Debattinnlegg sendt aviser i Finnmark, 03.12.2011

Samisk skoleutvikling og matematikk

Odd Mathis Hætta svarar i Finnmark Dagblad 30.11. / Altaposten 01.12. på innlegget mitt der eg påviste feil ved skjønnmålinga hans av stoda for samisk språk i skolen. I innlegget tilbakeviser han ikkje nokon av problema eg peika på. Derimot vrir han saka til at det er så få samisktalande at dei ikkje kan vente å få verken kvalifiserte samisktalande lærarar eller samiske lærebøker.

Odd Mathis Hætta har tidligare har kjempa for samisk i skolen, bl.a. gjennom leiande posisjonar i Norske samers riksforbund, Samisk utdanningsråd og Høgskolen i Finnmark. Det er sikkert mange fleire enn eg som har undra på kvifor han no har snudd til å argumentere mot alle krav til samisk språk i skolen. Sjølv om Hætta puttar meg i båsen "skolehistorikere" i hermeteikn, vil eg likevel våge meg på å trekke fram eit mønster som byrjar å stå fram etter fem bind av Samisk skolehistorie.

I tida da fornorsking var offisiell norsk politikk (grovt sett 1850–1960-talet) var krava frå samisk hald i første rekke at elevar med samisk som heimespråk skulle få opplæring på samisk, ut frå argumentet at ein lærer best på morsmålet. Dette var den heilt dominerande saka i samisk skolepolitikk fram til 1980-talet, da undervisning på samisk i heile grunnskolen blei fastsett som eit prinsipp i skolelova. Framleis er dette ikkje heilt gjennomført, og framleis er det eit rimelig krav at samisktalande elevar skal få undervisning på morsmålet av kvalifiserte lærarar og med gode lærebøker. I denne kampen har Odd Mathis Hætta og mange andre gjort ein stor innsats.

Seinare kom eit anna element sterkare inn. Med den samiske bevisstgjøringa frå Alta-kampen kom ønsket frå samar som hadde blitt fråtatt språket om at ungane deira skulle få det tilbake. Vi fikk samisk som andrespråk i grunnskole og vidaregåande skole. Samiske barnehagar blei ikkje bare brukt til samisktalande barn, men også til å lære andre barn samisk. Og vi fikk kurs i samisk som framandspråk/andrespråk i vaksenopplæring, høgare utdanning og språksenter. Målet var no utvida til å revitalisere språk og kultur, å vinne tilbake noko av det fornorskinga hadde øydelagt. Samisk språk og kultur i skolen blei ikkje lenger bare eit pedagogisk, men eit kulturpolitisk spørsmål.

Dessverre må vi oppsummere at revitaliseringa til no har kome ganske kort. Mange har gjort ein stor innsats på grunnplanet, men det har mangla ein overordna politikk både frå skolen og Sametinget, og sentrale styresmakter har i beste fall vore lunkne. Den massive hetsen mot alt samisk som dei siste åra har vore i media, har også bidratt til at det å stå fram som same igjen har blitt ei offentlig belastning. I tillegg kjem det fenomenet som Odd Mathis Hætta her står som eit eksempel på, at nokre samisktalande samar blir seg sjølv nok og ikkje vil bry seg om andre elevar enn dei som har samisk som einaste heimespråk.

Hætta går til åtak på sametingsrepresentantar som "skriker høyt - på norsk - om mer penger til samisk, men selv er de ikke villig til å lære seg språket og snakke samisk!". Eg har sjølv lært meg samisk i vaksen alder, og veit derfor litt om kva det kostar av arbeid, og når eg skal uttale meg offentlig, gjør eg det framleis helst på morsmålet. Eg var så heldig å få studere med lønn. Svært få av dei som ønsker å lære samisk får gjøre det. Verken vi som har fått sjansen eller dei som i likskap med Hætta var så heldige å få språket gratis i barndommen, har nokon rett til å moralisere over dei ofra for fornorskinga som ikkje har fått vilkår for å lære språket.

For nokre år sidan klaga samme Odd Mathis Hætta over dei dårlige matematikkunnskapane i samiske kommunar, som han meinte skuldast at krava til matematikk i lærarutdanninga var for låge. I innlegget sitt no hevdar han at "knapt 0,001% har samisk som eneste hjemmespråk sammenlignet med norsk". Tala han bygger dette på er 4500000 norsktalande og 4500 samisktalande. Ut frå den matematikken eg lærte på skolen vil dette vere 0,1%, ikkje 0,001%. Det kan tyde på at kritikken av lærarar med dårlige matematikkunnskapar ikkje var heilt grunnlaus.

Til slutt skriv han: "Samiske organisasjoner og institusjoner gir tvert imot inntrykk av at en stor del av befolkningen i Norge er samisktalende!" Kven har sagt dette? Sjølv gjør han sitt beste for å gjøre denne delen så liten som mogleg, fordi han ikkje tar med dei som har fleire heimespråk eller som kan samisk på eit lågare nivå. Om ein i staden hadde rekna med alle som kan meir eller mindre samisk, ville ein kunne fleirdoble talet, kanskje bortimot tidoble det. Likevel er det snakk om under ein prosent, det er framleis ein liten del. Spørsmålet er om vi ønsker å ta vare på det som er igjen og auke denne delen, eller la fornorskinga halde fram til samisk språk og kultur bare finst i museum.

På 30 år er det brukt over 100 millionar kroner på samisk språk, skriv Hætta, og får dette til å stå fram som ein enorm sum. For å halde oss i matematikken er det vel 3 millionar for året, altså omtrent like mye som ein i dag brukar på å bygge eit vanlig bolighus. Kva er i denne tida brukt f.eks. på å utbreie engelsk språk i Noreg? 100 millionar i dagens pengar er ein langt mindre innsats enn det som blei brukt til å fornorske samane gjennom over hundre år. Det er omlag 0,0033% av det norske oljefondet eller 1/4 av prisen på eitt av dei kampflya Noreg no planlegg å kjøpe meir enn 50 av. Det er rett og slett tragisk at Odd Mathis Hætta no hiver seg på skriket frå FrP og EDL om at den norske staten brukar for mye pengar på å bevare samisk språk og kultur.

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.