Kronikk i Høgskoleavisa i Trøndelag, hausten 2002
Blir Samisk høgskole vitskapelig høgskole?
Sámi allaskuvla eller Samisk høgskole i Guovdageaidnu (Kautokeino) ønsker å bli vitskapelig høgskole. I stortingsmeldinga om samisk høgare utdanning og forskning, som kom i vår, er svaret i teorien ja, i praksis nei. No har Kyrkje- og utdanningskomiteen gitt si innstilling, men det er uklart kva denne eigentlig seier om dette. 21. november skal saka opp i Stortinget.
Eit hovudspørsmål for framtida til Sámi allaskuvla / Samisk høgskole er oppgradering til vitskapelig høgskole. To offentlige utgreiingar har tidligare gått inn for ei oppgradering, slik at høgskolen kan få studier opp til doktorgrad og auka kapasitet til forsking og utviklingsarbeid. I stortingsmeldinga seier ein ikkje prinsipielt nei til Samisk høgskole som vitskapelig høgskole, men det blir krevd at høgskolen sjølv må kvalifisere seg og søke om akkreditering. Problemet er at utan større løyvingar blir ikkje høgskolen i stand til å oppfylle kvalifikasjonskrava. Dette sa ein klart frå om etter Stortingsmeldinga og i følge avisa Ságat meiner saksordførar Raymond Robertsen (H, Finnmark) at innstillinga frå komiteen sikrar slike løyvingar. Komiteleiar Rolf Reikvam (SV) meiner derimot at ein ikkje har lova noko, og at Samisk høgskole vil måtte kvalifisere seg innafor ordinære løyvingar. Om dette stemmer vil Samisk høgskole trulig kunne skyte ei kvit pil etter draumen om vitskapelig høgskole. Utan ekstraløyvingar vil høgskolen ha meir enn nok med å halde drifta i gang på noverande nivå.
Må undervise på norsk?
Sámi allaskuvla / Samisk høgskole er den einaste høgare utdanningsinstitusjonen med undervisning, administrasjon og forsking på samisk. Derfor spelar høgskolen ei svært viktig rolle for utviklinga av samisk språk og utdanning for det samiske samfunnet. Da utdanningsminister Kristin Clemet la fram Stortingsmeldinga sa ho at høgskolen må vurdere å lempe på språkkrava for å få fleire studentar. I stortingsmeldinga seiast det at høgskolen må ".. vurdere praktisering av dette språkkravet på bakgrunn av den fremtidige studenttilgang." Å auke rekrutteringa er med andre ord eit vere eller ikkje vere for Sámi allaskuvla som samiskspråklig institusjon.
Ønskar breiare tilbod
Samisk høgskole oppfyller i dag bare ein liten del av behovet for høgare samisk utdanning. Skolen starta opp i Guovdageaidnu i 1989 med utgangspunkt i den samiske allmennlærar- og førskolelærarutdanninga, som til da hadde vore i Alta, ved Høgskolen i Finnmark. Frå starten har høgskolen ønska å utvide tilbodet, både innafor lærarutdanning og innafor heilt andre område. Best har ein lukkast innafor samisk språk, duodji og pedagogisk vidareutdanning. Samisk høgskole har i dag større faglig kompetanse i samisk enn nokon annan utdanningsinstitusjon, men får bare gi opplæring til og med mellomfag. Av vidareutdanning for lærarar har ein gjennomført tospråkligheitspedagogikk, fleirkulturell forståing, vaksenpedagogikk og spesialpedagogikk. Det siste tilskotet er læremiddelpedagogikk, som blei starta i 2001. Nokre av studieopplegga er utvikla ved høgskolen og når det gjeld tospråklige og fleirkulturelle forhold er skolen leiande i landet.
Duodji mastergrad
Utdanningstilbodet i duodji (samisk husflid) ved Samisk høgskole har gradvis blitt bygd ut og i haust starta dei fire første på duodji hovudfag eller mastergrad. Førre skoleåret gjennomførte skolen eit kurs i joik og fortelling. I 2000 blei det første kullet tatt opp på journalistutdanninga, etter at ein i mange år hadde slitt med å få godkjenning. I mange år har ein ønska ei treårig profesjonsutdanning for utmarks- og naturforvaltning, men det har vore umogleg å få løyve av departementet. I stortingsmeldinga er det antyda at ein kan få starte med nokre modular i naturforvaltning, men desse vil vere lite verd aleine. Høgskolen har ein gong kjørt kurs i tolking, men har ikkje hatt pengar til å gjenta dette tilbodet. I mange år har det blitt arbeida for høgare samisk utdanning både innafor kunst og teater, men dette har stranda på manglande godkjenning i departementet. Eit resultat av at høgskolen ikkje har fått dette i gang er at det frå neste år blir starta ein privat samisk kunsthøgskole.
Få lærebøker
Sjølv om mesteparten av undervisninga på samisk høgkole skjer på samisk, må studentane lese heile eller nesten heile pensumet på andre språk. Kven som har ansvaret for å utvikle læremiddel på samisk er ikkje klart. Det finst ingen lovfesta rett til lærebøker på samisk på noko nivå i skoleverket. Sametingets opplæringsavdeling har ansvaret for barnehage, grunnskole og vidaregåande skole, men ikkje for høgskolen. Vona om lærebøker på samisk her ligg i første rekke i at lærarane skal utvikle dei sjølve. Men i dag har Samisk høgskole svært liten kapasitet til læremiddelutvikling. Kapasiteten ville auke monaleg om ein fikk status som vitskapelig høgkole.
Ikkje av seg sjølv
Stortingsmeldinga 34(2001-2002) om høgare samisk utdanning og forsking kom ikkje av seg sjølv. Sametinget og Samisk høgskole hadde lenge krevd ei slik stortingsmelding. Derfor arbeida Samisk høgskole overfor utdanningskomiteen i Stortinget. Da Stortingsmeldinga endelig kom, kalla høgskolen sin rektor, Kjell Kemi dette for ei historisk hending. Samtidig etterlyste han meir konkret innhald, og viste til at av 40 konkrete forslag frå offentlige utval som dei siste åra har uttalt seg om samisk høgare utdanning, har stortingsmeldinga bare følgt opp 2 fullt ut, og 15 i redusert eller endra form.
Ved den førre reforma i lærarutdanninga, LU98, var det ikkje tatt omsyn til samiske forhold. Det blei derfor sett ned eige utval for samisk lærarutdanning, og Samisk høgskole fikk dispensasjon til å fortsette som før etter gamal rammeplan. Utgreiinga om samisk lærarutdanning kom i 2000. Men før denne er behandla av Stortinget har Utdanningsdepartementet sett i gang ei ny reform av lærarutdanninga. Høgskolen ønsker eigen samisk rammeplan for heile lærarutdanninga, men har så langt ikkje fått gjennomslag for dette.
Korleis rekruttere?
Det er vanskelig å rekruttere fulle klassar til høgskolen fordi det er få som har studiekompetanse med samisk førstespråk. Samisk høgskole har prioritert samiskspråklige studietilbod, blant anna fordi Samisk høgskole er den einaste høgare utdanningsinstitusjonen som tilbyr slike studier. Samtidig har ein ønska å betre situasjonen også for norskspråklige samar og utarbeida ei kursrekke i samisk som grunnlag for å studere ved høgskolen sine språkstudium og profesjonsutdanningar. Samisk høgskole ønsker å kunne tilby denne kursrekka som eit fast tilbod, men dette er avhengig av ekstern finansiering. Det må og bli oppretta ei stipendordning, slik at dette ikkje blir ei økonomisk byrde for studentane. Ei slik kursrekke ville vere det viktigaste einskildtiltaket for å rekruttere til Samisk høgskole. Men Stortingsmeldinga tar ikkje opp dette spørsmålet i det heile. Meldinga sitt einaste bidrag er å love ei stilling for rekrutteringsarbeid.
Svein Lund, student i læremiddelpedagogikk ved Sámi allaskuvla, Guovdageaidnu
Til hovudsida.