Reportasje i Skolefokus nr. 1-1999

Tre mørke år for samisk i videregående skole

- Samiske elevar skal få eit samanhengande utdanningsløp bygd på samisk språk og kultur. Men mellom grunnskolen med síne samiske læreplanar og Samisk høgskole står vidaregåande skole som tre mørke ár for samisk innhald i skolen, konstaterte direktør i Samisk utdanningsråd, Ellen Inga O. Hætta, på Troms fylkeskommune sin samekonferanse. Fylkesordføraren i Troms nytta elles konferansen til å annonsere ein bedre samepolitikk.

Av Svein Lund, Tromsø

Vidaregåande opplæring var hovudtema for Troms fylkeskommune sin tredje samekonferanse, arrangert i Tromsø 12. og 13. november.

- Mens det elles har vore framgong for samisk opplæring, var Reform 94 eit steg tilbake, sa Ellen Inga O. Hætta. - Det samiske blei heilt glømt i innføringa av reformen, Sametinget var ikkje ein gong høringsinstans. Det er skremmande at det samiske deretter også kunne bli glømt i evalueringa av reformen. Først etter press frå fleire kantar gikk KUF med på ei særskilt evaluering av vidaregåande opplæring for samar.

No kunne Hætta fortelje at KUF nylig ga Samisk utdanningsråd mandat og pengar til å sette i gang evalueringa. Denne vil likevel ikkje kunne bli fullført før regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga om evalueringa av Reform 94. Historia med at alt det samiske kjem på etterskot gjentar seg no enno ein gong.

Eit motsatt Finnefond

- Bestemor mi var firespråklig, ho snakka russisk, finsk og norsk i tillegg til samisk, fortalte nytilsett rektor ved Nordreisa videregående skole, Mikkel Anders Bongo.
- Og denne språkkompetansen hadde ikkje kosta staten eit øre, la han til. - Derimot har staten gjennom tidene brukt store pengar på å avskaffe den naturlige fleirspråkligheita i Troms og Finnmark. I 1851 oppretta dei Finnefondet som ga lønnstillegg til lærarar som jobba flittig med å utrydde samisk og finsk. Resultatet for mange familiar er som i familien min, språkkunnskapane har gått tilhake med eit språk per generasjon. No er det på tide med eit nytt Finnefond, sa Bongo, - eit omvendt Finnefond, for å gjenoppbygge fleirspråklig- heita.

Det står ikkje særlig godt til med samiskundervisninga i Troms fylke. Mens om lag 300 elevar i grunnskolen les samisk, har bare 34 vidaregåande elevar samisk som fag, fordelte på seks skolar. Det er ein svært liten del av dei elevane som har samisk bakgrunn. Det er mange årsakar til dette, ei av dei viktigaste er mangel på lærarar. I heile fylket er det bare fire kvalifiserte samisklærarar i vidaregåande skole. Når den nye opplæringslova med forskrifter trer i kraft frå neste skoleår, vil alle elevar med samisk bakgrunn ha lovfesta rett til opplæring i samisk både i grunnskole og vidaregåande skole. Dette stiller store krav til fylkeskommunane, som må gjore ein kraftinnsats for å skaffe fleire lærarar. Der det ikkje er mogleg å skaffe kvalifisert lærar lokalt, må ein legge til rette for fjernundervisning.

Fylket har utdanningsheimlar for å få samisklærarar til grunnskolen, men så langt har ein ikkje fått dette for vidaregåande skole. Røynslene frå grunnskolen viser at det er vanskelig å få full effekt av eit års samiskstudier med lønn. Dei fleste har for svake kunnskapar i samisk til å starte rett på grunnfag, og dermed brukar dei opp dette året til å kvalifisere seg for inntak på den undervisninga som er kompetansegivande.

Men timar i samiskfaget er ikkje nok til å oppfylle dei krava læreplanen stiller. Læreplanen i samisk både som første- og andrespråk har som mål at elevane skal bli funksjonelt tospråklige. Samisk skal i likheit med norsk vere eit reiskapsfag, ein reiskap til å tileigne seg kunnskap i andre fag. Samisk som reiskapsfag må bety at elevane har krav på undervisning på samisk i visse fag, noko som vil komme inn i forskriftene til Opplæringslova. Utanom nokre få samisktimar i veka for 34 ele- var er vidaregåande skolar i Troms så godt som kjemisk reinska for samisk innhald. Siste året blei det i heile fylket bare gitt 26 skoletimar til ekstratimar med samisk innhald.

Systemfeil

I samiske miljø har det vore store forventningar til Johanne Gaup som statssekretær for samiske spørsmål. Men ein kan knapt seie ho innfridde disse på konferansen. Det imponerer lite å komme til ein konferanse om vidaregåande opplæring og skryteav alt det gode ein har gjort i grunnskolen, for«så å vri seg unna alle problem i vidaregåande. Det einaste nye i innleiinga hennar var ei innrømming av at det var ein «systemfeil^ i statsadministrasjonen som gjorde at ho som samisk statssekretær i Kommunaldepartementet ikkje kunne ta opp spørsmål direkte med Samisk utdanningsråd, ettersom dette ligg under Utdanningsdepartementet. Samtidig kjente ho seg lydelig forplikta til å forsvare ikkje bare skolepolitikken til si eiga regjering, men også det KUF gjorde under den tørre regjeringa.

Eit av dei mest konkrete og konstruktive innlegga kom frå ein representant for dei samiske elevane. Emma Margret Skaden frå Skånland videregående skole var opptatt av å få inn samisk innhald i undervisninga også utanom samiskfaget.
- 99 prosent av det eg har lært om samisk kultur og historie, har eg lært i samisktimane, sa ho. - Det vil seie at dei som ikkje har samisk som fag, ikkje lærer noko om samiske forhold i det heile. Ved revideringa av Reform 94 må vidaregåande skole få samiske stolpar inn i læreplanane slik grunnskolen har. Vi samar veit ganske mye om norsk kultur og språk. Aksepterer nordmenn å vite så lite om det samiske folket?
Når det er så få elevar som velger samisk i vidaregåande skole, kjem det ofte av at elevane ikkje veit kva for rettar dei har, hevda ho. Det er svært dårlig informasjon, og ofte motarbeider lærarar og skoleadministrasjonar samiskfaget med å rå elevar ifrå å velge samisk fordi det blir så hardt. Fordelane med å lære samisk seier dei ingenting om.

Politisk snuoperasjon

Men om det har vore dårlig stelt i Troms-skolen til nå, tyder mye på at ein no har kome til eit punkt der noko byrjar å skje. Leiande fylkespolitikarar har innsett at ein må ta konsekvensen av at ein stor del av befolkninga i Troms er av samisk ætt.

- Konferansen er eit middel til å ta ein bedre samepolitikk for Troms fylkeskommune. Den er eit ledd i ein bevisst politisk snuoperasjon, sa fylkesordførar Ronald Rindestu.

- Utan gode kunnskapar om samiske forhold blant våre tilsette kan vi ikkje gi eit fullverdig tenestetilbod til den samiske befolkninga, sa han, og fortalte at fylkeskommunen no tar konsekvensen av dette med å utarbeide handlingsplan for samisk språk og kulturkompetanse.

Etter at stoda i dag var kome fram, var tida kome til konkrete løysingar. Ei av dei er fjernundervisning. Her skjer det svært mye, fortalte kursinspektør ved Samisk videregående skole i Karasjok, Kjell Østmo. Begge dei samiske vidaregåande skolane har skaffa seg lyd-/bildestudio, særlig med tanke på å kunne tilby fjernundervisning i samisk. Sjølv om ikkje alle skolar vil ha råd til tilsvarande utstyr, kan ein gjøre mye med datamaskin og faks, kopla til bruk av film og lydband. På mange skolar som manglar kvalifisert samisklærar har ein likevel lærarar eller andre i lokalsamfunnet med visse samiskkunnskapar. Disse kan da koplas til fjernundervisninga som hjelpelærarar slik at elevane har ei viss støtte lokalt.


Til startsida

sveilund@online.no