Artikkel i Klassekampen 15.08.1990

500 ÅRS FOLKEMORD - 500 ÅRS INDIANSK MOTSTAND

- Dei har tenkt å feire 500 års folkemord mot urbefolkningane i Amerika. Det har vi ikkje tenkt å la dei gjøre i fred.

Av Svein Lund, Tromsø

12.oktober 1992 er det 500 år sidan italienaren Cristobal Colon "oppdaga" den verdsdelen som seinare fikk namnet Amerika. Det var starten på ei erobring og eit folkemord som enno pågår for fullt. Ikkje i ein av dei 36 amerikanske statane har den opprinnelige befolkninga makt, i nokre er dei totalt utrydda. Likevel var urbefolkningar frå heile 22 av dei amerikanske statane representert i Tromsø og ga rystande skildringar av ka dei har gjennomlevd under 500 års kolonisering.

Men dei 500 åra er ikkje bare ei indiansk lidingshistorie, det er og ei historie om 500 års motstand. I dag kjempar Yanomami-folket i Amazonas og Mohawk-folket i Kanada mot inntrengarar i områda deira, mens Miskito og Sumu-folka i Nicaragua kjempar for å beholde det sjølvstyret dei oppnådde under sandiniststyret. Over heile kontinentet kjempar hundrevis av folkeslag for kontrollen over eigne landområde, for retten til eige språk, kultur og religion, for arbeid og helse, for retten til eit verdig liv.

Til Tromsø har mange av dei reist med fare for å bli arrestert, torturert eller drept når dei kjem tilbake. Det har hendt før at delegatar til urbefolkningskonferansar har blitt fengsla straks dei har kome tilbake til heimlandet, og ingen veit vel kor mange av dei som må stille her under eit anna namn enn sitt eige. Så er det ikkje rart at nokre nektar å følge taletida og forlate talarstolen før dei har fått fortalt det dei har reist så langt for å gjøre kjent for verda. Vi som fikk møte dei og høyre om både lidingane og kampen kjenner det mest som eit svik når vi bare kan bringe vidare litt av historiene til representantane til dei mange stolte folkeslaga som aldri ga opp:

* Frå regnskogen lengst nord i Brasil kom Davi Kopenawa Yanomami for å fortelle om folket sitt på 9000 menneske som på få år har fått landet sitt invadert av over 40000 gullgravarar, "garimperiros". Resultatet er at omlag 1500 har døydd dei siste to åra. Andre er redusert til tiggarar fordi livsgrunnlaget deira er øydelagt. Gullgravarane har bygd heile 120 ulovlige flystriper.

- Garimpeiros forgiftar elvene våre med kvikksølv og olje. Dei bringer med seg sjukdommar som vi ikkje toler. Eg har kjempa mot dette i fem år, og snakka med tidligare president Sarney personlig. Han lova å stoppe garimpeiros, men gjorde ingenting. Den nye presidenten,Collor har og lova å fjerne garimpeiros frå landet vårt, men hittil har han ikkje gjort noko. Om ikkje gullgravinga blir stoppa, vil vi alle døy.

Da dei spanske og portugisiske conquistadorane starta si gulljakt, var det omlag fem millionar indianarar i Brasil. I dag er det ikkje meir enn 250000 igjen.

* - Naturvernorganisasjonar er interessert i å verne blomar og dyr, ikkje i urbefolkningane sitt liv. Men den beste måten å verne regnskogen på er å forsvare urbefolkningane der, og ta lærdom av vår måte å utnytte ressursane på ein forsvarlig måte. Vi må sjølv organisere oss for å verne oss mot utplyndringa avAmazonas-området. Det sa Evaristo Ronquan frå COICA, koordineringsorganisasjonen for Amazonas-indianarar i fem statar. Dei henvender seg no direkte til Verdsbanken, EF, den Interamerikanske Utviklingsbanken og AID i USA. Dei krev at alle organisasjonar og selskap som vil drive produksjon eller såkalla utviklingsprosjekt i Amazonasområdet først skal informere og diskutere med organisasjonane til urbefolkninga, og at lokalbefolkninga skal godta det før noko blir satt igang. Dei har og laga eit program for ka slags utvikling dei ønsker for Amazonas, for ei utvikling som ikkje raserer regnskogen, og som tjener dei opprinnelige innbyggarane i regnskogen.

* - Costa Rica skryt av 100 års demokrati, og presidenten vår fikk Nobels Fredspris, sa Rito Stewart. - Men det ikkje omverda vet om er at her er ei stor gruppe indianarar som ikkje ein gong har eigne identitetskort, fordi regjeringa reknar dei som utlendingar. Dei bygger kraftverk i områda våre så dei blir øydelagt, samtidig som at dei nektar for at vi finst. Organisasjonen som leiar turistnæringa seier det ikkje fins indianarar i Costa Rica.

Gigantiske arrangement er planlagt på begge sider av Atlanterhavet for å feire "oppdaginga" og koloniseringa av Amerika. WCIP-konferansen diskuterte korleis dei koloniserte kan få fram si side av historia. Målsettinga er bl.a. eit 1992-fond på 500 millioner US$ for å hindre at erobrarane får monopol på markeringa, for å informere om situasjonen for dei amerikanske urfolkg og styrke kampen for å få igjen sjølvråderetten etter 500 år.

- Vi ønsker å erklære 1992 som det internasjonale året mot europeisk ekspansjon. I dette vil vi få med våre afrikanske og asiatiske brødre og søstre, sa Alfredo Chipana Herrera frå Chile.

_______________________________________

Dette er ein av fem artiklar frå Verdskonferansen for urfolk i Tromsø i august 1990.
Dei andre finn du i lag med fleire artiklar om urfolksspørsmål her: Urfolk

Til startsida

sveilund@online.no