Artikkel i heftet Reform -94 - Skole på kapitalens premisser. Utgitt av Rød Valgallianse 1994

Svein Lund:

REFORM 94 = valdtekt av yrkesopplæringa

"Reform 94 er ikkje mindre enn ei valdtekt av yrkesopplæringa". Det utbraut ein yrkesfaglærar på eit kurs for å skolere faglærarar i Reform 94. Og stort meir treffande kunne han ikkje ha sagt det. Her får du historia om kordan valdtekten gikk til:

Først kjem Reformen så uskuldig og marknadsfører seg under vakre ord om å sikre yrkesutdanning og studiekompetanse for alle. Og kem ville ikkje vere med på å sikre alle elevar rett til 3 år vidaregåande utdanning, vi hadde jo så altfor ofte sett at elevar på yrkesfag bare fikk l år mens dei ønska seg 3.

Yrkesutdanninga blei riktig blid og Reformen fann tida inne for ein liten framstøyt:

- Du treng vel ikkje alle 106 grunnkursa dine, spurte Reformen. Nei, kanskje ikkje alle, sa yrkesopplæringa. Og snipp, snapp, så hadde Reformen tatt 93 av dei, og skolen satt igjen med 13. Men bare 10 blei igjen til Yrkesutdanninga, for 3 av dei var reservert for dei som skulle til Universitetet og gjøre seg akademiske, må vite.

Men etter kvart syntes Yrkesopplæringa denne reformen blei vel innpåsliten. Det var no vel mye å slå saman fiskeoppdrett og reindrift, tanntekniker, frisør og søm, rørlegger og glassmester. Men da Reformen sa frå at no skulle bonden og mekanikeren ha samme pensum i naturfag, da byrja Yrkesopplæringa å sjå at no gikk det virkelig gale vegen. "NEI!" skreik ho. Og da ho såg at dei ikkje lenger skulle ha teknisk engelsk men lese om British Parliament og Summer by the Seaside skreik ho "NO!" No såg ho at elevane som ville lære sámi duodji først måtte lære norsk husflid. "ALE!" skreik Yrkesopplæringa. Men det var ingen som hørte ho. For Reformen hadde sørga for at organisasjonen til yrkefagelevane var konkurs og nedlagt og organisasjonen til yrkesfaglærarane var lagt inn under akademikarane.

Så ingen kunne hindre Reformen å trenge inn i Yrkesopplæringa og gi ho skader for livet både på kropp og sjel.

Og i 9-10 månadar måtte Yrkesopplæringa gå med dette misfosteret i seg inntil det no i juni kom ut. Det ville vere synd å kalle det eit velskapt barn. På eine foten var det ein sjøstøvel, men det var venstre støvel til høgre fot. På andre var det ein ballettsko. I høgrehanda ein kjekk liten kalkulator med grafisk vindu og i venstre ein murstein av glass. Over skuldra hadde han eit fiskegarn. Det skulle han fange rein med, sa han. Men det som gjorde at dei måtte ta keisersnitt for å få avkommet ut var det uforholdsmessig store hauet. Det var større enn resten av kroppen til saman og så var den nesten heilt reve laus. Halsen var så tynn at det stakkar nesten ikkje var kontakt mellom teori og praksis. Derfor var det heller ikkje så mye det store hauet kunne brukas til. Spurte du ungen kordan ein best kunne skifte støtdemparar på bilen, svara han x2y4, og spurte du ka slags sakser frisøren treng svara han at det var ikkje noko adekvat problemstilling i den foreliggende ressurssituasjon.

- Kor i.... er Reformen? brølte Yrkesopplæringa. Denne bastarden skal han få betale bidrag for.

Men Reformen hadde forlengst funne nye jaktmarker. No hadde han døpt seg sjølv om til Reform 97 og var i ferd med å smiske seg innpå Grunnskolen og Barnehagen. Og om ingen gir dei ei alvorlig åtvaring og gjør dei i stand til å slå tilbake, så blir det fleire misfoster framover.


- Har du hørt at i Oslo har dei funne opp ein heilautomatisk barbermaskin? Ein stikk bare hovudet inn i eit hol og etter eit minutt er det ferdig barbert.
- Men alle hovud er ikkje like?
- Ikkje før nei, men dei blir det.
- Det var ein smart maskin, ka kallas han for?
- Reform 94.


Til startsida

sveilund@online.no