Artikkel i Klassekampen, 29.02.1988

Mildrid Mikkelsen gjenvalgt i YLI

Mildrid Mikkelsen blei samrøystes gjenvald som leiar på landsmøtet til Yrkesskoleelevenes og Lærlingenes Interesseorganisasjon som blei avslutta på Nesodden videregående skole i går. Av SVEIN LUND, NESODDEN Hovudsakene på landsmøtet var del økonomiske nedskjæringane i skolen og nytt yrkesopplæringsprogram. «Målet må være å arbeide fram til en enhetlig, felles videregående skole som i hovedsak bygger på gymnasets tradisjoner. Det skal ikke gis fagutdanning, men en viss grad av yrkesforberedelse, og innslaget av allmennteori — dvs. generelle fag som norsk, fremmede språk, matematikk og naturfag — skal økes uavhengig av om disse kunnskapene er yrkesrelevante. I en viss utstrekning skal prioriteringen av slike kunnskaper skje på bekostning av yrkesfaglige kunnskaper.» Dette var ikkje eit sitat frå eit vedtak på YLI sitt 19. landsmøte. Tvert om blei det brukt som illustrasjon på kva slags idear YLI vil kjempe mot. Sitatet ovafor er derimot frå Kay Olav Winther, tidligare skolesekretær i LO, nå direktør i Rådet for Fagopplæring i Arbeidslivet.

Samanslåing

— Situasjonen i skolen i dag heng nøye såman med situasjonen i arbeidslivet forøvrig, sa Berit Knudsen som lørdag innleia til diskusjon om yrkesopplæringsprogram for YLI. Det blir større behov for fleksibel arbeidskraft, og i følge Gunnar Berge behov for fleire arbeidslause. Derfor får vi ei undergraving av fagskilla, og med det fagutdanninga, sa ho og la fram eit eksempel på kva skolestyresmaktene nå pønskar på; ei samanslåing av grunnkurs i husstellfag og helseog sosialfag.

Når linjer blir slått såman, fleire ålmennfag putta inn og samtidig timetalet skore ned, må resultatet bli dårligare yrkesutdanning. Det ser ein og ved at nokre gunnkurs nå bare blir godkjent som fem månaders fråtrekk i læretida.

Det blei ein ivrig debatt etter innleiinga, og det var delte meiningar, om nytta av å få fleire ålmennfag og av å ha kombinerte to-årige grunnkurs. Landsmøtet gikk samla inn for at treårig yrkesutdanning og fagbrev skal gi kompetanse til høgare utdanning som er relevant for faget, mens ein med knapt fleirtal vedtok å gå prinsippielt mot to-årlge grunnkurs som kombinerer yrkesfag og ålmennfag. I yrkesopplæringsprogrammet blir det bl.a. krevd at fagskillene skal oppretthaldas, at både elevar og lærarar skal utplasseras i arbeidslivet og at lærarane si lønn blir kraftig forbedra. Landsmøtet gikk mot inntektsavhengig tilbakebetaling av studielån og krevde istaden at renta på studielån blir satt ned til 6 prosent.

YLI og fagrørsla

I LO sin hilsingstale til landsmøte blei det sagt at LO nå vil gi tilbod om medlemskap til skolelevar. Men dette blei ikkje særlig godt mottatt. Derimot bør lærlingar organisere seg i LO, seier YLI, som gjentok tidligare vedtak om at fagrørsla bør vere partipolitisk uavhengig.

Jentenes landsmøte

På YLI-landsmøtet i fjor var jentenes situasjon i skolen eit hovudemne, og det har og vore ei høgt prioritert oppgåve i året som har gått. Resultatet var ikkje vanskelig å sjå. Mens det er eit fleirtal av guttar på dei skolane YLI organiserer, var det av delegatar og observatørar på landsmøtet 65 prosent jenter. Likevel blei det påtalt at guttane lett dominerte talarstolen, og det så ut til å hjelpe.


Til startsida

sveilund@online.no