Artikkel i heftet Reform -94 - Skole på kapitalens premisser. Utgitt av Rød Valgallianse 1994

Svein Lund:

Reform 94 = dødsstøtet for samisk vidaregåande utdanning

Dei samiske vidaregåande skolane i Guovdageaidnu og Kárášjohka har dei siste åra gjort mye for å utvikle ein skole som bygger på samisk språk og kultur. Med Reform 94 blir det som er bygd opp reve ned i eit slag og utviklinga av samisk skole er satt mange år tilbake. Lærarar ved disse skolane omtaler reformen som det største fornorskingstiltaket siden forbudet mot samiskundervisning kom i 1889.

Samisk videregående skole og reindriftsskole i Guovdageaidnu har som einaste skole i landet hatt 3-årig utdanning i såmi duodji (samisk husflid). Denne utdanninga har vore svært viktig for å halde vedlike og utvikle samiske duodjitradisjonar. Trass sterke protestar frå skolen er grunnkurset frå i år omgjort til grunnkurs formgivingsfag, eit kurs fullstendig utan samisk innhald. Fordi dette kurset ikkje har noko samisk innhald kan skolen heller ikkje stille krav til lærarar ved tilsetting om at dei skal ha kjennskap til dette.

Den tidligare Reindriftsskolen var rett før Reform 94 kom blitt utvida til eit treårig tilbod. Her blei allereie for nokre år sidan grunnkurset omgjort til grunnkurs naturbruk som var felles med landbruksutdanninga. Dette er no gjort enno breiare og er og grunnlaget for dei som skal bli f. eks. fiskarar og fiskeoppdrettarar.

I mekaniske fag var det tidligare 25% tilvalsstoff som skolen / elevane kunne velge innafor visse rammer. Her var skolen i gang med å utvikle eit eiga tilbod basert på lokale behov og samiske næringar. Men med Reform 94 er alt pensum kjernestoff og pensumet er blitt så stort at det ikkje er mogleg å legge inn noko ekstra. Her forsvinn den treårige landbruksmekanikerutdanninga og blir erstatta med VK1 Arbeidsmaskiner og lærlingeplassar som bare finst på papiret.

I allmennfag hadde skolen utvikla eit særeigent tilbod med reindrift / duodji som studieretningsfag på VK1/VK2. Frå hausten 95 er det borte. Reform 94 gjør at det ikkje blir plass til dette fordi dei obligatoriske faga tar for mye plass. Det blir no ingenting anna enn samiskfaget som skiller dette tilbodet frå ein vanlig norsk vidaregåande skole. Ei av årsakane til dette er at elevar med samisk som l. eller 2. språk og må ta ein andre framandspråk (B/C-språk). Mens norske og framandspråklige elevar kan få studiekompetanse med å kunne 3 språk, er samiske elevar dei einaste som må kunne 4 språk!

På Handel og kontor hadde ein utvikla eit særeigent tilbod på VK2 innafor samisk saksbehandling. Om dette får fortsette veit vi ikkje før VK2-planane kjem ein gong utpå neste vinter, men erfaringane så langt seier oss at dette og er i fare.

Den auka vekta på ålmennteori fører til ekstra store problem for dei samiske vidaregåande skolane. Her er tradisjonelt liten teoretisk interesse og desto større interesse for praktisk opplæring. Dårlig grunnskole pga mangel på samiske lærebøker og kvalifiserte lærarar gjør at svært mange fell gjennom når skolen blir for teoretisk og i tillegg heilnorsk utan samisk tilpassing. For at vi skal få plass til både samisk og norsk må vi bruke valfagstimane til dette, og dermed mistar vi sjansen til å gi eit tilbod om valfag utifrå elevane sine interesser.

Eit velkjent pedagogisk prinsipp er å gå frå det nære til det fjerne, frå det kjente til det ukjente. Dette snur Reform 94 no totalt på hovudet, ein skal ha masse teori før ein får lov å få litt praksis. For dei samiske vidaregåande skolane betyr det at ein i tillegg må ha rein norsk utdanning på grunnkurset før ein kanskje kan få litt samisk innhald i VK1 og VK2.

Er alt så bare svart? Nei, vi har faktisk for første gong fått ein plan for laging og omsetting av læremidler, sjølv om ingenting er laga enno. Problemet er bare at disse lærebøkene må skrivas etter ein landsomfattande firkanta læreplan. Så i beste fall får vi fleire bøker på samisk, men innhaldet er mindre samisk enn nokon gong. Blir det ein samisk skole av det?


Til startsida

sveilund@online.no