"Rettigheter er lite verdt, uten ressurser til å innfri dem." Dette skriver Klassekampens redaktør 08.01.08. Med den grunngivinga går han imot lovfesting av retten til morsmålsundervisning, og held nærast narr av Erling Folkvord som har hevda at mangelen på morsmålsopplæring har noko med rasisme å gjøre. I følge Braanen er det bare eit spørsmål om ressursar, som sjølvsagt Noreg har alt for lite av!
I Klassekampen 11.01. viser Elisabeth Reehorst på ein utmerka måte kva fordelar morsmålsopplæring har, både for norsklæring, anna læring og som ein verdi og kompetanse i seg sjølv, både for den einskilde og det norske samfunnet. Eg skal derfor ikkje gjenta denne argumentasjonen, men konsentrere meg om to spørsmål:
1. Er morsmålsopplæring som ein rett urealistisk?
2. Er det ingen vits med ei lovfesting før alt er klart til full gjennomføring frå første dag?
Ideen om lovfesting av morsmålsopplæring er ikkje noko nytt påfunn. For 13 år sidan kom NOU 1995: 12 Opplæring i et flerkulturelt Norge. Utredning fra et utvalg oppnevnt av Kirke- utdannings- og forskningsdepartementet. Her heiter det: "Utvalgets flertall tilrår at det gis lovfestet rett til morsmålsopplæring for alle to-språklige minoritetsbarn i grunnskolen. Dette forslaget oversendes til Opplæringslovutvalget nedsatt av KUF." Dessverre fikk ikkje dette støtte av fleirtalet verken i Opplæringslovutvalget eller i Stortinget.
Det samme opplæringslovutvalget gikk derimot inn for å lovfeste samiske elevar sin rett til opplæring i samisk, og dette kom inn i Opplæringslova av 1998. Derfor er i dag morsmålsopplæringa og samiskopplæringa i ein heilt forskjellig situasjon, både juridisk og i praksis. Kommunar som på politisk grunnlag ikkje ønsker morsmålsopplæring, kan nekte dette. Det mest kjente eksempelet er Oslo. Der blir dei fleste minoritetselevar nekta opplæring i sitt eige morsmål. Dette ikkje eit spørsmål om ressursar, men om ein vald politikk.
Før den individuelle retten til samiskopplæringa blei lovfesta kunne også kommunar avvise søknadar om samiskundervisning. Det kan dei ikkje i dag. Dermed blir dei nøydd til å finne ei løysing, og staten må og hjelpe kommunane med dette. Etter at lova kom har det derfor blitt satt igang forskjellige tiltak for å gjøre det mogleg å oppfylle henne. I ein del tilfelle har ein måtte ty til alternativ som ikkje er fullgode: Lærarar utan utdanning, foreldre som lærarar, fjernundervisning, periodeundervisning, i verste fall sjølvstudier.
Også for morsmålsopplæring vil det vere problem med gjennomføringa, og oppfyllinga vil nok ikkje bli 100 % dei første åra. Det viktigaste i første omgang vil vere at dei elevane og foreldra som ønsker morsmålsopplæring gjennom ei lovfesting vil ha ein reidskap overfor motvillige kommunar og politikarar. I løpet av ganske få år bør ein kunne redusere tallet på minoritetselevar utan morsmålsopplæring kraftig. Det vil vere eit stort framsteg sjølv om det framleis kan vere vanskelig å få til undervisning for alle. På samme måte som for opplæring i samisk vil ei lovfesting presse fram utradisjonelle løysingar. Om ikkje alle er fullgode, er det likevel langt bedre enn ingenting.
Morsmålet må få status som fag, ikkje bare i ein overgangsperiode, men for heile grunnskolen og vidaregåande skole, nokonlunde på linje med det samisk har oppnådd. Da vil morsmålet sin status som fag og gjøre at eleven og samfunnet ser at tilhøyrigheit og kompetanse i to språk og kulturar som noko verdfullt. Morsmålet blir ikkje først og fremst eit hinder for integrasjon, men ein verdifull kunnskap som ein må utvikle vidare. Å kunne lese og skrive morsmålet sitt er ein menneskerett. Denne retten bør Noreg snarast mogleg lovfeste. Når ein etter nokre år har nærma seg full oppfylling av retten, bør ein vurdere å gå eit steg vidare: å gjøre morsmålet til eit obligatorisk fag for alle elevar.
Svein Lund
redaktør Samisk skolehistorie
sveilund@online.no