eige språk, og kulturen går i oppløysing.

- Tidligare blei problema for dei små folka sett på som løyst, sa Jevdokija Gajer frå ainin-folket langt aust i Sibir. Nesten kvart år laga regjeringa gode resolusjonar og vedtak om økonomiske, sosiale og kulturelle problem som urbefolkningane hadde. Men dei gode direktiva frå toppen nådde sjeldan ut til dei folka som det gjaldt, sjølv om dei offisielle tala synte at mange milliardar rublar blei investert. Men med perestrojka og glasnost blei det ikkje lenger mogleg å skjule dei negative sidene.

Det autoritære kommandosystemet øydelegg områda til dei små folka. Tradisjonelle jakt- og fiskeområde forsvinn. Når departementa skal gjennomføre statsplanane tar dei ikkje omsyn til den nasjonale identiteten og kulturen til urbefolkningane, til vår måte å leve på. Spørsmålet om eigedomsretten til landområda må no løysas. Det samme systemet har ført oss inn i ein farlig situasjon der språka, folkemedisinen, den tradisjonelle kulturen og kunsten til mange folkeslag kan bli borte. Den religiøse trua til dei små nasjonane var først forsøkt utrydda av misjonærane, seinare av ateistisk aktivitet.

I motsetning til Amerika er størstedelen av leiarane til urbefolkningsorganisasjonane i Sovjet kvinner. Angelina Ardejeva er leiar for organisasjonen til nenets-folket. Det er med sine 37000 den største av "dei små nasjonane i nord". Dei bur no i tre område: I Arkangelsk-distriktet med hovudstaden Naryan Mar, på Jamal-halvøya og i Dolgano-området. Om ikkje alle disse namna er så kjen for folk i Norge, er det eit namn alle har høyrt: Novaja Zemlja, øyane der Sovjet dreiv med atomsprengingar i 60-åra og der dei no har tenkt å starte opp igjen etter at dei blei tvungne å legge ned prøvesprengingsfeltet i Semipalatinsk i Kazakstan.

- Vi er det folket som bur nærast til Novaja Zemlja, og atomprøvesprengingar her er eit virkelig stort trugsmål mot oss. Før det blei eit atomsprengingsfelt var det nenets som budde på Novaja Zemlja. Men i 1956 blei alle nenetsar tvunge til å forlate øya og i 1958 flytta den siste nenets derifrå. Vi krev no at Novaja Zemlja blir gitt tilbake til den opprinnelige befolkninga, og parlamentsmedlemmet vårt, Alexander Vytsjevskij, har reist dette kravet i det sovjetiske parlamentet.

- Vi er nomadar eller halvnomadar og lever av reindrift. Men store reinbeiteområde blir no øydelagt av olje- og gassutvinning, særlig på Jamalhalvøya. Denne fører til at heile området blir varmare, permafrosten blir øydelagt, og ettersom Jamalhalvøya ligg svært lågt, kan store delar av den rett og slett forsvinne i havet. Det er ein av dei aller viktigaste oppgåvene for organisasjonen vår å stoppe denne øydelegginga.

_______________________________________

Dette er ein av fem artiklar frå Verdskonferansen for urfolk i Tromsø i august 1990.
Dei andre finn du i lag med fleire artiklar om urfolksspørsmål her: Urfolk

Til startsida

sveilund@online.no