Svein Lund

MI lille DATABOK

2. utgåve

Omsetting til norsk av utvalde delar av "Mu unna dihtorgirjjáš"

* Datamaskin og datautstyr
* Operativsystem
* Tekstbehandling
* Rekning
* Internett og e - post
* Teikning
* Tryggleik
* Korleis bruke samisk i alle dataprogram?

Sámetinget - opplæringsavdelinga 2001
Norsk omsetting - 2002


FORORD

"Mu unna dihtorgirjjáš" blei i første utgåve sendt som kopigrunnlag til samiske skolar hausten 1999. Like etter blei det sett i gang arbeid med ei oppdatert utgåve, og denne blei ferdig sommaren 2001. Denne utgåva blei og sendt som kopigrunnlag til skolane, og samtidig lagt ut på internett. Begge desse utgåvene blei bare laga på samisk. Tanken var at dette skulle være eit læremiddel for samiskspråklige elevar. Det skulle og vere ein informasjon om kva som kan gjørast for å løyse eller redusere problema med samisk språk i datateknologien.
Problemet er bare at ein svært stor del av dei samiskspråklige elevane som vil kunne bruke dette læremidlet, har lærarar og dataansvarlige som ikkje sjølv kan samisk. Dette har gjort at det er behov for å omsette visse delar av boka til norsk. Eg har derfor vald ut visse delar, særlig dei som gir opplysningar om samiske skriftteikn og korleis ein kan skrive og lese samisk rett på data, både i ein einskild maskin og over internett.
Her er beholdt kapittelinndelinga frå den samiske utgåva, slik at dette kan vere til hjelp for å finne fram for lærarar som ikkje sjølv kan samisk, men som vil la sine samisktalande elevar nytte dei samiskspråklige læremidla som finst. Den delen av boka som no ikkje er omsett, er stort sett sjølvinstruerande og den er faglig sett innafor eit nivå som ein kvar datalærar meistrar. Illustrasjonane skal og gi eit tydelig signal om kva det dreier seg om, slik at med denne omsettinga av utvalde delar, skal også norsktalande lærarar for samisktalande elevar kunne ta i bruk dette læremidlet i klassa.
Det har gått nesten to år frå denne boka var ferdig på samisk til eg omsette desse delane. I løpet av denne tida har noko av stoffet allereie blitt akterutseilt av den tekniske utviklinga. Eg har likevel vald å omsette desse delane slik dei sto, slik at det skulle vere samsvar mellom norsk og samisk versjon her.
Om du har kommentarar til det som er skreve her, kan du sende det til:
Sámediggi - oahpahusossodat
Pb. 143
N-9521 Guovdageaidnu
tel +47-78484200
fáksa +47-78484242
e-poasta: samediggi@samediggi.no

Du kan og sende e-post direkte til forfattaren:
sveilund@online.no


INNHALD

1. TIL BRUKAREN
2. DATALÆRE
2.A. KVA ER EIN DATAMASKIN?
2.B. MASKINVARE
2.C. KORT DATAHISTORIE
2.D. DATAMASKINA SINE REKNEMÅTAR
2.E. BIT & BYTE
2.F. BOKSTAVKODAR
2.G. TASTATUR
3. OPERATIVSYSTEM
3.A. MS-DOS
3.B. WINDOWS 3.1X
3.C. WINDOWS 9X
3.D. WINDOWS 2000
4. TEKSTBEHANDLING
5. REKNING
6. GRAFISKE PROGRAM
7. DATAKOMMUNIKASJON
7.A. KOMMUNIKASJONSMÅTAR
7.B. VERDSVEVEN
7.C. E-POST
7.D. LAGE VEVSIDER
8. TRYGGLEIK
9. ORD OG FORKORTINGAR

1. TIL BRUKAREN

Denne boka er både for grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring og for folk som vil lære på eiga hand.
Du treng ikkje lese alt frå byrjinga til slutten, og heller ikkje gjøre alle arbeidsoppgåvene. Sjå innhaldslista og søk dei kapitla du treng. Ein god arbeidsmetode for deg som søker grunnleggande datakunnskap kan vere: Lea 2. kapittel, delane A, B, C, E og G og gjør arbeidsoppgåvene. I 3. kapittel velger du operativsystemet som er på din datamaskin. Deretter går du direkte til dei programma du treng. I arbeidet med 3.- 7. kapittel treng du datamaskin og i 7. kapittel også internettsamband.
Boka er tenkt også for deg som kan grunnleggande dataarbeid, men som ønsker å vite meir om dei spesielle problema som oppstår når du brukar samisk i datamaskina. For deg kan det vere nyttig å lese 2. kapiitel, delane D og F og i 4. og 7. kapittel om samiske fontar og koding. (Alle desse delane er her omsett til norsk.)
Denne boka er i første rekke skreve for PC:ar. I kapitlet om operativsystem har vi bare forklart MS-DOS og Windows. Om du har Macintosh-maskin kan du likevel bruke store delar av dette. Men noko er forskjellig, blant anna har Mac eigen samisk kodetabell.

Program som er forklart her er:
Operativsystem: MS-DOS 6.2, Windows 3.1x, Windows 9x /2000
Tekstbehandling: NotePad, WordPad og Word (6.0 - 2000)
Rekning: Excel (7.0 - 2000)
Teikning: Paint
Kommunikasjon: Netscape Navigator 4.7./ 6.0, Internet Explorer 5, Eudora 4.5.
Samiske fontar: Levi 1.0 / 2.0

(Forklaring på programma er ikkje med i den norske omsettinga.)

Dessverre har vi ikkje denne gongen klart å gi så mye hjelp til dei som vil bruke operativsystemet Linux, men vi vonar å kunne lage ei eiga Linux-utgåve av boka snart.

2. DATALÆRE

I dette kapitlet treng du ikkje lese alt. Som vanlig databrukar treng du A, B, C, E og G. I tillegg bør du lese D og F dersom du:
- ønsker å forstå kva som er problema med samisk i datateknologien.
- vil lage vevsider på samisk.
- er elev og 2- og 16-talssystemet er del av matematikkpensumet ditt.

2.A. KVA ER EIN DATAMASKIN?

2.B. MASKINVARE

2.C. KORT DATAHISTORIE

2.D. DATAMASKINA SINE REKNEMÅTAR

BINÆRE TAL

Når vi reknar, brukar vi til vanlig titalssystemet. Men datamaskina forstår ikkje dette, og heller ikkje bokstavane våre. Ho forstår bare to teikn, som vi kallar 0 og 1 eller er/er ikkje. Dette kallast totalssystemet eller det binære systemet. Datamaskina omset sjølv tal, bokstavare og andre teikn til dette binære "språket". Her forklarer vi korleis dette verkar.
Når vi skriv tal, treng vi bare eit teikn til vi har nådd til grunntalet i talsystemet.
I titalssystemet treng vi to plassar frå titalet av, og vi skriv dei første tretten tala slik:
1-2-3-4-5-6-7-8-9-10-11-12-13.
I totalssystemet treng vi to plassar allereie frå toaren, og vi skriv dei første tretten tala slik:
1-10-11-100-101-110-111-1000-1001-1010-1011-1100-1101.
(Her brukar vi kursiv skrift når vi skriv tala etter det binære talsystemet.)
Slik betyr "10" ti etter titalssystemet, men to etter totalssystemet.
Når vi skal endre eit tal frå titalssystemet til totalssystemet, reknar vi først kor mye dette talet er som 2-potens. F.eks. 4 = 2*2 = 22. Da treng vi to nullar for å skrive fire etter totalssystemet: 100. 16 = 2*2*2*2 = 24, og vi treng fire nullar for å skrive seksten: 10000. Når det er eit tal som vi ikkje kan skrive direkte som 2-potens, må vi dele opp slik: 7 = 4 + 2 + 1 = 22 + 21 + 20. I totalssystemet blir 7 skrive som 111.

Her er nokre eksempel på kordan vi endrar frå titalssystemet til totalssystemet:

titalssystemet

faktorisert

2-potens

totalssystemet

1

1

20

1

2

2

21

10

3

2+1

21 + 20

11

4

4

22

100

13

8+4+1

23 + 22 + 20

1101

85

64+16+4+1

26+24+21+20

1010011

255

128+64+32+16+8+4+2+1

27+26+25+24+23+22+21+20

11111111

Oppgåve: Skriv desse tala som 2-potens og etter totalssystemet:

titalssystemet

faktorisert

2-potens

totalssystemet

9

 

 

 

24

 

 

 

125

 

 

 

Når vi arbeider med datamaskin, treng vi heldigvis ikkje skrive slike lange rekker med bare 0-ar og 1-ar. På tastaturet kan vi trykke på tastar som har vanlige teikn, tal og bokstavar. Datamaskina omset signala til sitt eige språk og tilbake slik at resultatet kjem til syne på skjermen i eit språk vi forstår.

HEKSADESIMALE TAL

Det er mogleg å lage om så kor mange talsystem. Frå historia veit vi at det har vore i bruk blant anna 12-, 20- ja 60- talssystem, og noko har blitt igjen etter desse systema: døgnet har 24 timar (2*12), timen har 60 minutt osv. I datateknologien er det enno eit talsystem som er viktig; 16- talssystemet eller det heksadesimale systemet.
I dette systemet teller vi til 16 før vi treng to siffer, og vi brukar bokstavar når vi ikkje har npk tal. Vi kan samanlikne 10- og 16- talssystema slik:

10-talssystemet:

16-talssystemet:

Forklaring i 10-talssystemet:

totalssystemet:

1

1

 

00 00 00 01

2

2

 

00 00 00 10

9

9

 

00 00 10 01

10

A

 

00 00 10 10

11

B

 

00 00 10 11

13

 

 

00 00 11 00

15

F

 

00 00 11 11

16

10

16 + 0

00 01 00 00

 

11

 

00 01 00 01

20

14

16 + 4

 

30

1E

16 + 14

 

43

 

2*16 + 11

00 10 10 11

56

38

 

00 11 10 10

128

80

 

 

254

 

 

11 11 11 10

 

100

16*16 + 0 + 0

00 00 00 01  00 00 00 00

382

17E

16*16 + 7*16 + 14

00 00 00 01   01 11 11 01

1000

 

 

 

2534

 

 

 

Oppgåve: Fyll ut dei tomme plassane i tabellen.

Merk! Det kan vere vanskelig å vite kva for system som er i bruk når 10- og 16- talssystema blir brukte samtidig. Derfor skriv ein ofte «x» foran tal som er i 16- talssystemet: f.eks.: x16 (=22) eller xEA (=235).

2.E. BIT & BYTE

2.F. BOKSTAVKODAR

KODETABELLAR

Når du trykker på ein tast på tastaturet, er det eit program i datamaskina som omset til ein kode, som har 8 nullar/einarar. Vi kallar det ei 8-bits kode.

teikn 10-tals-kode heksadesimal kode binær kode
& 38 261991 00100110
? 63 3F 00111111
A 65 41 01000001
B 66 42 01000010
a 97 61 01100001
z 122 7A 01111010
Vi såg i kap. 1D (om totalssystemet) at 8 bits gir 256 moglege kombinasjonar. Men det er mange språk i verda og nesten alle språk har bokstavar som ikkje er i det latinske eller engelske alfabetet, slik som:

nordsamisk á č đ š
tysk ü
norsk æ ø å
spansk ñ
finsk ä ö
polsk ą ć ł

Derfor er det eigne kodetabellar (eng.: codepage) som er tilpassa forskjellige språk, for å kunne forstå desse bokstavane. Norsk brukar kodetabellen Latin 1, som er godkjent av den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). Denne dekker dei fleste vesteuropeiske språk, men ikkje samisk. Samisk kodetabell er enno ikkje offentlig godkjent, og fleire tabellar i bruk skaper kommunikasjonsproblem.
Det finst tastatur tilpassa til forskjellige språk, f.eks. norsk, svensk og finsk tastatur. Noko eige samisk tastatur finst ikkje, men med eit samisk tastaturprogram kan ein skrive samisk med eit norsk eller finsk tastatur.

UNICODE

Unicode er eit kodesystem som er laga for å unngå rotet og problema med 8-bits kodar. Her er ikkje bare 256 (= 28), men 65536 (= 216) plassar. Med dette kan ein skrive all verdas bostavar og teikn, til og med kinesisk, som har tusenvis av teikn. Det einaste som trengst er tastaturdriver, som finn vegen til bokstavane som er f.eks i det samiske alfabetet. Dei første 256 plassane i Unicode er same teikna som i Latin1-tabellen, og alle andre teikn krev to byte eller meir. Fordelen er at alle bokstavar har sin eigen plass i tabellen, ein treng ikkje skifte mellom kodetabellar om ein skal skrive f.eks. finsk, samisk og russisk.

I tabellen ser du korleis nokre samiske bokstavar er i Unicode. Du ser at når 10-tals-koden er 256 eller høgare, så treng datamaskina 16 bit eller to byte for kvar bokstav.
teikn 10-tals-kode heksadesimal kode binær kode
Č 268 010C 00 00 00 01 00 00 11 00
č 269 010D 00 00 00 01 00 00 11 01
Đ 272 0110 00 00 00 01 00 01 00 00
ŋ 331 014B 00 00 00 01 01 00 10 11
ž 382 017E 00 00 00 01 01 11 11 10

Det ville jo ha vore bra om alle kunne bruke Unicode, men det krev så stor datakapasitet at bare nyare program og store maskinar kan bruke det. Derfor må vi enno ei tid streve med 8-bits kodetabellar.

2.G. TASTATUR

Om samisk tastaturprogram, sjå kap. 4)

3. OPERATIVSYSTEM

3.A. MS-DOS

3.B. WINDOWS 3.1X

3.C. WINDOWS 9X

INSTALLERE/FJERNE PROGRAM

Når du klikkar på dette merket i Kontrollpanel, finn du tre funksjonar: Installer / Avinstaller, Installere Windows og Oppstartdiskett. Vel Installer / avinstaller og deretter Installer. Programmet ber deg no sette inn ein diskett eller CD-ROM. Gjør det og følg instruksjonen etter kvart som denne kjem opp. Dersom programmet du skal installere allereie er på harddisken din, kan du gå vidare og klikke på Bla gjennom.

Alle som skal skrive samisk, treng samiske tastaturprogram og fontar. No kan du installere programmet Levi. Du bør ha programmet på diskett. Følg instruksjonen over. Når du har fått melding om at installeringa har lukkast, må du aktivisere fontana og tastaturprogrammet slik:
1. Start > Kontrollpanel > Skrifter > Fil > Legg til skrifter
2. Kontrollpanel > Tastatur > Språk > Legg til
Søk språket som du vil legge til, for eksempel Davvi Sámi (NO), vel det og klikk OK.
Om du ikkje har samisk fontprogram på diskett, kan du bestille det frå Sametinget eller hente det frå internett. (http://www.samediggi.no)

3.D. WINDOWS 2000

(Installering som under 3.C., med forskjellen at du frå Sametinget bestiller tastaturprogram for Windows 2000. Vi tilrår at du legg inn samiske fontar også om du brukar Windows 2000, for å kunne lese rett internettsider skreve i WS2)

4. TEKSTBEHANDLING

SAMISKE BOKSTAVAR

På tastaturet ser ein ikkje dei samiske bokstavane á, č, đ, ŋ, š, ŧ og ž. Etter som det ikkje finst særskild samisk tastatur, må det vere eit eige program (keyboard driver), som definerer tastane på ein annan måte enn elles i norsk eller svensk/finsk tastatur, slik at det passar for det samiske alfabetet. Når vi her snakkar om "samisk tastatur", meiner vi eit slikt tastatur som verkar etter samisk tastaturprogram. Tastane som har forskjellig funksjon på norsk og samisk tastatur er: Q = Á, W = Š, ^ = Ŋ, * = Đ, > = Ž, X = Č. Bokstaven Ŧ er vanskeligare å finne. Ein må halde nede tasten AltGr eller samtidig Ctrl + Alt og trykke på T-tasten. På tastaturet kan ein merke samiske bokstavane med papirlappar eller tusj.
Korleis finne ut om du har samiske bokstavar? Trykk først på tastane merka q,w og x. Om det no kjem opp på skjermen qwx, har du ikkje samisk tastatur i funksjon. Trykk no Alt+Shift eller bruk musa til å bytte ut den blå firkanten nederst til høgre på skjermen, slik at di får «Sa» . No kan du skrive qwx igjen.
* Om det no kjem ášč på skjermen, er alt i orden, du kan skrive samisk.
* Blir det framleis qwx? Det er mogleg at du ikkje har samisk tataturprogram på datamaskina. Da må du installere det. Sjå 3. kapittel om installering under ditt operativsystem.
* Blir det áš„? Da har du samisk tastaturprogram, men ikkje rette fontar. Nedafor lærer du kva du da skal gjøre, men først må vi lære litt om fontar.

I kapittel 2F leste du at det er to hovudmetodar for å omsette bokstavar til datakode:
8-bits-kodar Windows 3.1x og 9x brukar 8-bits-kodar. Da må du ha ein særskilt kodetabell som inneheld dei samiske bokstavane. Den vanligaste samiske kodetabellen er WS2 (Levi). Etter denne er det laga fontar som blir kalla Sam Times, Sam Courier, Sam Helvetica, Times Sami, Courier Sami og Arial Sami. Du må velge ein av desse fontane når du skriv samisk. Unicode Windows NT og 2000 brukar Unicode, som har nesten all verdas bokstavar i ein einaste tabell. Da brukar ein ikkje særskilde samiske fontar, men skriv i vanlige unicode-fontar, f.eks. Times New Roman. Det er ikkje alle fontar som ein finn i datamaskina som har samiske bokstavar. Om ein font ikkje skriv desse rett, må du velje ein annan font.

5. REKNING

6. GRAFISKE PROGRAM

7. DATAKOMMUNIKASJON

7.A. KOMMUNIKASJONSMÅTAR

7.B. VERDSVEVEN

KORLEIS LESE SAMISK PÅ INTERNETT?

Når du finn ein samisk tekst på internett, ser du kanskje at ikkje alle samiske bokstavar blir vist rett. På internett er det mange språk og alfabet. Om ein skal kunne lese eit språk rett, er både avhengig av korleis sida er laga, kva for operativsystem og nettlesar du har, og kordan du sjølv har stilt inn i nettlesaren. Vi skriv i 2. kapittel om kodetabellar og 4. kapittel om samiske fontar at det er fleire måtar å kode samiske bokstavar på, og derfor kan det bli rot. Samiske internetsider er og laga i forskjellige system, mest vanlig er WS2 og Unicode.
Det første problemet er at du ikkje veit i kva form ei side er skrive. Du kan sjølvsagt prøve deg fram til du ser sida korrekt, men du kan og ta ein titt på kodane:
Netscape: View > Page source
Internet Explorer: Vis > Kilde (View > Source)
No ser du fila slik ho er bakom det biletet du til vanlig ser på skjermen. I ei av dei øvste linjene skal det vere ordet charset. Etter dette kjem kodetabellen som sida er skreve etter. Dersom det står «windows-1252» eller «ISO-8859-1», så er det 8-bits-system. Om du i teksten ser eller liknande, så er det og 8-bits. Men om du ser charset=UTF-8, veit du sikkert at det er Unicode.
Om samiske bokstavar blir spørsmålsteikn, så er sida skreve i Unicode, men datamaskina di er innstilt på anna koding. Om samiske bokstavar blir andre kråketær, er det trulig skreve i 8-bits-system.

A. Sida er skreve i WS2 Du må stille inn nettlesaren slik at kodinga er Western og fontane slike som har Sam eller Sami i namnet. (Om du enno ikkje har installert samiske fontar, sjå kap. 3)
NETSCAPE
Velg først Rediger (Edit) og så Innstillinger (Preferences) og Skrifter (Fonts)
For the Encoding: Western
Variable Width Font: Sam Times W2 eller Times Sami
Fixed With Font: Sam Courier W2 eller Courier Sami
Det lønner seg å velge Use document specified fonts
INTERNET EXPLORER
Her finn du kodinga under Vis > Koding (View > Encoding) og fontane under Verktøy > Alternativer for Internett > Generelt > Skrifter (Tools > Internet Options > General > Fonts). Dei fleste nettlesarar har liknande innstillingar.
Om du har nettlesar og operativsystem som har Unicode som grunnlag, skal du kunne lese både Unicode- og 8-bits tekstar. Sjølv om du ikkje treng samiske fontar for å skrive i Unicode, bør du likevel installere dei for betre å kunne lese dokument som er skrive i 8-bits-system.

B. Sida er skreve i Unicode Om du vil lese sider som er skrive i Unicode, skal du velge kodinga Unicode og fontar som du veit er laga i Unicode. (Merk at fonten Sam Times Uni ikkje er Unicode-font, det finst ikkje Unicode-fontar som har Sam i namnet.)
Men kordan kan du vite at det er ein Unicode-font? Nokre fontar har Unicode i namnet, f.eks. Lucida Sans Unicode. Dessverre kan fontar med namn som f.eks. Times New Roman, Courier eller Arial vere både Unicode og 8-bits. Om du ikkje veit om du har Unicode-font, gjør slik: I Word (97/2000) klikkar du på Sett inn (Insert) - Symbol og veljer eit fontnamn i ruta Skrift (fonts). Midt på skjermen ser du kva for teikn du kan skrive med desse fontane. Om det til høgre for teikna er eit rullefelt (scroll bar), slik at du kan sjå enno fleire teikn, da har du Unicode-fontar.
Windows 2000: Meir enn halvparten av fontane er Unicode.
Windows 98 ja 95: Her er vanligvis ikkje Unicode-fontar, dersom du ikkje har fått dei med andre program. Da kan du hente Unicode-fontar frå internett og installere dei sjølv.

7.C. E-POST

SKRIVE / LESE E-POST PÅ SAMISK

Dersom du har eit 8-bits program, er første vilkåret for å lese og skrive samisk at du har samiske fontar. Om det går bra å skrive samisk i tekstbehandlingsprogrammet, kan du lagre som tekstfil og sende i e-post som vedlegg (attachment). Da går det bra dersom lesaren har samme fontar, eller brukar konverteringsprogrammet som følger Levi. Men dette er ganske tungvint, og helst vil vi kunne skrive direkte i e-post-programmet. Om du vil gjøre dette på samisk, må du først velge ein font som standard, f.eks. Times Sami. Korleis du gjør dette er forklart i kap. 7E.
Om du har Windows NT/2000 eller eit anna operativsystem som bygger på Unicode og brukar eit nytt e-postprogram, skal du kunne skrive samisk med standard fontar, slik du gjør i tekstbehandling. Mottakaren skal da kunne lese dette rett, om ho/han har eit tilsvarande program. Mottakar som har 8-bits program, kan forsøke å stille kodinga til Unicode, men dette fungerer bare i nokre program.

7.D. LAGE VEVSIDER

Start nettlesaren og opne ei eller anna vevside. Trulig ser du no ei fin side med mange slags skriftteikn (fontar), bilete og fargar. Men vi skal no sjå på kva som er bak denne, korleis ei slik side ser ut når ho er koda i html. Klikk: View > Page source (NS) eller Vis > Kilde (View > Source) (IE). No er du i html-modus. Du ser på skjermen ein tekst der alle teikn har samme storleik og form. I tillegg til sjølve teksten ser du fullt av kodar. Desse kodane avgjør korleis sida skal sjå ut når du les ho i nettlesaren.
HTML
Kodane er laga etter ein standard slik at alle nettlesarar skal kunne lese dei omlag på same vis. Grunnlaget for verdsveven er dataspråket HTML eller Hyper Text Markup Language. HTML-kodane er på engelsk og i klammer. Kodane er før og etter tekst eller bilete som skal formatterast på ein viss måte.
Her er kodane som må vere med på ei kvar side:
<html><head><title></title></head><body></body></html>

Det er mange slags program som du kan bruke til å lage vevsider. Du kan sjølv skrive alle html-kodane og bruke eit lite progam som NotePad eller liknande. Du kan bruke eit spesielt program der du ikkje ein gong ser html-kodane. Begge delar har både fordelar og ulemper, men når du skriv samisk vil vi tilrå at du startar med eit program der du sjølv skriv kodane.

Vi kan dele inn programma i fire grupper:

A. Teksteditor der du sjølv må skrive alle html-kodane:
NotePad (Windows, alle utgåver)
NotePad+ (http://www.xs4all.nl/~theroge)
NoteMaid (http://trailerpark.com/phase1/next/fileutil.html)
SC UniPad (http://www.sharmahd.com/unipad)

B. HTML-editor som sjølv til ei viss grad lagar kodar
Du ser kodane mens du skriv
DiDa (http://www.netvigator/~godfreyk/dida)
NoteTab (http://www.notetab.com)
Hot Dog (http://www.rocketdownload.com/details/inte/hotdog)
Både for A og B-editorane må du bruke ein nettlesar for å sjå korleis sida blir.

C. Grafiske html-editorar.
Du ser sida slik ho blir, du ser ikkje html-kodane før du går over i html-modus. Bør ryddast opp i html-modus til slutt.
AOL-press
FrontPage Express (Microsoft Internet Explorer)
Dreamweaver (http://www.macromedia.com)
Netscape Composer (Netscape Communicator)

D. Tekstbehandlingsprogram der du kan velje å lagre som html.
Word (frå 97)
Star Office

LAGE VEVSIDE I NOTEPAD

Vi forklarer her vevsidelaging i eit program der du sjølv skriv kodane, NotePad eller Notisblokk. Om du ikkje kjenner dette programmet, les først kap. 4A.
Mens du arbeider bør du ha både NotePad og ein nettlesar ope samtidig, slik at du lett kan skifte mellom dei og sjå korleis sida di blir.

Opne først NotePad og skriv inn dei kodane som alltid må vere med:
<html><head><title> </title> </head><body></body></html>

Kodane er i klammer for å skilje klart mellom kode og tekst. </ fortel at koden gjeld fram til hit.
Først skriv du namnet på sida, mellom <title> og </title>. Så skriv du ein kort tekst, mellom <body> og </body>, slik:
<html><head><title>Mu vuosttáš fierbmesiidu </title></head>
<body> Dál lean geahččaleame ráhkadit fierbmesiiddu. Oahpan dál vuođđodoaimmaid.</body></html>

Lagre fila med namnet siidu1.htm.
Internet Explorer: Fil > Åpne > Bla gjennom (File > Open > Browse)
Netscape: File > Open Page > Choose file

No ser du bare teksten som du har skreve mellom <body> og </body>. Du ser ikkje kodane, heller ikkje teksten som er i tittelen. Tittelen brukast til søking og sortering og skal bare kort fortelle om innhaldet på sida.

Opne i html-modus (IE: Vis > Kilde (View > Source), NS: View > Page source.)
No ser du igjen heile teksten som du har skreve han.
Har dei samiske bokstavane endra seg til noko anna? Ikkje bry deg om det no, det skal vi rette opp seinare.
Gå igjen til NotePad. Kopier «Mu vuosttaš fierbmesiidu» og sett dette i starten rett etter <body>. Overskrifta skal ha store og feite bokstavar. I html er det definert nokre overskriftstyper (headlines), og vi veljer no den største. Skriv<h1> foran og </h1>etter overskrifta.
Det nyttar ikkje å bruke Enter-tasten i html-modus, om vi vil at noko skal på ny linje, må vi kode for det og. Skriv <p> foran og </p> etter kvart avsnitt.
Så ønsker vi å framheve nokre ord, og skriv «geahččaleame» og "vuođđo" med feit skrift. Det markerer vi i html med <b></b>.
No skal teksten vere slik:
<b><html><head><title>Mu vuosttáš fierbmesiidu </title></head> <body><h1>Mu vuosttáš fierbmesiidu </h1></b> <p>Dál lean <b>geahččaleame</b> ráhkadit fierbmesiiddu.</p> <p> Oahpan dál <b>vuođđo</b>doaimmaid.</p></body></html>

Sjå i ein nettlesar korleis sida di ser ut no. Før du lærer fleire funksjonar, kan du skrive vidare og fortelle litt om deg sjølv. Skriv 5-6 linjer og bruk kodane <p> og </p> når du vil ha ny linje.

SKRIVE PÅ SAMISK

I kva grad du kan skrive samisk tekst som andre kan lese over internett, er avhengig av både skrivaren og lesaren sin datamaskin og programvare. Program som kan påverke resultatet er både operativsystem, internettskriveprogram (web-editor), nettlesar (browser) og fontar. Om du ser på forskjellige samiske vevsider ser du at det er brukt mange forskjellige metodar, og alt fungerer ikkje like bra. Det er nokre reglar som alle som skal skrive samiske vevsider bør følge:
1. Sjekk i html-kodinga at du ikkje har kodar som er motstridande. Nokre editorar lagar sjølve kodar, som fortel at denne sida er laga etter ein viss kodetabell, f.eks. «charset: Windows-1252» eller «ISO-8859-1». Ingen av desse er samisk kodetabell, da denne enno ikkje er internasjonalt standardisert. Du kan stryke all informasjon om 8-bits kodetabellar. Men dersom sida er skreve i Unicode, bør det stå: «charset: UTF-8»
2. Les sida di nøye i ein nettlesar før du sender ho ut på verdsveven.

Sidan samiske bokstavar har forskjellige kodar i WS2 og Unicode, er det ikkje mogleg å lage sider som ein kan lese like godt i begge systema. Derfor må du bestemme deg for kva for eit system du vil skrive i. No (2001) er framleis WS2 det vanligaste, men Unicode er framtida og f.eks. det norske Sametinget sine nye vevsider er bare i Unicode. Om du ønsker at alle skal kunne lese sidene dine rett, kan du lage parallelle sider i dei to systema (så lenge det enno ikkje finst automatiske konverteringsprogram).
Her viser vi ein metode du kan bruke uansett kva for program du har. Du kan lage både WS2-filer og Unicode-filer sjølv om du har bare eitt av desse systema. Vi forklarer korleis du kan gjøre det dersom du har WS2 og Windows 9x eller 3.1x. (Dersom du har Windows 2000, skriv du i Unicode og gjør ellers akkurat omvendt.)

Sjå på teksten som du allereie har skreve i NotePad og legg til to setningar til slutt:
<p>Dát siidu lea čállon WS2-hámis</p>
<p>Loga dan Unicode-hámis</p>

Opne sida di i nettlesaren og sjå korleis denne ser ut i html-format (Kilde / Page Source). Korleis er dei samiske bokstavane? Om dei er som dei skal vere, lagrar du fila (Lagre som, Save as) med eit anna namn: siidu1w.htm. Du treng ikkje lokke igjen fila. Endre dei siste go linjene i teksten til:
<p>Dát siidu lea Unicode-hámis</p>
<p>Loga dan WS-2-hámis</p>

Lagre fila igjen (Fil > Lagre som), denne gongen med namnet siidu1u.htm>. Dei samiske bokstavane dine er no koda i WS2-format og no skal du endre dei til Unicode-format. Bytt ut kvar samisk bokstav med kode slik at "č" blir "č" , ŋ = ŋ osv, etter følgande tabell:

 

 

WS2- des

Unicode-des

á

Latin small letter a with acute

225

225

Á

Latin capital letter a with acute

193

193

č

Latin small letter c with caron

132

269

Č

Latin capital letter c with caron

130

268

đ

Latin small letter d with stroke

152

273

Đ

Latin capital letter d with stroke

137

272

ŋ

Latin small letter eng

185

331

Ŋ

Latin capital letter eng

184

330

š

Latin small letter s with caron

154

353

Š

Latin capital letter s with caron

138

352

¼

Latin small letter t with stroke

188

359

Ŧ

Latin capital letter t with stroke

186

358

ž

Latin small letter z with caron

191

382

Ž

Latin capital letter z with caron

190

381

Var det tungt? Om du har ein lang tekst, kan der vere kjedelig arbeid å endre alle bokstavane. Og NotePad som følger Windows 9x har ikkje funksjonen Søk-Erstatt. Du kan sjølvsagt kopiere ei kode og bruke Kopi og Lim inn (CtrlC, CtrlV). Men om du skriv litt lengre tekst, er det ein stor fordel om du finn ein annan editor, f.eks. NotePad+, NoteTab eller DiDa. (Desse kan du finne på internett)
Om du har Windows 2000, kan du bruke ein Unicode-editor, f.eks. SC UniPad. I Windows 2000 går det og bra å bruke NotePad, for 2000-versjonen har funksjonen Søk-Erstatt.
Om du ser på html-kodane på samiske nettsider, ser du at der er ofte kodar som <font face= «Sam Times W2»>. Desse er ofte laga av editoren, f.eks. FrontPage. Det beste er å unngå slike kodar.

8. TRYGGLEIK

9. ORD OG FORKORTINGAR

(Ordliste mellom samisk, norsk og engelsk - sjå samisk utgåve.)


Til startsida

sveilund@online.no