Her gjengitt etter internettutgåva av Norsklæreren Noko forsinka kom eg over Norsklæreren nr. 2 -2000, og såg at eg er dratt inn i ein debatt om yrkesretting av allmennfag. Oddny Espeland Ystanes argumenterer mot yrkesretting og skyt på eit intervju eg hadde med Tove Berg i Skolefokus 15/98. I det høvet utnemner ho meg til lærar i norsk for yrkesfag ved Høgskolen i Akershus. Eg takkar for tilliten, men ser meg nøydd å seie frå at det er eg ikkje, og det har eg heller aldri vore.
(...) Ei anna sak er at det var intervjuobjektet og ikkje journalisten sine synspunkt som kom fram i intervjuet.
Ystanes refererte til at
Lund "skreiv ... at han frå heile landet får meldingar om at
det er store problem med allmennfaga i yrkesfaglege studieretningar".
Svein Lund svarer med denne teksten i Norsklæreren 5/2000
De andre artiklene i denne debatten er: Tove Berg: Norskboka for yrkesfaglig studieretning - fins den egentlig? Sylvi Penne: Om "yrkesnorsk" eller "norsk på yrkesfag" - og om identitet på 90-tallet. Tove Berg: Yrkesretting som kulturarbeid Oddny Espeland Ystanes: Norsk på yrkesfag: Myten om dei problematiske allmennfaga, yrkesretting av norskfaget og kritikk av lærebokkritikken. Tove Berg: Yrkesretting som kulturarbeid II Oddny Espeland Ystanes: Den problematiske yrkesrettinga |
Tove Berg gir eit utmerka svar i Norsklæreren nr. 2, men eg vil
gjerne legge til nokre argument sett frå ein annan vinkel, frå
bakgrunnen min som lærar i mekaniske fag og nokre allmennfag på
yrkesfaglige studieretningar, bl.a. norsk.
Ystanes skriv: «Eg oppfattar det slik at dei som i denne debatten
meiner at allmennfaga må yrkesrettast meir, gjer det fordi dei trur at
allmennfaga er eit problem for dei, og at yrkesretting vil vere til hjelp
for dei.». (...) Faga er m.a.o. eit problem for elevane, og
Slik eg ser det har yrkesrettinga av allmennfaga tre funksjonar:
Det er såvidt eg veit ingen som har hevda at all
allmennfagundervisning skal vere innretta på yrket, men yrkesrettinga
skal vere ein del av kvart allmennfag på yrkesfaglige studieretningar. Eg
har trua på at om elevane opplever at ein del av aktivitetane i norsk,
matematikk eller engelsk har noko med yrkesfaget deira å gjøre, vil det
og vere motiverande for å bry seg om den delen av faget som ikkje har
direkte med yrket å gjøre.
Eg har sjølv undervist i norsk i ein blanda klasse av mekaniske
fag og hotell- og næringsmiddelfag. Eg spurte klassa om dei trudde det
var skrive dikt om desse fagområda. Heile klassen var overtydd om at
slikt fantest ikkje, for dikt, det var noko som hørte den akademiske
verda til. Stor var overraskinga deira da eg fann fram og las «Kafeteriaarbeiderskens
klagesang» og «Sangen i verkstedhallen». Da hadde vi lagt eit grunnlag
for å jobbe med andre dikt. Ystanes hentar eksempla sine frå ein klasse der over halvparten gikk vidare på allmennfaglig påbygging. Men kan ein slik klasse brukast i generell argumentasjon mot yrkesretting? Røynslene mine er at innafor fag som mekaniske fag, hotell- og næringsmiddelfag og byggfag er det ein forsvinnande liten del som søker allmennfaglig påbygging. Ystanes seier at elevane ikkje har nokon yrkesidentitet. Dette kan eg ikkje vere samd i. Ein stor del av elevane følgjer i fotefara til eitt eller fleire familiemedlemmar og har så å seie fått yrkesidentiteten inn med morsmjølka. For andre har utviklinga av ein yrkesidentitet starta da dei bestemte seg for å søke på yrkesretta utdanning. Ei av oppgåvene til yrkesutdanninga er å styrke denne yrkesidentiteten, dersom forholda ligg til rette for det. Dessverre har dette arbeidet blitt tyngre med innføringa av Reform 94. I den samanhengen er det viktig at dei ser at allmennfaga òg har noko med den framtidige yrkesrolla deira å gjøre, at allmennfaga ikkje bare er noko som hører til den akademiske verda. Svein Lund, GuovdageaidnuTil startsida |