"Når barn er født og oppvokst i Norge, kan trolig norsk betegnes som det reelle morsmålet fordi språket beskriver den kulturen barnet faktisk lever i."
Slik kan ein fråta ungar morsmålet med å definere det bort. Dette er ikkje noko nytt i historia. For vel 100 år sidan heitte eit hovudfag i skolen "modersmål". Problemet var bare at det var dansk, anten elevane snakka norsk, samisk eller kvensk heime. Også i nyare tid har framståande politikarar hevda: "I Noreg har vi bare eit morsmål og det er norsk."
"Når man ikke klarer å opprettholde sitt morsmål er man nødt til å lære seg norsk og absolutt sørge for at barna tilegner seg gode norskkunnskaper når de begynner på skolen."
Kvem er denne "man" som ikke klarer å opprettholde morsmålet? Språklige minoritetar er godt i stand til å opprettholde morsmålet, dersom dei kjenner at dette har noko verdi. Problemet er at norske styresmakter ofte har gjort det dei kan for å avskaffe andre morsmål, for å gi desse språka ein status under null, gjøre dei til noko ein skal skamme seg over og forsøke å kvitte seg med. For deretter å gi dei minoritetsspråklige dobbelt skuld, både for forsvinnande minoritetsspråk og for dårlig norsk.
"Skal man lære norsk, må man gå inn i norsk kultur og ta som sine norske verdier, normer og holdninger".
Kva er "norske verdier, normer og holdninger"? Er det den sjølvgodheita som dette innlegget gir uttrykk for? Kva når norske elevar lærer engelsk på skolen? Må dei da ta amerikanske verdiar og normer som sine eigne?
For Unni Jacobsen finst det visst bare ein form for tospråkligheit, den som gjeld i overgangstida til at ein har lært nok norsk til å gløyme morsmålet. Her er ingen plass for å ha tilhøyrigheit i fleire språk, fleire kulturar, fleire sett av verdiar og normer. Det skal ikkje vere mogleg å ha "hjertet i to land".
Draumen til Jacobsen om eit raskt og endelig språkskifte for alle i Noreg som snakkar andre språk enn norsk har allereie vore forsøkt gjennomført. Resultata av dette eksperimentet kan studerast blant etterkomarar av samisk- og kvensktalande. Norske styresmakter har offisielt innrømt at denne politikken var feil. Likevel er ein i Noreg i dag i stor grad i ferd med å gjøre det same mot dei innvandra minoritetane. Å ta ifrå folk morsmålet er eit brotsverk, sjølv om det skjer med statlig styring og med "faglige" argument.
Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar hadde sine ideologar, Ein av dei var biskop J.C. Schønheyder, som for vel 200 år sidan sa om samisk språk at det var: "aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer" og "indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uopdragne Mennesker i deres indskrænkede Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig".
I dag heiter det at morsmåla til innvandrarane ikkje kan uttrykke anna enn jordbruksforhold i dei opprinnelige heimlanda. Brotsverket har framleis sine ideologar, sjølv om biskop er bytta ut med logoped.
Det er på høg tid å reise ein samla kamp for statusen til morsmåla, i første rekke lovfesting av retten til morsmålsopplæring i skolen. Kor er venstresida her?
Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie
sveilund@online.no