Artikkel i Klassekampen, 19.11.1998

Svein Lund:

Tre mørke utdanningsår

Reform 94 har gjort vidaregåande skole til eit svart hol i samisk utdanning. Utanom samisktimane er vidaregåande skolar i Troms så godt som kjemisk reinska for samisk innhald. Men det finst vilje til å gjera noko med saka.

Av Svein Lund

Samiske elevar skal få ei samanhengande utdanning bygd på samisk språk og kultur. Men mellom grunnskolen og Samisk høgskole står vidaregåande skole som tre mørke år når det gjeld samisk innhald, konstanterte direktør i Samisk utdanningsråd, Ellen Inga O. Hætta, på Troms fylkeskommune sin samekonferanse 12.-13. november.

- Mens det elles har vore mange framsteg for samisk opplæring, var Reform 94 eit stort skritt tilbake, sa Ellen Inga O. Hætta. Det samiske blei heilt gløymd i innføringa av reformen, Sametinget var ikkje ein gong høyringsinstans. Det er skremmande at det samiske deretter og kunne bli gløymd i evalueringa av reformen. Først etter press frå fleire kantar gjekk KU F med på at det måtte gjennomførast ei særskild evaluering av vidaregåande opplæring for samar. Historia om at det samiske kjem på etterskot gjentar seg enno ein gong.

Det står ikkje særlig godt til med samiskundervisninga i Troms fylke. Mens omlag 300 elevar i grunnskolen les samisk, har bare 34 vidaregåande elevar samisk som fag, fordelt på 6 skolar. Det er mange årsakar til dette, ei av dei viktigaste er lærarmangelen. I heile fylket er det bare fire kvalifiserte samisklærarar i vidaregåande skole.

Ein rett for alle

Når Opplæringslova trer i kraft 1. august neste år vil einkvar samisk elev ha rett til opplæring i samisk både i grunnskole og vidaregåande skole. Dette stiller store krav til fylkeskommunane. Fylket har utdanningsheimlar for å få samisklærarar til grunnskolen, men så langt ikkje for vidaregåande skole.

Men timar i samiskfaget er ikkje nok til å oppfylle dei krava læreplanen stiller. Læreplanen i samisk både som første- og andrespråk har som mål at elevane skal bli funksjonelt tospråklige. Samisk skal i likheit med norsk vere eit reiskapsfag, ein reiskap til å tileigne seg kunnskapar i andre fag. Utanom samisktimane er vidaregåande skolar i Troms så godt som reinska for samisk innhald. Siste året blei det i heile fylket bare gitt 26 ekstra veketimar til undervisning med samisk innhald.

Systemfeil

Statssekretær for samiske spørsmål, Johanne Gaup, ser ikkje ut til å innfri dei høge forventningane frå samiske miljø. Ho hadde lite nytt å melde, og som statssekretær i Kommunaldepartementet kan ho ikkje ta opp spørsmål direkte med Samisk utdanningsråd, etter som dette ligg under Utdanningsdepartementet. Ho innrømma at dette er ein «systemfeil», men kjente seg tydeligvis forplikta til å forsvare skolepolitikken til KUF både i dag og under den førre regjeringa.

Makt og kunnskap

Eit av dei mest konkrete og konstruktive innlegga kom frå representanten for dei som har minst makt, nemlig dei samiske elevane. Emma Margret Skåden frå Skånland videregående skole var opptatt av å få inn samisk innhald i undervisninga og utanom samiskfaget.

- 99% av det eg har lært om samisk kultur og historie har eg lært i samisktimane, sa ho. - Det vil seie at dei som ikkje har samisk som fag ikkje lærer noko om samiske forhold i det heile. Ved revideringa av Reform 94 må vidaregåande skole få samiske stolpar inn i læreplanane slik grunnskolen har. Vi samar veit ganske mykje om norsk kultur og språk. Aksepterar nordmenn å vite så lite om oss, spurte ho.

- Når så få elevar velger samisk i vidaregåande skole, kjem det ofte av at dei ikkje veit kva for rettar dei har, hevda Skåden. Det er svært dårlig informasjon og ofte motarbeider lærarar og skoleleiarar samiskfaget med å åtvare elevar mot å velge samisk fordi det blir så hardt for dei. Dei seier derimot ikkje noko om fordelane ved å lese samisk.

Emma Skåden hevda at kunnskapen hos dei fleste lærarar om samiske forhold er elendig, og gjekk inn for obligatorisk skolering av alle lærarar.

Mykje tyder på at noko er i ferd med å endre seg i Tromsskolen. I alle fall er leiande folk som fylkesordføraren og leiar i utdanningsutvalet innstilte på det.

- Konferansen er eit middel til å få ein betre samepolitikk for Troms fylkeskommune. Den er eirs lekk i ein bevisst politisk snuoperasjon, sa fylkesordførar Ronald Rindestu.
- Utan gode kunnskapar om samiske forhold blant våre tilsette klarar vi heller ikkje å gi eit fullverdig tjenestetilbod til den samiske befolkninga, sa han og fortalde at fylkeskommunen no vil lage ein handlingsplan for samisk språk og kultur kompetanse.

Framtida

Konferansen nøgde seg ikkje med å klage over dagens elendigheit, men forsøkte å finne fram til konkrete løysingar. Ei av dei er fjernundervisning. Her skjer det svært mykje, fortalde kursinspektør ved Samisk videregående skole i Karasjok, Kjell Østmo. Dei samiske vidaregåande skolane har lyd- og biletstudio for å kunne gi fjernundervisning. Sjølv om ikkje alle skolar vil ha råd til tilsvarande utstyr, kan ein gjere mykje med datamaskin og faks, kopla til bruk av film og lydband. På mange skolar manglar ein fullt kvalifiserte samisklærar.

I Gåivuotna eller Kåfjord kommune har ein ingen vidaregåande skole i dag. Likevel har kommunen engasjert seg sterkt for å få ei vidaregåande utdanning med utgangspunkt i lokale behov og samisk kultur. Kommuneplanleggar Gunn Andersen presenterte eit imponerande arbeid dei har gjort med å utvikle eit opplegg for 3- eller 4-årig utdanning i kombinasjonsnæringar. Problemet no er at alle nye linjer og fag må godkjennas av KUF, og denne planen kolliderer på mange punkt med dei firkanta rammene for Reform 94. Eit viktig spørsmål med evalueringa av reformen blir no å sjå på om linje- og fagstrukturen i dag virkar som eit hinder for å lage ein skole ut frå lokale og samiske behov.


Til startsida

sveilund@online.no