Bokmelding i Skolefokus nr. 20-1997

Svein Lund:

Viktig om urfolka i Arktis

Advarsel! Dette er ei svært farleg bok dersom du

Lar du deg ikkje forskrekke av dette, bør du fortsette å lese, ikkje bare denne bokmeldinga, men også læreboka som eg har snubla over: «Mii leat ain dás/Vi er enda her» av Siri Broch Johansen, utgitt av forlaget Davvi Girji i Kárášjohka.
I disse reformtider der læreplanar blir forskrifter og loven og profetane, er dette noko så sjeldsynt som ei lærebok utan læreplan. Dette kan føre til at ingen vil føle seg pålagt å kjøpe ho inn, men samtidig er det boka sin styrke. Ho er ikkje laga i ei tvangstrøye.

Nenetsar, inuitar og samar

«Mii leat ain dás/Vi er enda her» er ei bok om urfolk i Arktis og er ifølge etterordet tenkt som supplement til o-fagsundervisninga i grunnskolen. (Det blir vel Samfunnsfag etter R97). Vi møter nenetsar i Russland, inuitar i Alaska, Canada og Grønland, og sist, men ikkje minst samar.
Forfattaren er sjølv same og legg ikkje skjul på at ho ser forholda mellom urfolka og storsamfunna frå eit samisk perspektiv. Boka er likevel skreve like mye for norske som for samiske elevar. Gjennom heile boka er det dobbelt tekst på norsk og samisk. Dette gjør at i tillegg til å lese ho for innhaldet si skuld kan boka vere ei nyttig hjelpebok for elevar med samisk som andrespråk.
- "Hvem er primitiv? Hvem er sivilisert", spør forfattaren og riv ned biletet av dei «primitive» urfolka mot oss «siviliserte». Er du eksotisk? er eit anna provoserande spørsmål, der svaret er at vi alle er eksotiske, når vi bare kjem i eit anna miljø enn det vi er vant med.
Med denne bakgrunnen legg så Siri Broch Johansen fram fakta om levemåten til urfolk i ein nenets-landsby i Nenets Autonome Okrug i Nord-Russland, i Barrow i Alaska, Gjøahavn i Canada, Ilulissat på Grønland. Vi får lese om tradisjonelle næringar som fangst, fiske og reindrift, om tradisjonell klesdrakt og kultur, men også om korleis storsamfunnet langt på veg har reve opp den gamle kulturen, tatt frå dei språket, satt ungane i internatskolar og gjort mange til arbeidslause sosialklientar. Heile tida er ungane og ungdommen sitt perspektiv med; kva gjør dei på skolen og kva gjør dei på fritida.
Innimellom teksten er det spørsmål som skal få lesarane til å tenke over situasjonen og kanskje trekke nokre parallellar til heimlege forhold. Slik som f.eks.:
- Kan du tenke deg noen av grunnene til at foreldrene lærer barna sine et annet språk enn det de selv har som morsmål?
- Hvorfor kan det bli vanskelig å drive reindrift bare fordi noen oljeselskaper slår seg til på tundraen? Er ikke tundraen stor nok for alle?
- Hvordan er det i det området du bor? Hvem eier landet?

Når eg les disse spørsmåla, kjem eg til å tenke på skaparen av «frigjøringspedagogikken», Paolo Freire, som ville at folk skulle få kunnskapar om livssituasjonen sin som grunnlag for å endre han.

Dekker eit sakn

Boka dekker eit stort sakn. Ho er ikkje bare ei bok om historia, geografien og samfunnslivet i områda rundt Arktis, men og ei bok om natur- og miljøvern. Ho viser skadeverknadene av oljeutvinning, samtidig som ein forklarer at det ikkje er inuitane sin selfangst som er miljøfiendtlig, men derimot misforstått naturvern som er eit trugsmål mot levemåten deira.
I tillegg er her oppskrifter på mat frå Grønland og Sameland (rognbollar, ikkje reinkjøtt!).
Kapitlet om samar skal først og fremst vise at samar er noko meir enn det tradisjonelle biletet av reindrift og kofter. Ein tar opp situasjonen til samiske ungar i Oslo, samisk ungdom i fornorska samebygder i Troms osv. Men å presentere samar i fire land på 20 sider blir lett springande når ein skal nå over alt, og dette blir mest for å gi nokre andre innfallsvinklar enn den vi vanlegvis møter i lærebøker. Så den som vil bruke dette til å undervise om samiske forhold, må nok spe på med andre kjelder, ikkje minst om dei tradisjonelle næringane, som her bare er representert med bilete.
Sjølv har eg lest boka med stort utbytte, så sjølv om ho er skreve for grunnskolen, skulle også elevar i vidaregåande ha utbytte av ho, særleg så lenge det ikkje er skreve noko tilsvarande for dette skoleslaget. Boka kan med fordel lesast av alle med tilknytning til skoleverket, frå grunnskole til universitet. Eit minimum bør vere at alle samfunnsfaglærarar har ho og at ho finst i alle skolebibliotek i landet.
I Finnmark har Lærarforbundet tatt initiativ til skolering om bakgrunnen for Samerettsutvalet si innstilling. Her har vi fått eit nyttig bidrag til den skoleringa.


Til hovudsida.

sveilund@online.no