Svein Lund:

Notat til innleiingar for Styret for de samiske videregående skolene og for lærarane ved Samisk videregående skole og reindriftskole, vinteren 1993/94

Tospråklig undervisning - ka kan samiske videregåande skolar lære frå Wales?

Sámi Allaskuvlla arrangerte forrige skoleår eit kurs om annetspråksundervisning og tospråklig undervisning. Blant omlag 20 deltakarar var 3 lærarar frå samiske vidaregåande skolar; Trygve Guttorm og Martin Pope frå Kárášjohka og eg frå Guovdageaidnu. Samisk Utdanningsråd sin konsulent for vidaregåande skole, Hans Arild Holmestrand, var og med på kurset. Siste dagen på kurset laga vi planar for kordan vi kunne bruke det vi hadde lært for å styrke tospråklig undervisning i samiske skolar. Eit ledd i denne planen var at deltakarane frå dei samiske vidaregåande skolane skulle be om å fortelle frå kurset for styret.

Vi som bur i Norge tenker ofte at i Guovdageaidnu og Kárášjohka er det ein spesiell situasjon, fordi der er det to språk i bruk. Men ute i verda er det faktisk fleire tospråklige eller fleirspråklige enn einspråklige menneske. Og om vi ser litt utafor grensene kan vi kanskje finne noko som har fellestrekk med situasjonen vår, og som kan vere til nytte for oss. Og kanskje er det til og med slik at vi forstår våre eigne forhold bedre om vi samanliknar med andre.

Dei første to vekene hadde vi lærarar frå Wales. Dei fortalde om språksituasjonen der, og demonstrerte metodane sine for annetspråksopplæring, og sette oss til å bruke disse metodane i å lage våre eigne læremiddel. Eg kan her legge fram eit par eksempel på slike læremiddel for undervisning i samisk som andre språk som er laga etter inspirasjon bl.a. frå Wales. Målet for andrespråksundervisninga er at elevane skal bli tospråklige. Om dei ikkje blir aktivt tospråklige er det noko galt, ikkje med elevane, men med undervisninga.

Her i Guovdageaidnu er det slik at dei som har samisk som morsmål blir tospråklige, mens dei som har norsk som morsmål blir einspråklige. Korfor er det slik? Fordi det har status å være enspråklig. Det har vore slik at mangel på kunnskap ga status, så lenge ein hørte til det folket som hadde makta.

I Wales, på den andre sida, er det status å vere tospråklig. Omlag 18% av befolkninga har valisisk som heimespråk, men valisisk er obligatorisk i alle skolar, sjølv i område der språket ikkje er i daglig bruk. Om vi samanliknar, ville eg tippe at det ikkje er så langt frå sanninga om vi seier at 18% av befolkniga i Finnmark og Nord-Troms snakkar samisk. Men valisisk som fag er lågaste form for språklæring, og dei ser dette ikkje som tilstrekkelig, ettersom fleirtalet av elevar ikkje blir aktivt tospråklige. Derfor brukar fleire og fleire skolar valisisk som undervisningsspråk, også for elevar som har engelsk som morsmål. På ein skole hadde foreldra bestemt at dei ønska walisisk som hovudspråk i undervisninga. Blant foreldra var det bare 10% som snakka valisisk sjølve. Om vi igjen samanliknar, blir det som om skolane i f.eks. Lakselv og Kåfjord bestemte seg for samisk som hovudspråk.

Kurset vårt blei avslutta med ei uke i Wales. Og eg vil gjerne vise nokre bilete som kan fortelle litt om valisisk språkpolitikk og kanskje gi nokre idear til ka ein kan gjøre her.


Lysbilete
(meininga er å legge ut nokre her med tida.....

1. This is Wales, as they say: Cymru - yr hen wlad.
2. Welsh countryside - seen from the train
3. In last century South Wales was heavy industrialized, and people came from all welsh cuontryside to work in coal mines. But the last years most of the mines are closed down and unemployment is very high.
4. We meet the Welsh language politics: All signs of placenames are in both languages, and all telephone boxes.
5. Dá lea buot kursaoasseváldit olggobealde Coleg i Drindod.
6. Allaskuvlla studeanttat leat iskan gielladiliid ja dat č;ájahus feaskáris č;ájeha bohtosiid.
7. Áigečállagat walesagillii.
8. Logaldallan skuvlagiela birra. Logaldalli lea giellaplánejeaddji Dyfed-nammasaš fylkkas. There are three kinds of schools in Dyfed. The red are category A-schools with Welsh as the main medium of education. The green are category B-schools with English as the main medium, but some subjects in Welsh. The blue are category C-schools where Welsh is only a subject, like English in Norwegian schools.
9. Inside of Trinity College is one of many resource centers, where students and teachers can come and see what books and oapponeavvut there are.
10. Here they have collected papers from different schools.
11-12. Sihke oahpaheaddjit ja oahppit leat č;eahppi ráhkadit buotlágán govaid.
13. Fire car in Carmarthen.
14. Road signs in Carmarthen. Even English names are also written in Welsh.
15. We go to the countryside to visit schools. There are often the signs only with Welsh names.
16-17. Ysgol Beca is a category A-school
18. Kelttaid historjjá. Kelttat orro dološ áiggi olles brihttalaš sulluin, dál eanemusat Walesas, Irlanddas ja Skotlanddas.
19-20 Language centre English speaking children who move to areas where the education is in Welsh go to Language Centres for some days a week until they have learnt enough Welsh to follow normal classes.
21. Many young people leave Wales to look for work, instead of them come a lot of English people who want to buy houses. These posters with "For sale" were almost everywhere.
22. SIMTRA lea teknologasaš guovddaš mii lea rabas buohkaide.
23. Castle
24-26. Ysgol y castel
27. Leirskole, Llangrannog. Oahppit leat leairaskuvllas 4 vahku jagis. Doppe sii galget hupmat dušše Walesagillii 28. Čuoiganluohkká muohtaga haga.
29. Jus oahppit eai máhte doarvái jearrat borramuša walesagillii, de sii sáhtet geahč;č;at seainnis.
30. Riiden lea hui populeara.
31. Ja mii beasaimet maiddái geahč;č;alit makkár fálaldagat sis lei.
32. Aberystwyth lea Hammarfeasta-sturrosaš gávppot mas lea universitehtta.
33. Doppe mii finaimet girjelágadusa mii attii olggos sihke oahppogirjjiid ja eará girjjiid walesagillii.
34. Ja mekanihkkároahpaheaddji fertii dieđusge govvidit dán girjji.
35. Bieggamillut
36. Ma¹imus eahket Trinity Allaskuvllas ja Skánit-delegašuvdna lea váiban.
37. Ja loahppas mii lávlluimet sámi ja kymralaš našunallávllagiid. Jahkkimis lea vuosttaš geardi ahte Sámi Soga Lávlla lea č;uojahuvvon hárppain.


På andre del av kurset hadde vi ein førelesar som heiter Kamil Øzerk. Han kjem frå Kypros og arbeider på pedagogisk institutt i Oslo. Øzerk har skreve to bøker om tospråkligheit og tospråklig undervisning. Utgangspunktet hans er innvandrarmiljøet i Oslo. I Norge er det omlag 200000 menneske som har anna morsmål enn norsk og samisk. Av dei går 17-18000 i grunnskolen og 4-5000 i vidaregåande skole. I motsetning til samisktalande som i alle fall i prinsippet har rett til undervisning i og på samisk, har dei bare rett til undervisning i morsmålet, ikkje på det. Dette er etter Øzerk si meining ei av hovudårsakane til at ein stor prosent av dei framandspråklige elevane har dårlige resultat i skolen og få fullfører vidaregåande. Øzerk var opptatt av den faglige utviklinga, og det å bruke elevane sitt samla språklige repertoar best mulig i innlæring av faglige kunnskapar. Hovedtanken hans er at elevane skal lære fag og språk samtidig og at begge språka skal brukas i den faglige undervisninga. Slik vil den faglige og språklige utviklinga gå hand i hand og styrke kvarandre gjensidig. Dersom elevane skal bli fullstendig tospråklige og beherske det faglige innhaldet i skolen på begge språk, må dei for det første ha undervisning i og på begge språka og dei må få snakke begge språka i eit naturlig miljø.

Vi snakkar om morsmål, andrespråk og framandspråk, eller på samisk eatnigiella, nubbi giella ja amasgiella. Men ka er så eit andrespråk? Omgrepet bare brukt i omlag 20 år. Før det skilde ein bare mellom morsmål og framandspråk. Det er framleis ikkje heilt klart ka vi legg i andrespråk. Det viser seg at ikkje eingong dei to samiske vidaregåande skolane brukar dette på same vis. Ein pedagogisk definisjon vil kunne vere noko slikt: Eit språk ved sida av morsmålet som ein har hørt frå barndommen og som ein sjølv kan uttrykke seg på i større eller mindre grad. Ein som veks opp i eit fleirspråklig samfunn vil såleis kunne ha fleire morsmål eller fleire andrespråk. Framandspråk er derimot noko vi ikkje frå barndommen opplever i sitt naturlige miljø, men som vi får inn i regelen gjennom skolen og/eller gjennom reiser til område der språket blir brukt. I samiske skolar snakkar vi om norsk og samisk som 2. språk.

Men det fins og ein politisk definisjon av andrespråk. Denne seier at for alle norsktalande samar er samisk andrespråk. Politisk er dette forståelig, ein vil ikkje kalle språket til sitt eige folk for framandt, men pedagogisk sett vil ein ofte ha mindre språklig grunnlag å bygge på enn når ein startar engelskundervisninga. Det må derfor være forskjellige opplegg og forskjellige fagplanar for samisk som 2.språk og som såkalla C-språk i vidaregåande skole. Dette har ikkje KUF forstått. I eit skriv i samband med Reform 94 seier dei at det er bruk for 2 fagplanar for samisk som 1. og 2. språk, da det dreier seg om morsmål og fremmedspråk. SUR har nok gjort det i prinsippet men har dei sørga for å hevde det overfor KUF?

Førelesar på den tredje kurssamlinga var ein danske som heiter Bent Søndergaard og som underviser i dansk som ansrespråk på tysk side av grensa i Slesvig. Søndergaard kalte det pedagogisk vanvidd å kalle noko andrespråk og gi det 2-3 timar for veka. Ka er det vi gjør her? Han sa ikkje at språket må stå på timeplanan så og så mange timar i veka, men at det må vere i bruk i undervisninga langt meir enn 2-3 timar.

Det er mange måtar å bruke to språk på i undervisninga. Eg skal ikkje gå inn på det her, det står i den skriftlige framstillinga som dokker får kopi av. Eg vil bare understreke at dei færraste lærarar klarer å gi ei effektiv tospråklig undervisning dersom ikkje alle elevane er meir eller mindre tospråklige. Derfor er ein føresetnad for dette at skolane våre stiller krav om minimum ei passiv forståing av samisk ved opptak. For Guovdageaidnu sin del er dette vedtatt i prinsippet, men dårlig fulgt opp.

MÅLSETTING Ut i frå dette og skolane sin føremålsparagraf har eg forsøkt meg på å formulere ei språkmålsetting for ein tospråklig samisk vidaregåande skole: Alle skolen sine elevar og lærarar skal kunne forklare den faglige kunnskapen dei har i kvart einskild fag skriftlig og munnlig på både samisk og norsk. Er dette oppnåelig? Nei. Ikkje 100%. Om vi brukar den målestokken vi no ein gang har i skolen, karaktersystemet, kan vi seie at forskjellen ikkje bør vere meir enn eit karaktertrinn etter som ein gjør det på eine eller andre språket. Den dagen alle elevar og lærarar som har vore på skolen i meir enn to år oppfyller dette, da kan vi seie at vi har ein god tospråklig skole.

BARGOPLÁNAEVTTOHUS

1. HÁLDDAHUS / OLLES SKUVLA
1.1. Ii oktage bábir hálddahusas oahpaheddjiide ja ohppiide dušše dárogillii.
1.2. Nammadit giellajoavkku mii bargá giellaovdánahttinbargguin ja mii č;uovvu mielde mo dát bargoplána ovdána. Giellajoavkkus galgá leat sihke hálddahusáirasat ja dábálaš oahpaheaddjit.
2. OSSODAGAT
2.1. Ossodatč;oahkkin: Mo atnit min ossodaga giellamáhtu buoremusat ohppiide?
3. KLÁSSAIN
3.1. Klássaráđđi gos buot klássa oahppit ja oahppaheaddjit ovttas ságastallet giellaáššiid birra.
4. FÁGAIN
4.1. Oahpaheaddjit geain lea seamma fága ráhkadit plána mo č;oaggit ja ráhkadit oahpponeavvuid ja tearpmaid.
5. BUOT OAHPAHEADDJIT
5.1. Verdeortnet. (Kollegabágadallan)
5.2. Plána mo bargat iežas giellaoahppamiin

KONSEKVENSER FOR SAMISKE VIDEREGÅENDE SKOLER OG STYRETS ARBEID.

Skal SJS sette tospråklighet hos alle elever og lærere som målsetting? Hva betyr det for: - elevinntak - tilbud om og krav til samiskkurs for lærere - ekstrakurs for elever, intensivkurs

Hva kan styret gjøre for å bidra til utvikling av - lærebøker (nyskriving og oversetting, særlig i samband med Reform 94) - utarbeiding av fagterminologi.

Hva betyr språkmålsettinga for språket i styrepapirer og på styremøter?

TOSPRÅKLIG UNDERVISNING - MODELLAR

Om vi seier at tospråklig undervisning er best både for språklig og faglig utvikling, kjem så neste spørsmålet: Kordan gjennomføre ei tospråklig undervisning? Det finst fleire måtar å bruke to språk på i undervisninga:

1. Undervisningsspråket skiftar i forskjellige fag.
1.1. Skiftinga skjer etter ein plan.
1.2. Skiftinga skjer etter lærarane sine språkkunnskapar. Ein slik form er gjerne ikkje planlagt og blir sett på som ei naudløysing.

2. Det undervisas på to språk samtidig i klassen munnlig og/eller skriftlig. Årsakar til dette kan vere: - Det fins ikkje eit språk som læraren og alle elevane kan kommunisere på. - Dei kan ikkje kommunisere på det språket skolen ønskar å gi undervisning på. - Mangel på læremiddel og fagterminologi på det språket ein ønsker å bruke. - Pedagogiske grunnar, elevane oppfattar innhaldet bedre om dei får det på begge språk. - Ein brukar to språk for at elevane skal få inn faguttrykka på begge språka.

Når læraren brukar to språk kan det skje på fleire måtar:
2.1. Læraren brukar eit språk skriftlig, eit anna munnlig. Dette er i bruk i fleire tilfelle her på skolen, da gjerne med norsk skriftlig og samisk munnlig.
2.2. Læraren brukar det eine språket skriftlig og munnlig, men viser til faguttykk på det andre språket.
2.3. Det er to lærarar i klassen og dei brukar kvart sitt språk. Eit eksempel er morsmålslærarar som er med i klassen og oversetter for innvandrarelevar det ein annan lærar underviser på hovudspråket. Eit anna er forsøket med samisk som undervisningsspråk i Lavangen, der det er to tospråklige lærarar i klassen. Den eine snakkar konsekvent samisk, den andre omsetter til norsk når det trengs.
2.4. Ein brukar to språk systematisk gjennom ein undervisningssekvens, f.eks. deler i ein innleiingsfase, ein hovudfase og ei oppsummering, der det eine språket brukas i innleiing og oppsummering, det andre i hovudfasen. Dette krev at alle elevar og læraren er tospråklige, men alle treng ikkje kunne begge språka like godt.

__________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no