Artikkel i Klassekampen, 16.04.1986

Ressurskrise for tekniske skoler

Ved dei tekniske skolane er det idag 70 til 80 ubesatte stillingar. Det tekniske utstyret er ofte knapt og i dårlig forfatning. I mange fag fins ikkje lærebøker på norsk, eller dei er så avlegse at skolane brukar engelske i staden.

Av SVEIN LUND

Ressurssituasjonen i skolen var hovudsaka på landsmøtet til NETS i helga. NETS — Norsk Elevsamskipnad for Teknisk Studerende — organiserer 12 000 studentar i ingeniørhøgskolar og tekniske fagskolar. Mens behovet for teknikarar og ingeniørar stadig aukar, følger ikkje løyvingane opp. Landsmøtet slo fast at den tekniske utdanninga er avgjørande for framtida til norsk industri, og krevde kraftig auke i løyvingane. Om Ikkje her skjer noko draatlsk, bil skolane avhengige av sponsing frå næringslivet, og kvaliteten på utdanning vil varierre enno meir frå stad til stad.

Lærarflukten frå norsk skole rammar dei tekniske skolane særlig hardt fordi her er så stort gap mellom lærarlønna og det del kan få i det private næringslivet. Derfor krev NETS at lærarlønna må opp på samme nivå.

105 ubrukte millionar

Utdanningsfinansiering var ei anna stor sak for landsmøtet. Reaksjonane var skarpe mot at lånekassa i dette skoleåret har 105 millionar dei ikkje får bruke fordi reglane for lån og stipend er så strenge.

Inntekstavhengig tilbakebetaling er sterkt omdiskutert blant elev- og studentorganisasjonane. NETS gikk inn for prinsippet, samtidig som del understrekar at hovudsaka er å kjempe for høgare stipend og lågare rente. I elt eige vedtak tok landsmøtet opp utdanningsstøtte til studentar frå u-land og protesterte mot de diskriminerande reglene om at u-lands-studentar bare kan få, støtte til ei vidaregåande utdanning.

Jenter inn i tekniske fag

- Fleire jenter må inn i tekniske fag. Heldigvis er det nå fleire og fleire jenter som kjem, som oppdager at det går an å bli anna enn sjukepleiar. Dette seier Gro Gjervan som går på elektronikk-linja ved Narvik tekniske fagskole.
- Eg er kjempefornøyd med landsmøtet, seler ho, — både skolepolitisk og sosialt. Det er heilt rett å prioritere kampen for fleire ressursar til skolen. Skolen min er ikkje den som er dårligast stilt, det kjem av at vi kan utnytte utstyret til yrkesskolen og ingeniøgskolen. Vi bergar oss på utstyret til autornasjonslinja på yrkesskolen, for den er delvis finansiert av Hydro. (!)

Gro er svært opptatt av å få fleire jenter med. På ingeniørhøgskolane er det ein del, men på Teknisk fagskole er det svært dårlig fordi denne bygger på yrkesskolelinjer som få jenter velger.

- Korleis er jentene stilt i NETS?
— Det vil eg seie er bra. I første perioden hadde vi kvinnelig leiar og i det nye styret er det 3 jenter av 7. Og det er langt meir enn jentene er i prosent av studentane.

Og NETS har og jobba aktivt med rekrutteringa, gitt ut brosjyre om teknisk ut danning, deltatt på kvinnemessa «Klart vi kan», og på mange yrekesorienterings arrangement.


Til startsida

sveilund@online.no