Debattinnlegg sendt Ny Tid 24.11.2008

Svein Lund:

Einsidig og misvisande om språkundervisning

Ny Tid brukar 14.11.08 heile seks sider på ein artikkel om språkundervisninga i Noreg. Ut frå dette sidetalet og med heile tre forfattarar skulle ein kanskje kunne vente at ein ga eit allsidig og balansert bilde av dette viktige spørsmålet. Det er dessverre ikkje tilfelle, det einaste forfattarane ser er stoda for etnisk norske, teoriinteresserte elevar i Sør-Noreg. Her manglar minst 3 perspektiv som må med i dette bildet.

Innvandrarelevar

I Noreg er det tusenvis av elevar som har eit innvandra morsmål. Desse elevane har eit ekstra språk med seg, mens skolen ofte ikkje ser dette språket som ein ressurs verd å utvikle, men som eit hinder på vegen til norsk einspråkligheit.

Samiske og kvenske elevar

Vel 3000 elevar i Noreg har samisk eller finsk som første- eller andrespråk. Desse er ikkje nemnd i artikkelen og heller ikkje i oversiktsboksen med tittelen "Språkundervisning i Norge".

Elevar med praktiske interesser

Av elevane som går ut av grunnskolen velger grovt sett vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse. Den andre halvparten velger ei yrkesfaglig retning. Dei som har meir yrkesfaglige enn akademiske interesser har fått stadig forverra vilkår i både grunnskole og vidaregåande skole, ettersom kvar av dei siste skolereformene har styrka teorifaga på kostnad av dei praktiske og estetiske. Forslaget om to obligatoriske framandspråk for alle var enno eit steg på denne vegen. Heldigvis blei det stoppa, men alternativet var dessverre ikkje så mye bedre for desse elevane, dei får ikkje bruke desse til praktiske fag, men må bruke dei til styrking av norsk eller engelsk.

Språk og motivasjon

Eg er på ingen måte mot at barn lærer språk tidlig. I Finnmark har mange barn blitt trespråklige i samisk, finsk og norsk før dei byrjar på skolen, og desse barna har gjerne lært engelsk raskare enn dei som har hatt ein einspråklig norsk bakgrunn. Men føresetninga for meiningsfylt språklæring er at barna er motiverte for denne og ser at dei har nytte av språket i praksis. For eksempel kan det vere langt lettare å motivere for russisk og finsk i Kirkenes enn for fransk og tysk.

Sjølv høyrer eg til dei mange som i ungdomen blei påtvunge undervisning i tysk og fransk, utan motivasjon og utan kontakt med miljø der desse språka blei brukt. Resultatet var dårlig. Eg fikk begge språka i vranghalsen og kan i dag ikkje uttrykke meg på nokon av dei. Det kan eg derimot på to andre språk, som eg etter skoletida har fått lære i naturlige språkmiljø.

Misvisande kart

Artikkelen er illustrert med eit kart som skal vise "det gjennomsnittlige antallet fremmedspråk elever i videregående skole lærer i europeiske land". Kartet viser altså vidaregåande skole, mens artikkelen elles handlar om grunnskolen. Eit anna spørsmål er korleis ein definerer framandspråk. Finland ligg på topp i lag med Island. Men Finland er eit trespråklig land der to av språka er obligatoriske for alle. Trekker ein frå undervisninga i svensk for finsktalande og omvendt, ser ein at av utanlandske framandspråk lærer ikkje finnane meir enn nordmenn. Noko liknande kan ein seie om Island, der dansk er eit av dei obligatoriske språka. Dette kartet er derfor uhyre dårlig eigna som argument for at vi må prakke tysk, fransk og spansk på norske elevar.

Eg vonar Ny Tid vil følge opp med meir stoff om språklæring, men at ein da vil sjå litt lenger enn ein har gjort denne gongen.

Svein Lund Guovdageaidnu / Gdansk


Til hovudsida.