Artikkel i heftet "Samerett og ressurskamp i nord. Utgitt av RV og AKP i Troms og Finnmark 1997

Svein Lund:

RETTEN TIL EIN SAMISK SKOLE

Når ein snakkar om samiske rettar, snakkar ein ofte først og framst om retten til land og vatn, retten til ressursane. Utan det materielle grunnlaget for eit næringsliv i dei samiske områda kan ikkje den samiske kulturen eller språket overleve.

I marxistisk teori snakkar ein om basis og overbygging. Mellom dei er det eit dialektisk forhold; overbygginga bygger på basis og virkar tilbake på denne.

Kulturelt hegemoni

Sidan vikingetida har norske høvdingar, seinare danske embetsmenn, russiske tsarar, finske nybyggarar og svenske skatteoppkrevarar, nessekongar, trålarreiarar og internasjonale gruveselskap rana til seg av naturrikdommane i Sápmi.

Drivkrafta har vore økonomisk vinning. For å oppnå dette har dei brukt våpenmakt, lovar, svindel og bedrageri.

Men hovudmetoden har vore å ta frå samane kulturen, språket, identiteten og trua på seg sjølve. Kampen om det kulturelle hegemoniet har vore heilt sentral i kampen om Sápmi. Dei to viktigaste midla i denne kampen har vore kyrkja og skolen. Frå starten var kyrkja og skolen samanvakste som siamesiske tvillingar, eller som eit tohoda troll eller stállu.

Blant dei herskande i landa som delte Sápmi mellom seg var det aldri tvil om målet: legge landet under seg militært og økonomisk, legge folket under seg kulturelt og språklig. Derimot sto det frå starten på 1700-talet til slutten på 1800-talet ein stadig intern kamp i den norske herskarklassen om midlene: direkte eller indirekte fornorsking. I lys av den steinharde fornorskinga som etter kvart vann fram har derfor dei som sto for den indirekte fornorskingslinja blitt ståande som "samevenner", slik som Thomas von Westen, Stockfleth, Friis m.fl. Dei hadde ei dobbel rolle; på eine sida sto dei på den norske herrefolkstenkinga, misjoneringa og seinare sosialdarwinismens grunn, på andre sida gjorde dei verdifullt vitskapelig arbeid med å samle og dokumentere kunnskapar om samisk kultur, språk og samisk religion, dei skapte eit samisk skriftspråk i ei tid da samane sjølve ikkje var i stand til dette. Dette har gjort at størsteparten av den kunnskapen vi har om tidligare samisk historie bygger på opplysningar frå herrefolket og er sett gjennom auga deira.

Kampen sto om samane skulle få lov til å bli kristna og kulturelt fornorska på samisk eller ikkje, om dei skulle be Fadervår eller Áhččimin.

Samisk motstand

Først på 1900-talet reiste det seg ein samisk motstand. Blant disse pionerane i tida 1905-25 er det i alle fall fem namn som alle bør kjenne til: Anders Larsen, Isak Saba, Elsa Laula Renberg, Henrik Kvandahl og Per Fokstad. Det er nok ikkje tilfeldig at fire av dei var lærarar. Og skolepolitikken var ein av hjartesakene deira.

Men mot den knallharde fornorskingspolitikken blei dei fleste av dei på defensiven, og klarte ikkje å utforme eit sjølvstendig alternativ. Den som klarte det var Per Fokstad, trulig den fremste samiske skolepolitikar gjennom tidene. Han som "sto bak forslaget om en samisk skoleplan som skulle verne den samiske egenart og livsform. Han ønsket en barneskole bygget på samisk grunn med samiske lærere. Norsk ville han først innføre fra femte skoleår." I artikkelen "Det samiske nasjonalproblemet sett innafrå" gjør han greie for noko av programmet sitt for ein skole som bygger på undervisning i og på samisk på alle nivå, på samisk forteljetradisjon, joik m.m.

Fokstad kjempa for synet sitt bl.a. i Samordningsnemnda for skoleverket av 1948, og vant langt på veg fram i denne nemnda. Men motstanden blant lokale politikarar var så stor at få av forslaga blei gjennomført i praksis i første omgang.

Eg skal ikkje gå vidare på fornorskingshistoria, bare oppmode alle til å lese Eivind Bråstad Jensen si bok: "Fra fornorskingspolitikk til kulturelt mangfold".

Eg skal heller ikkje gå inn på trinna i kampen om å få undervisning i samisk og på samisk og kordan denne stegvis har vunne fram frå 1967 og fram til Stortinget i vår trulig vil vedta individuell rett til opplæring i samisk.

For dei som sjølve ikkje er i samisk skole som lærar eller elev er det kampen om språket som fag og undervisningsspråket som er best kjent. Det er denne kampen og dei faktiske resultata som og er lettast å dokumentere statistisk. Eg skal her heller ta for meg om den kampen som er minst like viktig: Kampen om det samiske innhaldet i skolen.

Folkeretten

ILO-konvensjon 169 art. 27 slår fast at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningsverk. Men den norske staten har aldri vore i nærleiken av å oppfylle eller ville oppfylle denne.

Ka er så ein samisk skole?
Dette er eit spørsmål som dei siste åra har blitt stilt på atskillige konferansar, seminar og møte arrangert av forskjellige statlige og samiske organ. Eg skal forsøke å gi nokre punkt frå denne debatten:

Ein samisk skole har aldri eksistert.

Skolen er innført av kolonimaktene og fungerer framleis i hovudsak på deira premiss. Anten fordi staten ikkje tillet anna eller fordi samiske lærarar er så oppflaska i og indoktrinerte av den norske skoletradisjonen at dei ikkje ser andre måtar å jobbe på. Eg vil påstå det er både-og.

Når det gjeld det å sjå andre måtar å jobbe på skjer det mye nytenking, både i miljøa rundt Samisk høgskole og Samisk utdanningsråd og rundt om i skolar, barnehagar og språksentra, særlig i dei samisk områda som langt på veg er språklig fornorska, slik som Porsanger, Unjárga, Gáivuotna og Skánit.

Dette kan vere interessant nok å studere, eg vil her tilrå boka "Duostta hupmat / Våg å snakke". Det vesentlige i denne samanhang er å sjå på dei formelle hindra som norske styresmakter set opp for arbeidet i retning av ein samisk skole.

Ka må så til for at vi skal kunne snakke om ein samisk skole?
Først: det er ikkje ein norsk skole som undervisas på samisk.
Det er ein skole som bygger på samisk kultur, samfunns- og næringsliv.
Skolen skal gi haldningar, kunnskap og ferdigheiter, alt dette må ha eit samisk utgangspunkt.

Av innhaldet han ein nemne:
samisk næringsdrift i primærnæringane, reidskapar i samisk fiske, jordbruk, reindrift naturbruk og naturforvaltning, religion (samisk religion og læstadianisme) og anna folketru, sagn / eventyr / forteljartradisjon, joik / samisk musikk, duodji, samiske institusjonar osv.

Ein slik skole krev ikkje bare samiske elevar og lærarar og lærebøker, men og bl.a.:
- eigne samiske fag
- eigne samiske læreplanar.

Ein samisk skole krev og høve til å bruke eigne undervisningsmetodar og eiga form for organisering av skolekvardagen. Han krev at ein langt på veg opphevar det kunstige skiljet mellom skole og heim, mellom skoletid og fritid, mellom lærarar og andre kunnskapsformidlarar.

Ein samisk skole betyr samisk styring. I praksis betyr det at det er Sametinget som har myndigheit til å godkjenne linje- og fagtilbod, læreplanar (generelle og i einskilde fag), fag- og timefordeling, krav til lærarar osv. Samisk Utdanningsråd, styret for dei samiske vidaregåande skolane osv. må vere underlagt Sametinget, og KUF skal ikkje kunne overprøve nokre av disse organa.

Hernes som fornorskar

Kampen for ein meir samisk skole gikk sakte, men eintydig framover i tida 1967-1993. Da satte reaksjonen inn under leiing av Gudmund Hernes, den største fornorskar i skolehistoria sidan skoledirektørane Bernt Thommassen og Christian Brygfjeld (1902-1932).

Hernes sette igang ei gjennomgripande reformering av heile skoleverket med tre hovudmål:
- samordning av utdanninga frå barnehage til universitet
- auka fellesstoff og teoretisering av yrkesfaga
- nasjonal einsrettting

For dei samiske skolemiljøa er det to reformar som er av avgjørande betydning: Reform 94(vidaregåande skole) og Reform 97(grunnskolen) Eg vil her nytte professor Anton Hoem sine ord: Ved starten av ei kvar skolereform har sentrale styresmakter igjen glømt at det bur samar i Noreg. Ein kan diskutere om dei har glømt eller oversett bevisst, resultatet er det samme.

Gjennom Reform 94 skulle talet på linjer reduseras kraftig. Da forsvann duodji grunnkurs, det einaste gjenverande særeigne samiske grunnkurset etter at reindrift gk var lagt under naturbruk gk nokre år før. KUF ville først og fjerne reindrift vk1.

Samtidig skulle vk2 i yrkesfag erstattas med lærlingeordning. Konsekvensen var altså å fjerne reindrift som eiga utdanning i vidaregåande skole, samtidig som 3-årig duodji-utdanninga i skole blei redusert til 1 år.

Samiskfaget eksisterte ikkje i dei fag-og timefordelingane som KUF først sendte ut som direktiv til dei samiske vidaregåande skolane. Samiskfaget har ikkje blitt anerkjent som eit fag av verdi, bare som eit tilleggstilbod. Samisk har frå 1994-97 vore det einaste språket som ikkje har vore anerkjent som eit av tre språk ein må kunne for å få studiekompetanse. Elevar med samisk og norsk (22 timar i AF over 3 år) har ikkje fått noko tilleggspoeng for dette i forhold til elevar med bare norsk (14 timar). Derimot blei ein underlagt eit svært firkanta regelverk for kas fag som kunne godkjennas med felles pensum på opp mot 100% i kvart fag. Det er knapt naudsynt å fortelle at det samiske innhaldet i disse læreplanane varierte frå 0 til nokre få promille.

Eit av resultata var at særeigne samiske studieretningsfag for AF no ikkje lenger var godkjente og måtte erstattas med ordinære fag for norske skolar.

Ved Samisk vidaregåande skole og reindriftskole vil eg anslå at Reform 94 halverte det særeigne samiske ved denne skolen. Reformen avskaffa med eit slag resultata av det utviklingsarbeidet som blei dreve frå slutten av 80-talet fram til 1994.

KUF har satt igang eit større arbeid med evaluering av Reform 94, men resultata for samisk utdanning ville dei ikkje ha evaluert. Styret for dei samiske vidaregåande skolane har lenge forsøkt å få til ei slik evaluering, når dette skrivas er det enno uklart om dei når fram.

Ikkje før var Reform 94 i gang, så kasta Hernes seg over grunnskolen, like offensivt mot alt som smaka av særeigent samisk. I motsetning til vidaregåande hadde grunnskolen frå 1988 hatt eigne samiske læreplanar i sentrale fag. Disse skulle no bort.

Men i motsetning til det som skjedde med Reform 94 hadde no samiske skolefolk og politikarar vakna, og sette seg på bakbeina. Resultatet var at ein fikk fortsette med samiske læreplanar. Disse blei laga i full fart og først da Sametinget sette foten ned, godtok KUF at det måtte vere ein fellesdel for disse. Denne blei derfor laga etterpå, heilt motsett av den norske læreplanen der fellesdelen blei skreve først som grunnlag for læreplanane i dei einskilde faga. Slik sikra ein seg at grunnlaget for samiske læreplanar i dei einskilde faga ikkje var den samiske, men den norske fellesdelen og dei norske læreplanane for samme eller tilsvarande fag. Men langt i frå alle samiske elevar nyt godt av dei samiske læreplanane. Kem dei skal gjelde for er enno ikkkje avklart, men KUF forsøker no å innsnevre dette så mye som råd.

Det neste slaget om samisk utdanning blir stortingsbehandlinga av Opplæringsloven. Det forslaget som blei lagt fram i 1995 inneheld nokre skritt i rett retning, men ut i frå den gjennomgripande reformen av skoleverket som no blir gjennomført, er disse skritta ganske små.

Den viktigaste endringa er å innføre individuell rett for samiske elevar til undervsining i samisk. I Odelstingsproposisjonen om Opplæringsloven, som blei lagt fram rett før påske, er dette retten foreslått beholdt, men ellers er denne eit stort skritt bakover. Etter at samiske læreplanar no synas å vere godkjent for grunnskolen, snakkar ein her ikkje om samiske læreplanar, men om "samiske læreplantillegg". Mens utreiinga frå 1995 foreslo å legge oppnemninga av Styret for dei samiske vidaregåande skolane til Sametinget, vil KUF no legge ned dette styret og overføre skolane til Finnmark fylkeskommune, noko som vil fjerne det lille sjølvstendet disse skolane har.

Min konklusjon er at regjeringa sin politikk er todelt: Ein vil styrke retten til språkopplæring, for på det viset å kunne gi eit godt inntrykk av at staten tar vare på minoritetane. Derimot vil ein fjerne alt særeigent samisk lærestoff og pensum som kan bidra til å styrke samisk identitet og bevisstgjøring. Vi er tilbake til Stockfleth og Friis: Samane skal fornorskas - på samisk.


Til hovudsida.