Artikkel i Klassekampen 16.08.1990

WCIP-KONFERANSEN

NICARAGUA:

Chamorro saboterer indianarane sitt sjølvstyre

- Regjeringa til Violeta (Chamorro) forsøker på alle område å sabotere det sjølvstyret vi har kjempa oss til. Ved valet var indianarane splitta på midten, men no samlar vi oss for å forsvare rettane våre. Dette seier Rosa Cunningham, miskituindianar og sandinist.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Rosa bur i Puerto Cabesas, hovudstaden i provinsen Atlantico Nuorte, og er leiar for "Movimiento Cultural Multi-etnico". Dei organiserer kulturarbeidarar og kunstnarar frå dei forskjellige folkegruppene. Organisasjonen er politisk uavhengig, men 95 prosent av kunstnarane i Nicaragua er sandinistar, slår Rosa fast. For 11 år sidan, på den tida sandinistrevolusjonen sigra, var Rosa ferdig utdanna som lærar. Men det har ho aldri hatt tid å praktisere som, før ho blei heiltidsleiar i kulturorganisasjonen har ho vore direktør for sosialsaker og for kultursaker i provinsadministrasjonen. Kor ellers i Latin-Amerika kunne vi treffe ei kvinne på 38 år og som har nådd å ha to direktør-stillingar bak seg? Det virkar ganske utenkelig alle andre stader enn i Nicaragua, men så er da landet det einaste i Latin-Amerika med ei sterk kvinnerørsle. I Nicaragua blir Rosa slett ikkje sett på som ung i forholg til stillingane ho har hatt. Her fins eksempel på kvinnelige fylkesmenn på 24!

Asamblea Autonoma

Valet i februar var ikkje bare val til president og nasjonalforsamling. I dei to provinsane på Atlanterhavskysten som er dominert av indianarar var det og det første valet til sjølvstyreforsamlingar, Asamblea Autonoma. I Asamblea Autonoma i den nordlige atlanterhavsprovinsen er det 45 representantar, 23 for Yatama, 22 for sandinistane. I nasjonalforsamlinga har provinsen bare 3 representantar, ein frå regjeringskoalisjonen UNO, ein frå indianarorganisasjonen Yatama og ein frå sandinistane. Sandinistrepresentanten er søster til Rosa, Mirna Cunningham.

- For første gong fikk vi vårt eige folkevalde organ, seier Rosa, - og alle på Atlanterhavskysten kjenner det slik at dette organet er vårt, uansett kem dei stemte på. Men ka hjelper det å få eit folkevalde organ når dei ikkje kan fungere? Dei har rett og slett ikkje fått pengar. Det er regjeringa sin måte å sabotere sjølvstyreloven på. Ikkje har dei råd å ha møter, ikkje å bygge opp ein administrasjon. Eit par møter har dei greidd å ha, der dei har stilt spørsmål til regjeringa ka dette skal bety, kvifor dei ikkje får pengar. Sjølv om Yatama støtta danninga av UNO-regjeringa, står dei i lag med sandinistane for å verne om det nyvunne regionale sjølvstyret. - Det regjeringa vil ha istaden, er eit nydanna departement for indianarspørsmål. Til å leie dette har Violeta satt miskituleiaren Brooklyn Rivera, som tidligare har samarbeida med contras. Det har ho gjort utan å konsultere sjølvstyreforsamlingane i det heile. Slik er urbefolkningane sine eigne representantar satt heilt utafor. Eg er ikkje overraska over at UNO ville finne på noko slikt. Ingen høyreregjering har interesse av at minoritetar skal få styre seg sjølv.

Sparkar ut lærarane

Da sandinistane starta si alfabetiseringskampanje etter revolusjonen trudde dei det var bare å gjennomføre denne på spansk over heile landet. Etter kvart oppdaga dei at dette ikkje gikk bra overalt, og starta arbeidet med å utvikle undervisning på morsmåla til dei folkegruppene som snakkar andre språk enn spansk. Vi spør Rosa korleis dette står i dag.

- Vi har no kome så langt at sumu-ungane får undervisning på sitt eige språk i tre år, mens miskituane og kreolane får i fire år. Og innhaldet er minst like viktig, at det er ei utdanning som styrkar den eigne kulturen. Men no har utviklinga stoppa opp og byrja å gå tilbake. Utdanninga skal privatiseras som alt anna i samfunnet. Dei har kutta ut transportstøtta, noko som har gjort at mange studentar har blitt tvunge til å slutte. Til no har utdanning vore gratis, men om skolane blir privatisert, vil det vere mange elevar som ikkje har råd å gå på skole. Særlig gjør regjeringa mye for å gjøre det vanskelig for ungane frå dei nasjonale minoritetane å få utdanning. No ønsker regjeringa å kvitte seg med alle lærarar som har vore i sandinisttida, og mange har alt blitt sparka. Ofte blir elevane sittande igjen utan lærar. Violeta har beordra å bytte ut lærebøkene frå sandinisttida, dei skal byttas ut med tekstar som er laga av AID, den CIA-støtta organisasjonen for utviklingshjelp frå USA.

- No forsøker dei å endre heile justissystemet. Dei undergrev lovane med å gi forskrifter til dei som er i strid med hensikta i lova. Regjeringa er i full gang med å sette Nicaragua tilbake til tida før sandinistrevolusjonen. Men det klarer dei aldri, til det er masserørslene for sterke. Det har vore ein veldig motstand mot mange av tiltaka til regjeringa, og etter streiken i sommar har vi fått ein slags ny nasjonal dialog.

Contras fins fortsatt

- Men de har i alle fall fått fred og contras er avvæpna?

- Offisielt er dei avvæpna, men i realiteten fins det fortsatt ekstremistgrupper med våpen. Hæren har vore overalt i landet for å avvæpne dei, men dei har ikkje tatt alle. Og dei internasjonale observatørane trur at alt er i orden og har reist heim.

Avgjør sjølve

Det er mange folkgrupper i blant dei 3.5 millionar innbyggarar i Nicaragua. Omlag ein tidel bur på Atlanterhavskysten, der miskitu er den største gruppa, ved sida av Sumu, Rama og kreolar. Namnet kreol blir i Nicaragua brukt om blandingsfolk av afro-amerikanarar og indianarar som snakkar ei blanding av engelsk og forskjellige indianske språk. På Stillehavskysten bur det fleire indianske folk i mindre område, slik som Matagalpa, Sutiava i Leon og Monimbo i Masaya.

- Men korleis avgjøre kem som er ka, spør vi, med striden om det norske samemanntallet i friskt minne.

- Det har vi ordna ganske enkelt, svarar Rosa. Sjølvstyrelova seier det er opp til ein kvar å definere nasjonaliteten sin. Etter som eg bur i eit miskito-område reknar eg meg som miskitu, sjølv om mor mi er blanding av sumu og rama.

_______________________________________

Dette er ein av fem artiklar frå Verdskonferansen for urfolk i Tromsø i august 1990.
Dei andre finn du i lag med nokre fleire artiklar om urfolksspørsmål her: Urfolk

Til startsida

sveilund@online.no