Debattinnlegg i Finnmark Dagblad, 14.11.2011

Midnattsol over samisk skolesituasjon?

I eit innlegg i Finnmark Dagblad 08.11.2011 hevdar Odd Mathis Hætta at det er like stor forskjell på samisk språk- og skolesituasjon for 50 år sidan og no som mellom mørketid og midnattsol.

Eg skal på ingen måte nekte for at stoda for eit halvt hundreår sidan var svært mørk på dette området. Heller ikkje for at det har skjedd store framsteg. Men er ikkje heilt med lenger når han framstiller det som om dei siste 20 åra har sola nærast skint frå skyfri himmel døgnet rundt over skolen for samiske elevar. I snart eit tiår har eg vore med på å samle inn materiale om samisk skolehistorie, både frå fornorskingstida og frå seinare år. Om vi held oss til tida etter opplæringslova av 1998 har det på eine sida formelt sett vore undervisning på samisk for samisktalande elevar og undervisning i samisk for alle samiske elevar som har ønska det. Likevel er følgande situasjonen i 2011:
- Det manglar samiskspråklige lærebøker i mange fag og trinn for grunnskolen og i dei fleste fag for vidaregåande skole.
- Det manglar fullstendig norskspråklige lærebøker etter samisk læreplan.
- Elevar med samisk som førstespråk får likevel alle andre fag på norsk om dei bur utafor forvaltningsområdet.
- Dei aller fleste elevar med samisk andrespråk oppnår ikkje målet med undervisninga, nemlig å bli aktive brukarar av samisk språk.
- Mange elevar som har ønska samiskundervisning har ikkje fått det.
- Ein stor del av samiskundervisninga skjer med ukvalifiserte lærarar.
- Talet på elevar som får undervisning i samisk går stadig nedover.
- Norske elevar lærer framleis svært lite om samiske forhold på skolen.

Her vil eg oppmode lesaren til å lese dei 8 punkta over om igjen, og legge inn "norsk" overalt der det står "samisk". Ville vi nordmenn og skolemyndighetene våre godtatt ein slik situasjon? Det kan diskuterast om ein skal kalle desse forholda for undertrykking, rasisme eller noko anna, men rettferdig er det i alle fall ikkje. Heller ikkje midnattsol.

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.