UNJÁRGA/DEATNU -NESSEBY/TANA (Klassekampen)
Tekst og foto: Svein Lund
Vi er i Unjárgga Sámemánáidgárdi. Nesseby samebarnehage ville det ha hett på norsk. Men i telefonkatalogen står bare det samiske namnet. Og da vi ringte hit svarte det på samisk. Og sjølv om vi snakka norsk, fortsatte samisken i den andre enden. På eit vis forsto vi kvarandre på kvart vårt språk, og vi fann fram til barnehagen som ligg i ein av bygningane til Karlebotn skole.
Styrar Anneli Länsman kjem frå Nuorgam på finsk side. At ho ikkje snakkar noko særlig norsk, er ikkje noko hinder i denne jobben. Snarare tvert om, seier Ann-Kristine Smuk, som er assistent i barnehagen og sjølv kjem frå Karlebotn. - Her er så sterkt press frå norsken at det er bare bra at vi har nokon som bare kan snakke samisk med ungane.
Nokre hundre meter borte i bygda har barnehagen ein lavvu. I lavvuen brenn det bål, og over bålet heng det reinkjøtt. Røyking av kjøtt er ein av dei mange samiske tradisjonane som barnehagen fører vidare til ungane. Ein samisk barnehage er ikkje bare spørsmål om språk, men og om å ta vare på kultur og tradisjonar. Derfor er dei mye ute i i naturen, på våren drar dei på hyttetur ei veke, og på hausten er dei med i reingjerdet.
Derfor tok nokre foreldre initiativ til ein samiskspråkleg barnehage, og høsten 1984 starta dei opp med 3 ungar. Når dei ikkje starta med fleire var det fordi det ikkje var fleire samisktalande førskoleungar i heile Nesseby kommune. Men nå er det alt blitt 10, og alle har fått plass i barnehagen. Ein av ungane snakka bare norsk da han begynte i barnehagen, men nå har han og begynt å snakke samisk.
- Vi merkar at barnehagen virkar tilbake på foreldra, seier Ann-Kristine. - Dei brukar meir konsekvent samisk etter at dei har fått ungar i barnehagen.
Men vi må ta med at dei har fått god hjelp av barnehagekonsulenten i Finnmark.
I Guovdageaidnu og Kárášjohka er det kommunen som driv barnehagane. ellers er det foreldra eller lokale sameforeningar.
Når så stor del av dei samiske barnehagane er privat drevne, skuldas det ikkje at dei som driv dei er spesielt tilhengarar av privatisering, men heller at kommunane har vore negative til reine samiske barnehagar. Odd Ivar Solbakk, styreformann i Deatnugádde sámemánáidgárdi, seier det slik:
- Det er best at det offentiige driv barnehagane, men ikkje for ein kvar pris. Vi tør ikkje overtale ansvaret til kommunen før dei har eit barnehageprogram som sikrar samisk språk og kultur.
Det finst i dag ingen eigen samisk barnehagekonsulent, men sidan barnehagekonsulenten i Finnmark sjølv er samisktalande, har ho engasjert seg sterkt i dette arbeidet.
- Dei erfaringane som vi har gjort vil vi nå forsøke å samle opp. Eit utval oppretta av
departementet (FAD) skal no sjå på det pedagogiske arbeidet i samiske barnehagar. Det er ein skrikande mangel på utdanna folk, det manglar litteratur og materiell. Generelt er det mangel på førskolelærarar i Finnmark, men dei samiske barnehagane er særlig sterkt ramma.
- Ka vil dokker gjøre for å rette opp dette?
- Vi satsar på frå neste høst å komme i gang med desentralisert førskolelærarutdanning ut frå lærarskolen i Alta. Men det trengs og kortsiktige virkemiddel, sånn som det er for å få lærarar til skolane i Finnmark.
Til startsida