Kronikk i Klassekampen 12.01.2005

Svein Lund:

Morsmål - bare for norsken sin del?

Er morsmålsundervisning bare eit middel til å lære norsk, eller er morsmålskunnskap ein viktig kompetanse for den einskilde og for det norske samfunnet?

Fleire innlegg har allereie gått i rette med Gunnar Skirbekk, som i Klassekampen 8.12.04 gikk inn for å avskaffe morsmålsopplæringa for framandspråklige. De har argumentert godt for at morsmålsopplæring både vil styrke norsklæringa og vil styrke begrepsutviklinga og innlæringa av fagstoff generelt. Det er vel og bra, men eg saknar eitt perspektiv på saka: verdien av munnlig og skriftlig kompetanse i eige morsmål, med tilhørande kjennskap til kultur og litteratur knytta til dette språket.

Eit innlegg samanliknar med overgrepa mot samiske og kvenske elevar. Det er det all grunn til. Gjennom arbeid med samisk skolehistorie har eg sett at det er slåande mange parallellar og at ein med fordel kan lære av opplæringa for samar på vondt og godt. Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar blei i siste halvdel av 1800-talet politisk vedtatt og gjennomført ovafrå og ned, utan omsyn til kva dei folka som blei ramma meinte. Heile tida var det både samiske og norske lærarar og lekfolk som kjempa mot denne politikken, med argument som varierte frå retten til utvikling av eige språk og kultur til at morsmålsopplæring var det beste grunnlaget for å lære norsk. Det samme skjer overfor innvandra minoritetar i dag. Politikarar fjernar morsmålsundervisning utan omsyn til kva fleirspråklige minoritetane meiner, utan å ha noko pedagogiske eller vitskapelige argument. Forskjellen på i dag og for hundre år sidan er at vi no har eit langt sterkare vitskapelig grunnlag som viser verdien av morsmålsundervisninga.

Under fornorskingstida argumenterte skolestyresmakter og politikarar ofte som Skirbekk, med at samisk og kvensk sto i vegen for å lære norsk. Dersom desse språka skulle komme inn i skolen, ville elevane ikkje lære skikkelig norsk. Etter kvart blei det uunngåelig å sjå at det var motsatt: Elevane lærte dårlig norsk fordi dei ikkje forsto språket undervisninga foregikk på. Ikkje bare var morsmålet fråverande, men norsken blei undervist som om han hadde vore førstespråk. I dag gjørast den same feilen igjen, regjeringa vil både fjerne morsmål og norsk som andrespråk for innvandra minoritetar. Det er på tide å seie det i klartekst: Fornorskinga av samar og kvenar var eit gigantisk brotsverk av den norske staten gjennom eit århundre. Å nekte innvandra minoritetar morsmålsopplæring er eit brotsverk som foregår i dag. Da samisk begynnaropplæring blei innført på slutten av 60-talet, blei det frå skolestyresmaktene utelukkande argumentert med at dette var til fordel for norsklæringa. Kompetanse i samisk blei ikkje rekna som ein verdi, målet var framleis fornorsking og morsmålet var ein taktisk reidskap i å nå dette. Samtidig arbeida samiske skolefolk målmedvete for å heve samisken sin status og i løpet av 70- og 80-talet utvikla samiskfaget seg til eit fag med status på linje med norsk, som ein kunne velge som første- eller andrespråk, og samisk har og i stor grad vore brukt som undervisningsspråk i andre fag. Samisk teller på linje med norsk som poenggivande fag ved opptak til vidaregåande og høgare skolar. I vidaregåande skole kan den som har samisk som fag nøye seg med eitt framandspråk, andre må ha to om dei vil ha studiekompetanse. I den nye reforma for grunnopplæringa blir 2. framandspråk obligatorisk i grunnskolen, her gjeld og at dei som har samisk som fag slipp med eitt framandspråk.

Dei fleste vaksne samar slit i dag med verknadane av fornorskingspolitikken. Mange har ikkje lært å snakke samisk, og kjenner seg dermed som ein slags annanrangs samar. Andre snakkar språket, men har vanskelig for å lese det og skriv det ikkje. Dei blir dermed langt på veg utafor i den samiskspråklige offentligheita, f.eks. i forhold til samiskspråklige aviser, bøker og korrespondanse på samisk. Dei kan ikkje sende brev til slektningar og vener på sitt eige morsmål.

For språklige minoritetar med innvandrarbakgrunn vil mye av det same vere tilfelle. Samtidig er det og forskjellar, fordi språka deira både er knytt til språkmiljø i Noreg og i det landet dei sjølve eller foreldra kjem frå. Dei fleste har slektningar og vener i heimlandet som dei held kontakt med gjennom brev og reiser. For mange er det aktuelt å flytte tilbake. Om ein da ikkje beherskar skriftspråket og kulturkunnskapen avgrensar seg til det foreldra kan formidle, er ein temmelig funksjonshemma i forhold til å kunne fungere i opphavslandet.

Men dette er ikkje bare spørsmål om kva som er nyttig for den einskilde. Det er og spørsmål om kompetanse for det norske samfunnet. Det norske samfunnet har i alt for liten grad forstått kva for ein viktig kompetanse det er å ha folk med kunnskapar i forskjellige språk som ikkje har status som vanlige framandspråk i norsk skole, anten det er arabisk, portugisisk, urdu, kurdisk, vietnamesisk eller polsk. Folk med god skriftlig og munnlig kompetanse i desse språka og i norsk kan bidra med mye til bl.a. diplomati, turisme, utanrikshandel og bistandsarbeid. Dei kan bidra til å skaffe oss kunnskapar om forholda i andre land som vi ikkje ville kunne fått bare gjennom norsk og engelsk. Dei kan opne dører gjennom å omsette fag- og skjønnlitteratur frå disse språka til norsk. Dei kan bidra til å gjøre norsk kultur og litteratur kjent gjennom omsettingar frå norsk direkte til sine respektive språk. Dette kan dei gjøre anten dei blir buande i Noreg eller velger å slå seg ned i opphavslandet.

Dagens politikk med å fjerne morsmålsundervisning er eit brotsverk mot dei minoritetsspråklige. Samtidig er det mildt sagt dumt med tanke på kompetanseutvikling for det norske samfunnet. Kampen for morsmålsundervisning må bli mye meir offensiv og ta utgangspunkt i begge desse sidene.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no