Artikkel i Klassekampen, 02.03.1988

YLI-aksjoner

Fylkesskolesjefen i Nordland har lagt fram ein plan for å spare inn 24.4 millionar på årets skolebudsjett.

Av SVEIN LUND

Landsmøtet i YLI i helga vurderte forslaget som så grovt at det gjorde eit eige vedtak om dette, der elevar og lærlingar i Nordland blir oppfordra til å aksjonere straks.

Nokre av tiltaka som er foreslått, er mellom anna:
Reduksjon av rammetimetall, nedskjæring av tilrettelagt opplæring for funksjonshemma, nedsetting av temperaturen i klasseromma med 2 grader.
Vidare tiltak er nedlegging av hybelhus, begrensing av vikarutgifter, nedlegging av 15 klassar i tillegg til 20 som alt er vedtatt nedlagt og å kutte ut tilskot til lærebedrifter.
Og dette var ikkje halve lista. Men fylkesskolestyret og fylkestinget skal få velge. For fylkesskolesjefen har eit alternativ; det er å legge ned fleire heile skolar og 52 klassar.

Søndre Nordland YLI har reagert kraftig mot innsparingsforslaget, fortel Espen Johansen og Geir Hogne Bonsaksen frå distriktsutvalet.
— Dette kjem i tillegg til at ein høsten 1986 vedtok ein plan om å legge ned 20 klassar kvart år frå -87 til -91. Høsten -87 blei det så lagt ned ikkje 20, men om lag 30 klassar, seier dei to til Klassekampen.


Til startsida

sveilund@online.no